Hvitefjeld
Eigar | 1916 Jan Hess, Buskøy i Sogn 1916 AS Vestlandske Sælfangstkompani Co., Ålesund (Lyder Strømmen, Jan Hess, Peter L. Strømmen, Johannes L. Strømmen, Bernhard L. Strømmen og Olaf L. Strømmen) 1923 Henriksen & Strømmen A/S, Ålesund (Lyder Strømmen og Harald Henriksen) |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 159 A |
Heimehamn | Ålesund |
Byggeverft | Skaalruren skipsbyggeri, Rosendal |
Byggeår | 1916 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 91,7 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 98 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,5 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10 fot |
Tonnasje | 115,32 brt 1916 |
Maskin, orginalt | Storvik MV, Kristiansund, 2 syl. 96 hk damp |
Skipperar | Bertel Landmark (1923 -1924) Lyder Strømmen |
Forlist | Forliste i Stretet 21. juni 1925 |
Utfyllande opplysningar | På føremiddagen den 2. juli 1920 får «Hvitefjeld» avslegen propellen. Det vert fløyta etter hjelp til skuter i området, og det var «Polarstrøm» som kom til assistanse. Men «Polarstrøm» hadde ikkje sterk nok maskin til å slepe «Hvitfjeld» ut av isen slik isforholda var. «Sælbarden» vart difor også kontakta. Dei ville ikkje slepe, men kunne ta folka. Dette enda til slutt med at «Polarstrøm» venta att for å hjelpe mannskapet på «Hvitefjeld» å skifte propellen. Kolet og alt anna laust vart lagt fram på bakken for å få propellen opp i sjøen. Men då skuta vart framtung tok den inn vatn, men dei klarte å halde den lens. Propellen var framleis 6 fot under vatn, men etter snart to døgn hadde dei klart å skifte både aksling og propell. 1922 oppbrakt av russerane i Kvitsjøen og ført til Arkhangelsk med mannskap og last. (Saman med selfangarane «Sælfangeren», «Leidulf», «Sæl», og «Remøy») Under fangst i Stretet i 1925 vert «Hvitefjeld» pressa mellom to store isflorer natt til 21. juni. Begge skutesidene vert inntrykte. Skadene er så store at mannskapet straks vert purra ut og får beskjed om å ta med seg proviant og parafin å gå på isen. Sjølv om dei pumpa med alt dei hadde så steig vatnet. Klokka 12.40 den 21. juli 1925 søkk «Hvitefjeld» med ein fangst på omlag 500 sel. Då veret letna litt såg dei «Vesterhavet og «Løftingen» og etter ein tur på 4 timar over isen kom dei seg ombord i desse. |
Litteratur | Isflaket Odd Vollan: Ishavsfart |