Hvalbarden

Andre namnBlankisen (1919) Bjogna (1920)
Eigar1919 Kristian Aarnes og Arne Lund, Kristiansund
1920 Bank
1920 D/S A/S Bjogna (Julius Loennechen, B. Heide, Chr. Johnsen, Nicolay Volckmar) Kristiansund
1921 Kristiansunds Kreditbank kr. 35.100
1921 A. Johansen
1924 Roalds Sønner A/S, Ålesund. (Elias Roald, Severin Roald, Conrad Roald og Oscar Roald) kr. 85.000
1924/25 A/S Sælbarden (Paul Lillenes og Enok Svendsen) kr. 93.000
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 25 K
M 84 K
M 133 A
M 82 HØ
HeimehamnKristiansund - Ålesund - Herøy
ByggeverftAnders Kvande, Snekkvik, Nordmøre
Byggeår1919/1920
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår119,9 fot
Mål i breidde, byggeår25 fot
Mål i djupne, byggeår12,7 fot
Tonnasje260,77 brt
300 brt etter ombygging
Maskin, orginaltTriple exp. Cooper & Grieg (Dundee) 280 hk
SkipperarPaul Lillenes (1924-1926)
Tidlegare namn"Blankisen" 1919 - "Bjogna"
ForlistForliste i Kvitsjøen 27. mars 1926
Utfyllande opplysningar

Hadde namnet «Blankisen» berre i byggetida. Tingarane, skipper Kristian Årnes og meklar Arne Lund i Kristiansund, hadde ikkje økonomi til å overta skuta, og den vert overførd til A/S Bjogna.

Bygginga starta i 1917, den vart sjøsatt i 1919 og overlevert i 1920. Skuta var teikna av John Børve.

Då «Bjogna» kom til Sunnmøre i 1923 var den største ishavsskuta som hadde høyrd heime på Sunnmøre så langt.

Med nye eigarar i 1924 endrar båten namn til «Hvalbarden». Den skulle også drive kvalfangst på Vest-Grønland. Første turen dit var i 1924, og utbyte vart 280 fat med kvalolje.

I 1925 hadde «Hvalbarden» rekordtur i Kvitesjøen med 8800 sel.

Året etter, i 1926, skulle det ende med forlis. Dei kom i fangst 5. mars. Fangstinga gjekk greitt, sjølv om det hadde vore nokre dagar med isskruing som hadde pressa på skuta både i baugen og akter. Rorstamma hadde blitt vridd, men ikkje meir enn at dei kunne bruke styringa som fungerte greitt.

25. mars starta dei med å gå innover til Kapp Orlov. Isen var delvis slakk og dei gjekk med full fart for å kome klar grynnene i området. Men då skuta styrte fram mellom to store isflak, gjekk desse brått saman og skuta støytte hardt i mot. Ingen registrerte noko umiddelbar skade, men ei stund etter oppdaga dei at «Hvalbarden» tok inn vel mykje vatn. Dei observerte «Hisø» i aust, og kursa dit i tillfelle dei skulle få bruk for assistanse. Det vart avtala at «Hvalbarden» skulle legge seg i kjølvatnet etter «Hisø» for å få assistanse på turen heim til Norge. Men rundt midnatt gjekk «Hvalbarden» seg på grunn på ein sandbanke. Medan dei stod på grunn her så fekk dei gjere undersøkingar på kvar lekkasjen kom frå. Dei oppdaga då at dei hadde fått eit hol i skutesida på styrbord rett bak baugklavane, tre fot under vasslinja. Holet var 8 tommar breidt og 20 tommar langt.

Morgonen etter fløydde skuta av grunn, dei fortsette fangstinga. Men på ettermiddagen 26. mars var skuta så lekk at dei ikkje lenger makta å halde ho lens. Naudsignalet vart heist i bakmasta, mannskap og båtar vart tekne ombord, og dei styrde i retning av «Hisø». Ein time seinare hadde vatnet stige så mykje i maskinrommet at det ikkje var råd å halde fyr på kjelen lenger. Dei heldt likevel fram med å lense og fortsette å gå til det ikkje var meir stim. Skipperen la baugen fram i eit isflak som dei også hala teit med wire på vinsjen for å presse isflaket så teit inn til skuta at isen skulle tette mot lekkasjen. Lekkasjen minka og ein fortsette å lense med dekkspumpene.

«Hisø» kom fram til «Hvalbarden» rundt midnatt og tok folka ombord. På føremiddagen den 27. mars sokk «Hvalbarden» med ein fangst på 2235 sel. «Hisø» hadde nær full last, men dei tok knappe 200 skinn frå lasta på «Hvalbarden».