Isstjernen

Andre namnSeningen II
Eigar1917 Fugleberg & Tøsse, Brattvåg
1918 Fugleberg & Tøsse og Alf B. Olsen
1923 Olav Thorseth og Gerhard Gjærde, Herøy
1927 Kristoffer Hovden, Florø
1948 Ragnvald Hovden
1973 Eivind og Lars Nersund
1983 Terje Bøe AS, Tønsberg
1983 tysk statsborgar, Larvik
Seinare Veteranskipsklubb i Arendalsområdet
FartytypeSelfangar - rutebåt
Reg. merkeM-113-H
M-297-HØ
HeimehamnHerøy
ByggeverftEdv. Stenødegaard, Vestnes
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår58,3 fot
Mål i lengde etter ombygging69 fot
Mål i breidde, byggeår18,2 fot
Mål i breidde etter ombygging17,9 fot
Mål i djupne, byggeår8,1 fot
Mål i djupne etter ombygging7,8 fot
Tonnasje39,73 brt 1917
42,55 brt 1928
69,28 brt 1935
Maskin, orginaltGrei 55 hk
Maskin, ny1928 100-120 hk Finnøy - 1940 Finnøy 150 hk
SkipperarH. Hoff (1918)
Johs O. Sævik (1918-1919)
Johan Nygjerde (1924)
Ombyggingar Verft1928 ombygd til rutebåt
1935 Sagvåg forlengd og nytt overbygg
ForlistForliste i april 1983 på veg frå Skottland til Norge
Utfyllande opplysningar

Første tur på selfangst i 1918.

 

Dreiv 29. desember 1924 inn til Harøy utan mannskap om bord. Skuta var i god stand, men mannskapet var på uforklarlegvis borte. Livbåten var også borte. Truleg har dei fått motorstopp ved Flørauden og gått i livbåten så har livbåten med mannskapet kome vekk, medan skuta har drive utanom alle holmar og skjer og blitt berga. Skuta gjekk frå Herøy til Ålesund 28. desember for å hente salt, men kom aldri fram. Då båten vart funnen var begge ankera vekk. Det eine med all kjetting. Den forklaringa som seinare vart sett på som mest rimeleg var at dei hadde fått motorstopp utanfor Flø. Den var observert der med redusert fart, noko som kunne tyde på motorproblem. deretter har den drive vest for Godøya og ut der. Ankera hadde nok blitt kasta ut for å hindre at skuta dreiv på eit fall. 11 av dei 12 livbelta var borte, og mannskapet har nok forlete skuta i den vesle båten som var ombord. Bortsett frå ein koffert som var att, var alle kleda til mannskap også borte. Færingen som var i minste laget for folket ombord har nok kvelva og gått under. Skuta var i god stand og vart slept inn til land. Den hadde merke som kunne tyde på dei hadde drive over eit fall, mesanbommen var broten og kahyttdøra var losna frå hengslene. Skadene kunne tyde på ein brottsjø. Flaska for startluft var tom, men det var ikkje vanskeleg å starte maskina ved å tørne svinghjulet.

Mannskapet som på mystisk vis forsvann var:

Johan Nygjerde, skipper 24 år

Alfred Thorseth 20 år

Harald Thorseth 18 år

Sigurd Thorseth 14 år

Gerhard Aurvåg 20 år

Simon Aurvåg 16 år

Alfred John Dybvik 22 år

Lars Haavik 40 år

I 1927 vert båten seld og etter ein sesong på Finnmarksfiske endrar skuta namn til “Sendingen II”. Den vert no ombygd til rutebåt.

I 1941 vert “Sendingen II” leigd ut til Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Dette held den fram med til 1971.

I 1973 vert den sett inn i rute ved Sandnessjøen til 1978.

25. mars 1983 forliser “Sendingen II” i Nordsjøen på veg frå Egersund til Skottland.

LitteraturOle M. Ellefsen: Farefull ferd på Sunnmørskysten