Isfuglen

Eigar1918 Fugleberg & Tøsse, Brattvåg 3/4 og Johan O. Nordstrand 1/4
1923 Thor Tøsse
1924 Thor Tøsse, Johan O. Nordstrand og Olav Dyrnes
1929 Alfred Follestad, Ålesund, Ivar J. Rudi og Johan J. Rudi, Ørsta
Fartytypemotorkutter
Reg. merkeM 112 H
HeimehamnBrattvåg - Ålesund
ByggeverftLars Brastad jr. båtbyggeri Vestnes
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår64,4 fot
Mål i lengde etter ombygging67,4 fot
Mål i breidde, byggeår17,9 fot
Mål i djupne, byggeår7,3 fot
Tonnasje48,73 brt
Maskin, orginaltBolinder 50 hk
SkipperarIsak Notø (1918-1922)
Olaf Dyrnes (1923)
ForlistForliste i Kvitsjøen 6. april 1929
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1918.

På veg til selfangst i Kvitsjøen i 1929 gjekk «Isfuglen» seg på grunn i snøtjukka ved Rørvik. Skuta kom i drift ut på natta då vinden auka på til sterk storm. Dei fekk maskinproblem og kunne ikkje hindre at skuta dreiv på land. Dei var likevel heldige då det synte seg at skuta hadde havna på fin leirbotn og kun ein del av stråkjøleb var borte, og seglasen kunne fortsette. Dei kom fram til iskanten utanfor Kapp Svatoj den 27. mars, og skuta byrja straks å arbeide seg inn gjennom isen. Isen var tett, men den slakna av ved kvart straumskifte.

Men straumane kunne også vere farlege her, og «Isfuglen» vart ført med straumen nokså nær land ved Katsjkov, der skuta frys fast den 2. april. I 3 døger vert dei liggande slik før noko av isen vert ført bort, men dei vert utsett for ein del skruing.

Natt til 6. april ligg «Isfuglen» framleis fast på same måte, men kl 01 vert isen reven laus på heile styrbord side og presset på skutesida aukar på. Så, kl. 02 kjem ei stor isflore seglande og slår inn heile styrbord side frå storluka og til midt fram på lugaren.

Presset er så stort at det kjem issørpe gjennom skutesida og inn i romet.

Med så stor skade veit mannskapet at når isen slepp taket vil skuta gå til botnar. Dei kan ikkje anna gjere enn å samle med seg mat og klede å gå på isen. Klokka 09 den 6. april sokk «Isfuglen» og det forliste mannskap byrja å gå over isen i retning av Gorodetskij fyr, omlag 3-4 mil unna. Dei nådde fram i 17-tida.