Helga

Andre namnTrysil 1875
Eigar1875 AB Mölnbacka-Trysil, Karlstad
1880 L. A. Gäthlin, Karlstad
1883 Anton Holmboe, Vardø
1888 M. W. Holmboe & Søn, Tromsø
1890 J. Schjoldborg, m/fl. Kristiania
1890 A. Vassbotten, Florø
1893 Elias Olsen, Florø.
1900 Carsten Allers m/fl. Bergen.
1904 A/S Helga. (Mikal Knutsen, Ålesund, Hans P. Mittet og Andrew Olsen) kjøpt for kr. 15.000,-
FartytypeSelfangar
HeimehamnKarlstad - Vardø - Tromsø - Florø -Ålesund
ByggeverftCarlstads Skeppsvarv, Karlstad, Sweeden
Byggeår1875
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår97,2 fot
Mål i breidde, byggeår22,2 fot
Mål i djupne, byggeår10,3 fot
Tonnasje159,6 brt
Maskin, orginalt2 cyl. Kristinehamns MV, 20 nhk
Maskin, nyDamp
SkipperarJohan E. Hareide (1905)
Laurits Vartdal (1906)
Sigvald Brandal (1909-1911)
ForlistForliste i Danmarkstredet 6. juli 1911,
Utfyllande opplysningar

“Helga” var av dei første som brukte snurpenot i staden for garn etter sild ved Island. Dette var i 1904. Ikkje mange år etter var dette heilt vanleg. Det var skipper Johan E. Hareide som hadde stor tru på dette og overtala reiarane av “Helga” til å prøve.

Skipper Sigvald Brandal med ishavsskuta ”Helga” starta i 1911 den norske fangsten inne i Kvitsjøen. Han slo seg gjennom isen og kom seg inn til selkastet. Då etterspørselen etter pelsverk kom nokre år seinare, var det Sigvald Brandal si erfaring som gjorde at skutene i 1918 gjorde eit nytt forsøk på å kome seg inn i ismassene i Kvitsjøen for å fange dei nykasta (nyfødde) grønlandsselungane. Dette lykkast dei godt med, og det var starten på meir enn 20 år med eventyrleg fangst (og fryktelege forlis) i Kvitsjøen.

Etter ein vellukka tur til Kvitesjøen i 1911 går turen til Stretet der det også er god fangst. 2. juli går skuta utfor kanten og møter der grov sjø. Då store delar av fangsten, omlag 800 av 1800 klappmyss framleis ligg på dekk for avspekking, finn dei det best å snu innatt i isen for å spekke å platte ned skinna. Dagen etter frisknar vinden og isen sette seg i bevegelse. Dei legg oljefat og treplankar langs skutesida då isen byrja å skru. Dagen etter vert skuta skrua litt opp og får noko skade på babord. 5. juli brotnar roret i skruinga, men dei lukkast med å reparere dette. Skruinga fortset og dei får hol i skuta på baugen, styrbord side. Men heldigvis er holet høgt på sida, og dei tek ikkje inn vatn. Ut på ettermiddagen slaknar isen brått av, og dei klarer å snu skuta og sakte men sikkert greier dei å bauge seg utover mot kanten. Med berre 300 meter igjen til kanten kjem ein is og bryt av propellakslingen i hylsa. Då har dei ikkje lenger styring på “Helga”, og den vert då eit lett bytte for isen i dei kraftige dønningane i iskanten. Det er ikkje snakk om at dei klarer å berga skuta slik. Det vert signalisert til “Brandal” som ligg utfor kanten at “Helga” må forlatast. Fangstbåtane vert sette ut og mannskapet går frå borde. Dei brukar årane og jobbar seg mot kanten i svære dønningar toppa med isflak. Natt til 6. juli er dei framme ogkjem seg ombord i “Brandal”. Her er også mannskapet frå “Union” som hadde forlist to dagar tidlegare.

LitteraturAlme: Ishavsfolk si erfaring - Ottesen: Ishavsskuter II