Hjelma
Andre namn | Selhav 1954 - Polarfangst 1957 |
Eigar | 1921 Johan Cedolfsen, Tromsøysund 1935 P/R Hjelma (Karl Ophaug) 1939 Aage Kræmer og Hagerup Olsen 1949 Hagerup Olsen og Kristian Olsen,Tromsø 1955 Søren Isaksen, Tromsø 1957 Morten Isaksen, Tromsø |
Reg. merke | T-12-TD T-86-T T-423-TD |
Heimehamn | Tromsø |
Byggeverft | Johan Bakke båtbyggeri, Rognan |
Byggeår | 1908 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 43,3 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 45,3 fot 1943 - 53,3 fot 1949 |
Mål i breidde, byggeår | 16 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 15,8 fot 1943 - 17,3 fot 1949 |
Mål i djupne, byggeår | 8 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 6,5 fot 1943 - 7 fot 1949 |
Tonnasje | 19,86 brt 1935 17,61 brt 1943 35,08 brt 1949 |
Maskin, orginalt | Bolinder 15 hk |
Maskin, ny | Levahn 32 hk - 1949 Union motor 60 hk |
Ombyggingar Verft | 1949 Forlengd, nytt dekkshus |
Forlist | Forliste 15. august 1960 ved Storøya på Svalbard |
Utfyllande opplysningar | «Hjelma» hadde hatt eit langt liv før den går på selfangst første gong i 1945. På denne første turen gjekk dei til Nordisen og Tusenøyane. Fangsten på første tur vart 51 storkobb, 1 kvalross, 10 snadd og 33 isbjørn. I tillegg hadde dei 100 kg dun. Med unntak av 1949 var «Hjelma» på selfangst kvart år fram til den forliste i 1960. I 1949 hadde den blitt forlengd og blitt ombygd. I 1951 får «Hjelma» propellskade i Austisen då ein blåis slår inn mellom propellen og roret. Eine propellvengen og bakerste del av propellhovudet ramla av. «Hjelma» segla ut av isen, men fekk vidare assistanse av «Godønes» som slepte dei heim. I 1955 skifte skuta namn til «Selhav», og i 1957 vert den «Polarfangst». I april 1958 er «Polarfangst» i Austisen då det den 10. april bles opp til sterk kuling frå sørvest med stor dønning. «Polarfangst» søker ly bak ein odde med fast is. Her vert dei liggande faste i lag med fleire andre skuter. Dagen etter kjem «Askelad 1» og hjelper fleire av dei ut av isen. «Askelad 1» tek slepar på «Polarfangst», men isen vert tettare og tettare. «Askelad 1» har kraftig maskin, men må snart gje opp. Dei surra då dei to skutene saman med baugen på «Polarfangst» klin i akterenden på «Askelad 1» for å nytte begge maskinene. Men isen var teit. Dei bakka litt og tok fart med full kraft framover igjen. Slik heldt dei på fleire gongar før ein brått høyrde eit kraftig smell frå roret på «Polarfangst». Ei tid etter lystra ikkje roret i det heile, og begge skutene hadde fått hard medfart frå bauginga. «Polarfangst» hadde no trong for slep heim. 12. april fekk dei også kontakt med «Lance». Dei hadde fått knekt botnramma i den same skruinga og hadde også behov for slep attende til Noreg. Redningsskøyta «Therese Klaveness» kom til å tok begge havaristane på slep. Midtveis til Noreg kjem også redningsskøyta «Olav Ringdal jr» til å tek over slepet av «Polarfangst».
|