Hekla
Andre namn | Scotia (1902) |
Eigar | 1872 Søren Suur Svendsen 1883 N. Bugge, Tønsberg 1898 A/S Sæl- og Hvalfangstselskapet Hekla, Kristiania 1902 Scottish National Antarctic Expedition (William S. Bruce) 1905 Robert Kinnes, Dundee 1913 Husonis Bay Company |
Fartytype | Selfangar - ekspedisjonsskip |
Heimehamn | Tønsberg - Edinburgh |
Byggeverft | Jørgensen & Knudsen, Drammen |
Byggeår | 1872 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 139,6 fot |
Mål i breidde, byggeår | 28,9 fot |
Mål i djupne, byggeår | 15,6 fot |
Tonnasje | 357 brt |
Maskin, ny | Nylands MV 45 hk damp1902 320 ihk |
Skipperar | Anders Marcussen H.H. Sundene P. H. Evensen L. Støkken J. Nielsen Ragnvald Knudsen C. Bryde L. Christensen Tam Robertson |
Anna | Kom i brann og sett på land ved Sully Island 18. januar 1916 |
Utfyllande opplysningar | Kaptein Ragnvald Knudsen kom i 1889 med «Hekla» gjennom isbaksen og inn til kysten av Nordøstgrønland, og dermed opna denne vegen for ei rekkje norske fangstekspedisjonar til desse områda. Då hekla kom seg inn i 1889 var austkysten av Grønland eit ganske ukjent område, som berre hadde hatt besøk av nokre veldig få vitskapelege ekspedisjonar. Kaptein Knudsen kom opp under Hold with Hope og dreiv fangst, særleg av kvalross, heilt opp til Shannonøya. I 1891-92 overvintra kaptein Knudsen med «Hekla» i Scoresbysund med den danske Ryder-ekspedisjonen. I 1893 dreiv han fangst i Grønlandsstredet og observerte då to nye fjordar på Blossevillekysten. Dette var starten på den norske fangstverksemd på Aust-Grønland – både i syd og nord. Utifrå kaptein Knudsens pioner arbeid utvikla denne verksemda seg. |