Hjelmen I

Andre namn"Veslemøy" 1932
Eigar1917 Svein Hamnæs, Ole Snekvik, Jonas Aasgaard og Martinus Gjøvik, Åsgård på Nordmøre.
1928 Olaf Eriksen og Theodor Grødahl, Tromsø
1931 Sælfangst og Havfiske AS, Ålesund
Reg. merkeM-9-AS
T-47-T
M-282-A
HeimehamnÅsgard - Tromsø - Ålesund
ByggeverftSnekkvika på Nordmøre
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår101,3 fot
Mål i breidde, byggeår22,6 fot
Mål i djupne, byggeår10,1 fot
Tonnasje163,1 brt
161,93 brt etter ei ombygging i 1931.
Maskin, orginaltØrens mek 130 hk.
SkipperarAnton Kvernberg
Peder Andresen (1932)
ForlistForlist i Kvitsjøen 25. april 1932
Utfyllande opplysningar

Skuta er teikna av John Børve i Kristiansund. Namnet «Hjelmen» kjem frå eit fjell innerst i Åsgardsfjorden og er kanskje noko uvanleg namn på ein båt, men ikkje meir enn at når skuta var ny så var namnet opptatt på ein annan båt, og dermed fekk denne skuta namnet «Hjelmen I».

«Hjelmen I» vart brukt til fiske og fraktfart, og på selfangst frå 1929.

Etter selfangst i Kvitsjøen i 1929 kom dei heim med 1600 sel etter ein hard tur. 3 gongar hadde mannskapet pakka sakene sine og førebudd seg for å gå på isen.

1931 er også eit vanskeleg isår, og skuta ligg mykje fast i isen. Bergar mannskapet på «Ishavet» som forliser 12. april og kjem seg ombord til «Hjelmen I» etter 4 timers gange over isen.

I desember 1931 vert skuta seld til Ålesund og endrar namn til «Veslemøy». Under dette namnet får skuta ei kort levetid, den forliser 25. april 1932 i Kvitsjøen. Framleis med namnet «Hjelmen I» på rorhuset, men med nytt reg.nr på skutesida. Mannskapet vert plukka opp av «Polarbjørn».

«Veslemøy» fekk problem i Kvitsjøen 22. april og vert liggande fast i isen. Skruinga aukar på og mannskapet prøvar med dynamitt for å løyse isen langs skutesidene, men til inga nytte. Omlag kl. 13.00 same dag bryt isen hol i begge skutesidene på «Veslemøy», men dei greier så vidt å halde skuta lens med alle tilgjengelege pumper. Dei har ingen norske skuter i nærleiken, og dei prøvar derfor å tette hola i skutesidene. Dei høgg vekk garnering og litt av spanta for å prøve tette med drev, tjøre og plankebitar. Men det hjelp lite, holet er stort og vatnet fossar stadig inn. Dei høgg hol i vaterbordet i dekk for å prøve kome ned mellom spanta.

Dei prøver å presse ned spekka skinn, mjølposar, stuerten si brødeig og mangt anna, men ingen ting hjelp noko særleg.

Men ut på ettermiddagen slaknar isen så pass at dei kan  rusle med sakte fart mot iskanten i håp om å finne andre skuter. Mannskapet held fram med å prøve tette, og dei som ikkje jobbar med dette lensar. Om morgenen 23. april får dei auge på «Polarbjørn» og naudsignalet vert straks heist opp. Til nattaslaknar isen enno meir og dei baugar seg sakte i retning «Polarbjørn». Lekkasjen vert brått verre og dei må legge stilt. Skipperen sender to mann på isen for å gå over til «Polarbjørn» og berette om alvoret og be om strakshjelp. 25. april frisknar vinden og «Veslemøy» driv mot Lutke bank. «Polarbjørn» baugar det dei klarer mot havaristen og i seks-tida på morgenen er dei kome ganske nær. Dei prøvar no også å berge ein del av fangsten på 1800 sel frå «Veslemøy» i tillegg til ein del proviant. Mannskapet forlet havaristen klokka 09, då står vatnet over maskintoppane, og eit par timar seinare sokk skuta på vestsida av Lutke bank.

Havaristane vert ombord i «Polarbjørn» til 5. mai då «Furenak» som er på veg heim kjem og tar dei med heim til Noreg.