Jopeter (I)

Eigar1912 Peter S. Brandal
1923 A/S Søndmære Selfangere, Brandal (Peter S. Brandal)
1925 Peter S. Brandal A/S, Brandal
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 6 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftBolsønes
Byggeår1911/12
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår76,8 fot
Mål i breidde, byggeår20,9 fot
Mål i djupne, byggeår9,6 fot
Tonnasje95 brt
98,58 brt
Maskin, orginaltBrunholmen MV 50 ihk, damp
SkipperarAnders O. Lillebø (1912-1914)
Ole Eiken (1915-1918)
Mathias O. Brandal (1919-1922)
Johan Rudi (1923)
Vebjørn Landmark (1924)
Hagerup Larsen (1925-1928 og 1930)
Johan Vartdal (1929)
Karl Jørgensen (1922)
Rønning (1923)
Johannes Aksnes (1931)
Johan P. Brandal (1932)
ForlistForliste i Stredet 5. juli 1932
Utfyllande opplysningar

Namnet samansatt av redaren med frue, Josefine + Peter

1916 oppbrakt av Royal Navy og ført til England, Skipper Ole Eiken.

Skipsklokke på Jopeter – stabbursklokke i Volda

Av Magnus Sefland i Isflaket

Den første Jopeter var ei av dei første spesialbygde ishavsskutene som høyrde heime i Brandal. Jopeter vart bygt av tre ved Bolsønes verft i Molde og levert i 1911. Somme vil sikkert hugse stålskuta Jopeter (seinare Polarbjørn) frå 1950-åra. Stålskuta vart bygt som havfiskebåt Brategg ved Trondhjems Mek. Verksted i 1932, same året som den første Jopeter forliste. I 1950 vart Brategg innkjøpt til Brandal og ombygt til ishavsskute. Brategg fekk namnet Jopeter. Stålskuta vart ishavsskute nummer to som bar det namnet. Jopeter-namnet er ei samansetjing av Josefine og Peter, namna til reiaren Peter S. Brandal og kona Josefine. Begge Jopeter-skutene hadde mange harde tak med isen.

   I 1916 vart den første Jopeter stoppa av den britiske marine og ført til Kirkwall på Orknøyane. Skuta låg som prise i fleire britiske hamner i litt over eitt år. Grunnen var at reiar Peter S. Brandal skulle ha brote norsk nøytralitet under første verdskrig ved å selje ishavsprodukt til Tyskland. Reiar Brandal gjekk til rettssak mot den britiske stat for å få frigitt Jopeter og dekt økonomisk tap. Saman med ein advokat frå Ålesund var Brandal i London i om lag tre månader medan rettssaka gjekk føre seg. Og dei vann fram. Etter dom vart Jopeter frigitt og Brandal tilkjent erstatning. Men då hadde Brandal visstnok brukt meir pengar på rettssaka enn han fekk i erstatning.

   I 1928 deltok Brandal-skutene Jopeter og Brandal i leitinga etter Roald Amundsen. Peter S. Brandal og Roald Amundsen var nære vener. Offisielt var dei to skutene på kvalrossfangst i dei aktuelle farvatna.

   I 1932 var det altså slutt for Jopeter. Skuta forliste i Danmarkstretet då ei iskalv frå eit flak slo hol i skuta. Fangstskutene Gungnir og Brandal var i nærleiken og kom til. Skipper Johan P. Brandal (’Runne-Johan’) og mannskapet frå Jopeter gjekk om bord i Brandal. Proviant og ein del utstyr vart berga frå Jopeter, m. a. dampfløyta og skipsklokka.

   Nettopp skipsklokka frå Jopeter hamna hos skipper Sivert N. Engeset (1895-1980) frå Volda. Engeset – også kjend under heidersnamnet ’Smekk’ – var skipper på Brandal det meste av 1930-talet, også i 1932, då Brandal tok opp mannskapet frå Jopeter. Seinare hamna skipsklokka som stabbursklokke hos gardbrukarparet Åsta (1906-79) og Olav (1903-85) Fossheim på Klepp i Volda. Engeset og Fossheim var sambygdingar og gode grannar. I onnene hadde Fossheim-familien nytte av klokka til å kalle folk heim til måltid frå fjerntliggande teigar på garden. Elles var vel klokka meir ein kuriositet og vart brukt når born skulle få oppleve korleis ei stabbursklokke lydde.

   Etter mange år vart klokka til slutt teka ned frå tårnet, då det vart oppdaga noko ugreie med opphenget. Ola Fossheim, son til Åsta og Olav Fossheim, tok vare på klokka. Ei tid seinare fekk Normann og Sverre S. Engeset, nå avdøde søner av skipper Sivert Engeset, vite at klokka var teka ned. Dei kom til at når klokka likevel ikkje var i bruk lenger, burde ho kanskje førast tilbake til Brandal, der ho opphavleg høyrde til, og få plass i Ishavsmuseet. Sverre S. Engeset tok kontakt med Ola Fossheim. Fossheim såg kva verdi klokka hadde for museet. Han stilte seg positiv til tanken og gav bort klenodiet, familien sin eigedom. Sverre fekk klokka, fekk henne pussa opp på Ørsta Stålindustri og overleverte henne til ein takksam styrar Henrik Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Landmark fekk tilsette ved Hjørungavåg mek. Verkstad til å lage ei ordning for oppheng av klokka. Sidan 1990 heng altså skipsklokka frå den første Jopeter i Ishavsmuseet i Brandal. Klokka var truleg nærare seksti år i Volda, mange av desse åra som stabbursklokke. Henrik Landmark syntest, rimeleg nok, at Ishavsmuseet var ein naturleg plass for Jopeter-klokka. Familien Fossheim ytte Ishavsmuseet ei verdfull teneste – først ved å ta vare på klokka gjennom fleire tiår, deretter ved å gi den bort til Ishavsmuseet.

LitteraturIsflaket fleire utgåver I Polarisens Makt, Ishavsmuseet