Havfruen

Andre namnHavfruen I (1913) - Bognes (1947)
Eigar1879 P.T Søholdt, Ørskog
A/S Laurits Madson
1899 Nils S. Brandal, Brandal
1900 Ole S. Brandal, Brandal
1903 Laurits S. Brandal, Brandal
1910 Laurits S. Brandal og Hans Koppernæs
1913 Laurits S. Brandal og Peter S. Brandal
1918 Lars Ask, Ålesund og Jan Hess, Buskøy
1920 Jan Hess
1923 Aalesunds Kreditbank
1923 Lars Ask
1926 Johan N. Emblemsvåg
1947 Erling Vågsholm og Jørgen Vågsholm, Åsestranda
1948 Erling Vågsholm
1968 Thoralf Stephhansen og Oddmund Larsen, Hammerfest
Reg. merkeH 22 A (Askøy 1920)
M 300 A (Ålesund 1923)
M 157 B (Borgund 1947)
M 157 A (Ålesund 1968)
HeimehamnBrandal
ByggeverftJens Hammerås, Vestnes
Byggeår1879
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,9 fot
Mål i lengde etter ombygging65,2 fot 1910 - 67,1 fot 1913
Mål i breidde, byggeår19,1 fot
Mål i breidde etter ombygging19,8 fot 1910 - 19,6 fot 1913
Mål i djupne, byggeår8,1 fot
Mål i djupne etter ombygging6,7 fot 1913
Tonnasje36,37 brt 1879
49,30 brt 1913
64 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1913 Alpha 36 hk -1930-åra Hansa 50 hk - 1948 Sâffle 120 hk - 1960 Union 240 hk
SkipperarNils S. Brandal
Ole S. Brandal (1900-1902)
Laurits S. Brandal (1903-1915)
Knut Vartdal (1911)
Johansen (1919)
Ombyggingar Verft1910 ombygd
1913 ombygd, Wiig & Olsen, Fagervika, Ålesund
ForlistForliste 25. februar 1969 i Persfjord
Utfyllande opplysningar

Første gong på selfangst i 1900.

Saman med “Minna” hadde “Havfruen” i 1900 70 døde og 10 levande isbjørn med seg heim etter selfangsten i Vestisen og ved Aust-Grønland. Dei hadde også 5 levande moskus og 45 døde. Det vekte stor åtgaum i Ålesund då dei to Brandal-skutene kom heim. Desse levande dyra var det få sunnmøringar som hadde sett før, og brandølingane heldt utstilling i sjøbuda til S. J. Godø. Pressa skildra utstillinga slik: “Det var interessant at se så megen fangst fra et par små fartøier, særlig disse sjeldne moskusdyr, og vi tror, at udstillerne havde fået mange flere besøgende om entreen ikke havde været fuldt så høj. Bjørnene skal nu være solgte til Antwerpen og blir afsendt herfra med det første.”

1901 er “Havfruen” med å berge mannskapet på “Norrøna” som forliser under kvalrossfangst ved Grønland.

I 1908 er “Havfruen” i lag med “Sjøblomsten” og “Vesterisen” i lag og leverer post til Danmark-ekspedisjonen.

1916 er “Havfruen” på fiske ved Island. På heimtur blir dei stoppa ved Kapp Langenes, og får fransk prisemanskap og beorda til Lervik på Sjettland. Etter 2 døgn får dei reise heim.

1918 under sildefiske nyttårsaftan miste skuta propellen og segla rivna i stykke. Skuta heldt på å drive på land ved Hammarsundodden då fiskebåten “Njørd” kom til å fekk slepar på den og tok den inn til Kristiansund.

Forliste som hjelpar i loddefiske i Persfjord, Aust-Finnmark. Mannskapet teke opp av fiskebåten “Gryllefjord”.

Knut Vartdal, som var fangstmann på «Havfruen» i 1906, og seinare skipper, har fortalt denne soga om ein av dei kortaste fangstturane som nokon sinne har vorte gjort frå Sunnmøre.

Den 28 april 1906 gjekk «Havfruen», «Sjøblomsten», «Gunhild», «Rapp» og «Isrypen» frå Ålesund til Vesterisen. Den 14 mai kom vi over ein selflokk som låg på isen. Dei fem selfangarane gjekk i samfangst og gjorde klar til fangst om morgonen kl 6.- Alle dei lo skyttarane frå dei fem skutene med fangstmennene sine gjekk i fangstbåtane og rodde til flaket. Då dei kom til kanten av isstrimelen som selen låg på, synte det seg at heile isstrimmelen om natta hadde frose saman til ei heil isflore. Det var på grunn av smult hav og sterk kulde. Selen låg då midt inne på denne flora og hadde ikkje ringaste høve til å koma til sjøs.- Då fangstfolka vart klar over dette, gjekk alle mann på isen. Dei drog båtane opp på flora og gjekk med gevær og hakkapikar mot selflokken. Fyrst vart all ammunisjonen brukt opp. Då det ikkje var meir att av han, gjekk alle mann i gang med å slå i hel selen med hakkapikar.

Då klokka var 3 om ettermiddagen, var kvar einaste sel drepen.

Vi rekna med at det i alt var 12-15000 sel.

Etter at fangstfolka hadde vore ombord i fartya og fått seg mat, gjekk dei igang med å flå og drage fengda ombord. Det vart no noke dønning inngjennom isen og flora der selane låg, vart broten sund. På denne måten kunne fangstfartøya koma inn dit vi arbeidde og det letta mykje på når vi skulle taka skinna ombord. Men samstundes førde det også til at mykje av selen og dei flådde selskinna gjekk gjennom i isen og kom bort.

Vi arbeidde med å flå og å lasta inn til 17 mai.

Då var alle fem fartya fullasta oppunder lukene og vi tok fatt på heimturen.

Den 23. mai kom vi til Ålesund med fem fullasta skuter. Heile fengda av det som vart berga av oss, var 7000 dyr. Noko av det som låg att etter oss, tok seinare andre selfangarar opp, men mykje gjekk tapt då isen brotna opp.

 

LitteraturIsflaket