Hvalrossen (I)

Eigar1915 O. Moene og O.H. Jacobsen, Ålesund
FartytypeGaleas
HeimehamnÅlesund
ByggeverftTromsø Skibsverft, Tromsø
Byggeår1915
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår73,2 fot
Mål i breidde, byggeår20,8 fot
Mål i djupne, byggeår8,5 fot
Tonnasje71,67 brt 1915
Maskin, orginaltdamp
SkipperarJohan Kvitnes (1915)
E. Rønning (1917)
Strandmann (1918)
ForlistForliste i Vestisen 23. juni 1919
Utfyllande opplysningar

Første tur på selfangst i 1915 til Austisen. Dei kom heim med 1300 stor-sel og 230 tønner spekk. Etter å ha lossa gjekk turen til Stretet.

I 1918 er «Hvalrossen» på sildefiske på Onahavet då skuta får ei brottsjø frå babord. Ei blokk som låg på ei hylle i maskinromet dett ned og knuser sirkulasjonspumpa så maskina stoggar. Dei klarer å reparere så pass at maskina kan gå, men må stoppast med jamne mellomrom for kjøling. Dei brukar segla, men stormen skader også desse. Til slutt får dei assistanse med «Dag» som sleper dei inn til Ålesund.

19. juni 1919 under fangst i Stretet oppdagar dei ut på kvelden at skuta byrja å ta inn vatn. Dei hadde vore bort i ein isknultr tidligare på dag med propellen, men dei hadde ikkje sett noko skade. Det er tett is, og skuta ligg til tider fast. Lensepumpa greier ikkje lenger å halde unna for vatnet, så mannskapet lyt til med pøsar i tillegg. Lekkasjen er rundt propellhylsa.

Frå «Hvalrossen» vert det fløyta og fyrt av kanonslag for å signalisere etter hjelp.

Flagget vert også heist for å gjere andre skuter merksame på at dei er i naud. Men ingen registerer nødsignala.

Neste dag prøvar dei å tette skuta og det hjelper litt. No klarer dei å halde den lens berre med pumpa. Dei brukar også isdreggar for å hive skuta fram. Dagen etter greier dei ved hjelp av segla å kome seg ut av isen. Dei prøver å bruke maskina, men då aukar lekkasjen igjen. 22. juli møter dei ei skute og ber om slep til Island. Men denne skuta er lita og har lite bunkers. Dei hjelper dei i staden til ei samling skuter lenger aust. Her treff dei «Remø» som tilbyr seg å slepe dei til Island. I byrjinga går dette bra, men då vinden auka på, auka også lekkasjen. Då også sirkulasjonspumpa slutta å fungere, steig vatnet raskt. Det var ikkje anna å gjere enn å gå i småbåtane og kome seg over til «Remø». «Hvalrossen» forsvann i djupet 5 timar seinare.