Hisø

Eigar1908 A/S Hisø Fiskecompagni (N.B. Thorsen), Kolbjørnsvik
1911 A/S Elf (S. Th. Sverre) Kristiania/Ålesund
1916 Aalesund Fangst ( Fiske (S.Th. Sverre og Oscar Larsen) Ålesund
1928 Edward & Iver Larsen, Ålesund
1931 A/S Sælfangst & Havfiske (Elling Aarseth, Edvard Leira og Peder Andresen)
1939 Rieber & Co. A/S Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 72 A (1920)
M 156 VD (1931)
T 16 T (1939)
HeimehamnÅlesund - Vartdal - Tromsø
ByggeverftHarald Kallevig, Hisøy pr. Arendal
Byggeår1908
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår84,4 fot
Mål i lengde etter ombygging90,7 fot
Mål i breidde, byggeår22,7 fot
Mål i breidde etter ombygging23,4 fot
Mål i djupne, byggeår9,6 fot
Mål i djupne etter ombygging12,2 fot
Tonnasje112,03 brt 1908
122,39 brt 1925
136,46 brt 1950 etter ombyggingar
Maskin, orginaltPusnes MV comp. 50 ihk
Maskin, ny1925 Skandia 200 hk - 1941 Wichmann 4 syl. 240 hk - 1955 Wichmann 4 syl. 320 hk
SkipperarKnut Johansen (1914)
Johan Olsen (1911-1914 0g 1921)
Isak Notø (1915)
Karl Jørgensen (1916)
Hans Furland (1917)
Rødset (1918)
Hans Furland (1919-1920)
Johan Overå (1935)
Eivind Olsen (1952)
Ombyggingar Verft1924 akterskipet ombygd og dampmaskina teken ut
1950 modernisert og omfattande ombygging ved G. Ottesen, Sagvåg. Nesten alle spant vert skifta og skuta vert forlengd, får ny hud, ny garnering og nytt overbygg
KondemnertKondemnert og søkt i Veggefjorden i Troms 3. august 1981
Utfyllande opplysningar

Første tur i isen med “Hisø” er i 1911 då dei er på sel- og kvalrossfangst på Vest-Grønland.

I 1912 er “Hisø” også på Vest-Grønland og kjem heim med 200 kvalross og 23 isbjørn, derav 4 levande som vart selde til Hamburg for 500 mark for stykket.

I 1921 er “Hisø” på kvalrossfangst i Baffinbukta, Nordvest ved Grønland.

I 1928 plukkar “Hisø” opp mannskapet frå den forliste skuta “Polarhavet” i Kvitesjøen. I september landsetter “Hisø” og “Sæl” folk ved Cap Heller der Paul Bjørvik og Bernt Berntsen hadde overvintra 1898-99.

I 1929 vert “Hisø” leigd av Fiskeridirektoratet til å gjere undersøkingar kring Frans Josefs land og Bjørnøya. Thor Iversen er leiar.

I 1930 bergar “Hisø”, i lag med fleire skuter, mannskapet på “Islys” som forliser ved Kapp Orlov i Kvitsjøen.

I 1931 går “Hisø” 2 turar til Grønland på kvalrossfangst. Første tur varer frå 1. april til 7. juli, og den andre turen frå 22. juli til 20. sept. Turane går til Davidstredet. Fangstresultat på første tur var: 35 tonn huder og 40 tonn spekk av 350 kvalross og nokre storkobb, vidre 370 kg tenner og 6 levande kvalrossungar.  Neste tur blei bomtur: 1 tonn laks og 4 levande isbjørn.

I mai 1937 grunnstøytte “Hisø” i tjukk skodde på veg til Stretet, like sør for Kapp Langanes på Island. “Veslemari” var i lag med “Hisø”, og på andre forsøk lukkast dei med å drage “Hisø” av. Skuta hadde fått litt lekkasje, og går inn til Island for reparasjon.

Under selfangst i Vesterisen i 1938 tok “Hisø” og “Furenak” opp mannskapet frå ishavskuta “Isfjell”. “Isjell” hadde då mista propellen under storm/orkan, og var i ferd med å søkke då mannskapet gjekk på isen. “Isfjell” flaut då på dei tome spekktankane og blei seinare funne av Ingvald Svendsen og slept skuta til Norge.

I 1940 hadde “Hisø” ein uvanlig hendelse. Skuta låg på fangst i Vesterisen ved krigsutbrotet. Som ein del andre skuter, forsøkte den å kome til Svalbard. (Etter at skipperane på ein del av skutene, hadde vore samla til råd) “Hisø” blei forhindra av tjukk skodde. Og ved Sørkapp dukka den tyske hjelpekryssaren “Normark” opp og vende kanonene mot Hisø. Tyskaren var kamuflert som “Thorshøvdi” av Sandefjord. Mannskapet blei kommandert ombord i krigsfartyet og dei begynte å slepe “Hisø” tilbake til Vesterisen. “Normark” fekk skade i isen, og måtte reparere skada i isen. Mesteparten av mannskapet blei holdt ombord i “Normark”. Mannskapet fekk god behandling, mat, øl, tobakk og betaling. Dei fekk i oppgåve å skrelle ei og ei halv tønne poteter kvar dag. Dei fekk også rik anledning til å spekke av skinna. Etter å ha opphalde seg ombord i “Normark” i 7 veker blei mannskapet sett av i Trondheim. Lasten vart lossa i Ålesund.

3. juni 1943 grunnstøyter “Hisø” ved mandal på veg frå Sauda til Holmestrand med ein last rujern. Etter vel eit døgn lukkast dei med å få skuta av igjen, ved hjelp av bergingsbåten “Ulabrand”.

4. februar 1944 er “Hisø” på sildefiske, og er på veg frå Knarrevik til fiskefeltet med lanternene tende. Då dei passerer Knatten og har Hjelteskjeret tvers om styrbord, oppdaga dei på brua konturana av ein båt som var mørklagd. Dei rekna med dette var ein tysk vaktbåt, og til vanleg bruka desse å ligge stille. “Hisø” dreia styrbord, men dei oppdaga då at den tyske vaktbåten kom på kollisjonskurs. “Hisø” slo full fart akterover, men før dei fekk gjort noko meir rende vaktbåten “R.E. 11” med baugen rett inn i babord side på “Hisø”. Vaktbåten gjekk ei runde rundt “Hisø” før dei forsvinn i natta. “Hisø” fekk ein del skader og må tilbake til Knarrevik å reparere.

Under sildefiske i februar 1946 får “Hisø” ei mine i snurpekastet. Dei skar den ut av nota, festa den i eine notbåten og varsla Marinen.

I 1949 må “Hisø” bryte av i Vesterisen og vert slept heim av “Uller” grunna maskinskade.

I 1956 har dei berre så vidt kome i gang med fangsten då propellakslingen brotna 28. mars. Hjelpeskipet “Salvator” kjem fram 31. mars og får slepar på “Hisø”, og sleper dei til Jan Mayen der “Uller” kjem og tek over slepet.

I November 1959 får “Hisø” innslegne alle rorhusruter i storm på veg til linefiske ved Bjørnøya. Skuta får no nytt overbygg.

Etter store skadar under isskruing i Vesterisen 1981 vil det vere lie lønsomt å reparere skuta, den vert så kondemnert og søkkt i Veggefjorden 3. august 1981.

 

LitteraturTrygve Nordanger: "Dramaet i Nord-Atlanteren". Gunnar Isachsen: "Grønland og Grønlandsisen" Guunar Isachsen: "Norske Fangstmænds Færder til Grønland"