Isflora (I)

Andre namnIsflaamann (1917) Taifun i tysk krigsteneste
Eigar1916 Elling P. Aarseth
1917 A/S Isflaamann (Elling Aarseth, Martin Berg, Leonard Birkevold)
1917 P. J. Kersbergen, Bergen, kjøpt for kr. 170.000,-
1917 AS Sæl, Ålesund, kjøpt for kr. 190.000,-
1923 A/S Sælfangerselskapet Alfa, Oslo kjøp for kr. 53.500,-
1928 AS Driftig, Ålesund
1931 AS Isflora, Brandal ved Hagerup og Richard Larsen, medeigarar: Oskar Rimstad, Jakob Rasmussen, Sigvald Skaar og Olaf Klepp.
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 128 A
M 20 HD
HeimehamnÅlesund - Brandal
ByggeverftErik Lindstøl, Risør
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår101,8 fot
Mål i lengde etter ombygging114,3 fot 1939
Mål i breidde, byggeår22,3 fot
Mål i djupne, byggeår10,6 fot
Mål i djupne etter ombygging10,4 fot 1939
Tonnasje149,18 brt 1916
168,12 brt 1939
Maskin, orginaltRosenberg MV 130 hk damp
Maskin, ny1939 Deutz 400 hk
SkipperarRasmus Otnes (1917-1919)
K. Nakken (1923)
S. Hessen (1928-1929)
Hagerup Larsen (1932-1936)
Richard Larsen (1937-1940)
Ombyggingar Verft1939 forlengd og modernisert ved Liaaen mek verksted
ForlistForlist ved Måløy 21. desember 1942
Utfyllande opplysningar

På veg til Kvitsjøen i 1926 går “Isflaamann” seg på grunn på Helgelandskysten, og to dagar etter kolliderer dei med M/S “Klippen”.

I 1928 er “Isflaamann” på kombinert sel- og håkjerringfangst i Stredet. Fangstresultat: 1.537 sel og 120 fat håtran. Full fangst.

I 1929 Etter at det var slutt på klappmyssfangsten, gjekk “Isflaamann” på håkjerringfiske ved Grønland. Skuta vart då fullasa med klappmyss og 110 fat håtran. Håkjerringfiske foregikk i berre 3 1/2 døgn.

I 1930 er “Isflaamann” på kombinert sel – og håkjerringfangst i Stretet. Fangstresultat: 660 sel og 80 fat håtran

“Isflaamann” vert kjøpt til Brandal i 1931, og endrar no namn til “Isflora”

Etter ei omfattande ombygging ved Liaaen mek verksted i 1939 vert “Isflora” ei av dei største og mest moderne ishavsfarty på Sunnmøre.

Under overfarta til Vesterisen i 1939 er det storm og fleire skuter får vanskar. På “Isflora” vert ein mann teken av ein brottsjø og forsvinn på havet den 18. mars. 20. mars reddar “Isflora” mannskapet på “Vestad” som hadde blitt så pass spikt av ein brottsjø at mannskapet fann det mest forsvarleg å forlate skuta i stormen.

Tyskerane rekvirerte “Isflora” i juni 1940, og skuta skifte namn til “Taifun” og gjekk som vakt og patruljebåt.

Natt til 21. desember 1942 kolliderte den med rutebåten “Fjæra” og sokk ved Måløy.

LitteraturIsflaket Trygve Nordanger: Lang Kyst