Istind

Eigar1920 P/R Istind, Grimstad (J.C. Jørgensen, Joh. J. Vik, Albert Andersen, Mathias Jørgensen og A.K. Nilsen)
1925 A/S Istind, Grimstad (J.C. Jørgensen, Albert Andersen og Mathias Jørgensen)
1926 J.C. Jørgensen
1930 A/S Istind, Ålesund (J.C Jørgensen og Hans Rekdal)
1934 A/S Istind, Ålesund (Elling Aarseth & Co. A/S, Paal Aarseth og Hans Rekdal)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeAA 4 G (1920)
M 231 A (1930)
HeimehamnGrimstad - Ålesund
ByggeverftJørgensen & Vik Baatbyggeri, Grimstad
Byggeår1920
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår106,1 fot
Mål i breidde, byggeår24,5 fot
Mål i djupne, byggeår12,5 fot
Tonnasje200,37 brt 1920
211,83 brt 1925
Maskin, orginaltGlommens MV 2 syl. comp 25 nhk (1894 modell)
Maskin, nyHøivold MV - Atlas 4 syl 2 T 200 hk
SkipperarIsak Remø (1925)
Martin Pedersen (1929)
Hans Rekdal (ved forliset)
ForlistForliste i Vestisen 30. mars 1936
Utfyllande opplysningar

Under fangst i Kvitsjøen i 1923 vert “Istind” og “Isblomsten” liggande fastskrudde i lag. Då dei  kom seg lause 18. mai misser “Isblomsten” propellen etter kort tids gange og vert liggande hjelpeslaus. Dei signaliserer etter hjelp og etter eit par timar kjem “Istind” til for å slepe havaristen ut i ope farvatn så dei fekk segle heim.

27. mars 1928 under fangst i Kvitsjøen druknar ein av mannskapet då han gjekk gjennom isen. Dei plukka han opp på eit isflak etter omlag 3 minutt, men han var då livlaus. Liket låg i ein fangstbåt lenge for å ta han med tilbake til Noreg, men då heimreisa vart utsett mange gonger vart liket senka i sjøen 20. april.

15. august 1928 grunnstøyter “Istind” ved Island då dei skal gjere eit forsøk på å assistere “Glittertind” som har grunnstøytt. Dei kom seg av då sjøen flødde.

I 1936 var det nesten ikkje sel å finne i Kvitsjøen, utanfor konsesjonslinja, og “Istind”, med mange fleire, valde å avslutte og heller gå i Vesterisen i staden. Medan dei går austover i ope vatn langs iskanten den 29. mars plukkar dei litt sel langs kanten. Men brått bles det opp med ein sterk nordaust-storm og snøbyger. Dønningen voks like fort til høg sjø. Isen kom i drift og “Istind” fekk seg nokre alvorlege smell for baugen. I middagstida støtte ein svær blåis kraftig mot baugen, og rett etter kom ein av fangstmennene opp frå lugaren og ropte at skuta hadde byrja å leke. Alle pumper vart sette i sving.

Dei såg andre skuter ei kvartmil borte og “Istind” heiste nødflagget for å tilkalle desse.

Etter ei kort tid kom “Veslekari” over til havaristen. Lekkasjen minka litt etter ei tid, og då “Veslekari” kom til for å hjelpe greidde dei å halde lens skip. “Veslekari” bauga no råk i isen slik at “Istind” kunne kome etter i den opne råka. Etter ei tid kom dei til ei opa vokke der dei kunne bakke i ope vatn. “Heimland I”, “Vesleper” og “Grande” kom også til. Stormen nærma seg orkan.

Det var ikkje anna råd enn å forlate skuta. I orkanen som no herja ville det vere for farleg å gå heilt ut i open sjø med lekkasjen, samstundes som det ville vere for farleg for dei andre skutene å opphalde seg her inne i isen gjennom nattemørket. “Istind” gjekk så inn gjennom isen, med “Veslekari” etter, for å finne ein høvleg plass til å forlate skuta utan for stor fare. Dei gjekk ombord i “Veslekari” den 29. mars kl. 18.00. Orkanen herja i 3 døgn og då det løya gjekk “Veslekari” attende til den posisjonen dei hadde forlete “Istind”, men dei såg ikkje igjen skuta. Dei forlet “Istind” i posisjon 74.15 nordleg breidd og 8.01 vest med ein fangst på 300 sel ombord.