Hird

Eigar1920 P/R Petter L. Røbæk, Mauseidvåg
1927 August Hansen, Troms , Peder Sulebakk, Hermann Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk alle Sula.
Reg. merkeM 114 B
HeimehamnSula
Byggeår1910
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår48 fot
Mål i breidde, byggeår14,5 fot
Mål i djupne, byggeår7,5 fot
Maskin, orginaltBolinder 40 hk
SkipperarAugust Hansen (1927)
ForlistHavarerte under opplag 27.08.1927
Utfyllande opplysningar

”Hird” ekspedisjonen 1927 – 1929 til nord-aust Grønland.

”Hird” var ein liten fiskebåt frå Mauseidvåg på 49 fot. Den hadde ein 40 hk. Bolinder motor. Det var seks karar som hadde gått saman om å kjøpe denne båten, og formålet var overvintring på Aust-Grønland. Dei seks karane var; August Hansen, Peder Sulebakk, Herman Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk.

 

  1. juli 1927 legg båten til kai i Ålesund for å få om bord det siste av utstyr før dei kunne gå ut. Dei var søkklasta med utstyr, dekket låg helt i vatn, og dei hadde med materialar til å bygge to fangsthytter.

 

Medan dei låg i Ålesund kom skipskontrollen og politi på kaia. Dei hadde fatta interesse for denne skrale båten som låg der søkklasta. Skipskontrollen kravde til slutt at skuta måtte lossast og settast på slipp for nærare kontroll. Dette likte ikkje karane, skuta var skral, og dei rekna ikkje med at den ville stå for ein kontroll. Skipskontrollen tok så med seg medisinkista på land for å hindre at karane på ”Hird” skulle stikke til havs. Det vart også sett sivil politivakt på kaia. Men karane på ”Hird” kunne ikkje gi seg no!

 Dei hadde satsa alt dei eigde på denne ekspedisjonen, eventyrlysta var også stor og dei hadde heller ikkje midlar til ei slippsetting. Ikkje hadde dei tid heller, sommaren er kort på Aust-Grønland og dei måtte kome seg gjennom isen før det var for seint. Karane diskuterte saka og vart samde om at dei ville gå uansett, løyve eller ikkje.

I løynd går mannskapet ein etter ein rundt på apoteka i Ålesund og får kjøpe det mest nødvendige til ei ny medisinkiste. I ly av det vesle nattemørke som er passar dei på når politivakta tek ein runde på kaiene, dei kastar laust og går for full maskin ut av hamna i Ålesund ved midnattstider.

 Det gjekk bra med dei over havet og den 25. juli kjem dei under land ved Kap Mary. ”Hird” karane bestemmer seg for å gå til Kapp Herschell og setje opp hus der på syd kysten av Wollaston Forland. Seinare reiser dei tilbake til Claveringsøya og set opp hus der også. Dei fordelar seg med tre mann på kvar stasjon.

 Dei legg båten i hamn på nordvestsida av Finchøya. Der fortøyer dei godt med to anker og fleire vaierar, tek ned all lausrigg og gjer skuta klar til vinteropplag. 16. august kjem dei første kuldegradene og dei ventar på at skuta skal fryse inne.

Men så, i slutten av august, kjem eit forrykande uver med sterk storm som heldt på å skylje fangststasjonen på Claveringsøya på sjøen. Då stormen hadde løya og dei skulle inspisere ”Hird” var det eit trist syn som møtte dei. Skuta hadde slite seg i uveret, og drive på land og havarert. Heile skutesida var slegen inn og det var uråd og reparere. Skuta sokk seinare her.

 Karane frå ”Hird” ekspedisjonen gjorde ein god fangst. Sjølv om dei miste skuta, som ikkje var forsikra, hadde dei eit bra overskot etter turen. Dei hadde 348 dyr, forutan levande ungar av bjørn og moskus. Dei kom heim med ”Veslekari” i 1929, bortsett få August Hansen som fann seg skyss heim med ein annan farkost i 1928.

 Men så var det denne medisinkista til ”Hird”. Denne medisinkista som skipskontrollen hadde teke beslag i så ikkje ”Hird” skulle kunne stikke til havs. Ein skulle tru at etter alle desse åra så var den tapt for alltid.

Men så, i januar 2005, dukka denne kista opp i Hjørungavåg. Forklaringa må vere at skipper Olaf Torsen Nedrelid har kome over denne kista med skipskontrollen i Ålesund, og fått overtatt den til ein av båtane han disponerte.

«