Harmoni (II)

Eigar1960 Brødrene John og Halfdan Jakobsen og P/R Polstjerna, Tromsø.
1966 Sameiet Harmoni, Tromsø
1974 P/R Harmoni (Halfdan Jakobsen)
1989 P/R Harmoni (Karl Magnus Pettersen) Eidskjosen/Tromsø
1998 AS Harmoni, Tromsø (Sigfred Figenschou, Aud Kirsti Hansen, Knut Karlsen, Sigbjørn Espenes)
FartytypeSelfangar - ringnotsnurpar
Reg. merkeT 74 T
HeimehamnTromsø
ByggeverftA. M. Liaaen AS, Ålesund - bygg nr. 99
Byggeår1960
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår140,45 fot
Mål i lengde etter ombygging145,3 fot
Mål i breidde, byggeår30,1 fot
Mål i djupne, byggeår13,1 fot
Tonnasje492,49 brt 1960
497,38 brt 1982
Maskin, orginaltDeutz 1500 hk
SkipperarJohn Jakobsen (1969)
Kyrre Jakobsen (1988)
Karl Magnus Pettersen
Ombyggingar Verft1964 montert kraftblokk
1982 Fekk shelterdekk
2006 ombygd ved Skipsverft Nautia, Gdynia, Polen. Nytt overbygg, bysse og messe, ein del ominreidd under dekk.
Utfyllande opplysningar

Då «Harmoni» var ny i 1960 var den ikkje berre bygd for selfangst, men den var også rigga for tråling. I tillegg var den tidleg ute med kraftblokk.

Då skuta var ferdig frå verftet gjekk den nesten rett på fangst ved Newfoundland. Dei gjorde god tur og kom heim med ein last på 14.190 sel, og 2 isbjørn. Kroneverdien av fangsten var 806.700,-, best av alle på Newfoundland dette året.

«Harmoni» var i mange år hjelpeskip i Vesterisen, og den har hatt ulike seismikkoppdrag.

I 1969 vart «Harmoni» sendt til Aust-Grønland for å hente moskuskalvar til ein dyrefarm i Bardu. Seinare, i 1981, vart desse moskusane flytta til Ryøya like ved Tromsø, og stammen overlevde her heilt til 2018. Det var Universitetet i Tromsø som hadde ansvaret for desse moskusane, og føremålet var forsking.

I 1982 fekk «Harmoni» shelterdekk.

I 1987 bergar «Harmoni» mannskapet på fiskebåten «Torson» som hadde fått ein stor lekkasje i asdic-romet. Lekkasjen vart så stor at «Torson» sine lensepumper ikkje klarte å halde skuta lens. «Harmoni» kom til med fleire pumper. I tillegg kom kystvaktskipet «Stålbas» til, men det var ikkje råd å berge «Torson» som sokk med loddelast.

I 1989 vert «Harmoni» overførd til P/R Harmon ANS ved Karl Magnus Pettersen.

I 1992 grunnstøyter «Harmoni» på veg sørover til Lysøysund med loddelast. Dei gjekk seg opp på Olhåksaflua. Snurparen «Neptuges» og redningsskøyta «Ruth». Etter at slepetrossene rauk fleire gongar, lukkast det til slutt å drage «Harmoni» 7-8 meter av før sjøen fall for mykje. «Harmoni» lak nokså mykje og «Harmoni» sine eigne lensepumper greidde ikkje ta unna. Dei fekk om bord fleire pumper frå land, og to pumper frå redningsskøyta. Med denne hjelpa klarte ein å tøme maskinromet for vatn. På neste flo greidde dei å drage «Harmoni» av, men det vart oppdaga lekkasje fleire plassar. Redningsskøyta «Jørgen Amundsen» som hadde kome til meinte at lasten til «Harmoni» måtte ut for å lette skuta. Fiskebåten «Senior» kom til og pumpa ut om lag halve lasten frå «Harmoni» før «Jørgen Amundsen» slepa «Harmoni» til Bodø.

I 2006 vert «Harmoni» ombygd ved Nautia verft, Gdynia, Polen. Skuta fekk her nytt overbygg. Elles vert den ominnreidd også under dekk.

Siste året «Harmoni» var på selfangst var i 2005.