Isflora (II)

Andre namn«Isflaamann» 1966
Eigar1948 A/S Isflora, Brandal (Rikard Julius Andreas Larsen 9, Anna Larsen 7, Knut Johannesen 2 og Arnleif Hildre 1 aksje)
1964 Statens Fiskarbank
1966 Elling Aarseth & Co. AS, Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM-20-HD
M-22-A
HeimehamnBrandal
ByggeverftErik Lindstøl skips og båtbyggeri, Risør - bygg nr 233
Byggeår1948
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår112,5 fot
Mål i breidde, byggeår23 fot
Mål i djupne, byggeår12 fot
Tonnasje203,53 brt 1948
197,54 brt 1967
Maskin, orginaltDeutz 300 hk
Maskin, ny1967 MaK 760 hk
SkipperarKnut Johannessen
Sofus Jørgensen (1952)
Ombyggingar Verft1967 ishuda vert riven av ved Rolf Rekdal i Tomrefjorden, montert kraftblokk
KondemnertKondemnert og senka i Sulafjorden1970
Utfyllande opplysningar

«Isflora» vart første ishavsskute med tomannslugarar med elektrisk oppvarming, kunne Aftenposten fortelje då skuta var ny i 1948. Og ikkje nok med det, der var også radiotelefoni til tønna, som att på til hadde elektrisk oppvarming.

«Isflora» vart bestilt i mars 1946 for AS Isflora i Brandal. Den skulle erstatte den første «Isflora» som hadde forlist under krigen. I dei første åra etter krigen var det mangel på material, som med det meste anna etter krigen. Det skulle difor ta to år før skuta vart ferdig, men dei rakk selfangsten i 1948 på Newfoundland. Dei kom heim første året med 6133 sel til ein fangstverdi av kr. 324.755,-

Dei komande åra er skuta å finne på fangst ved Newfoundland og i Vesterisen. Dei driv også sildefiske utanom selfangsten. «Isflora» hadde ein noko «kubbete» baug, og måtte fleire gongar avbryte selfangsten for å gå heim med baugskade. På folkemunne i heimbygda Brandal gjekk den under namnet «brøsmehaudet».

I 1964 hamna skuta på tvangsauksjon og hamnar etter kvart på Vartdal med Elling Aarseth i 1966. Dei endrar namn til «Isflaamann», det same namnet som den første «Isflora» hadde då den vart kjøpt til Brandal og endra namn til «Isflora».

Dei nye eigarane ville ikkje bruke skuta til selfangst, og den vert no nedrigga til fiskebåt med kraftblokk ved Rolf Rekdals verft i Tomrefjorden.

  1. juli 1968 ligg «Isflaamann» ved Fiskarstrand Verft då det bryt ut brann om bord. Den får store skadar i akterskipet og vert kondemnert i 1970 og sekt i Sulafjorden, lasta med skrapjarn og sand.

 

 

LitteraturIsflaket - (Aftenposten 16.02.48 – Sjøforklaring 12.07.68)