Kap Nora
Andre namn | Skumur (1916) |
Eigar | 1916 A/S Skumur, Bergen, v/Wiking Brækhus, Pjetur J. Thorsteinsson og Sigurd A. Brækhus 22. juli 1918 J. Haugland, Ålesund/Bergen 24. juli 1918 A.C. Normann, Ålesund for kr. 100.000 |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 138 A |
Heimehamn | Bergen - Ålesund |
Byggeverft | O.M. Karlsen & Co, Florvåg |
Byggeår | 1916 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 92,3 fot |
Mål i breidde, byggeår | 22,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,6 fot |
Tonnasje | 107,66 brt |
Maskin, orginalt | Bergens MV 2 syl. comp 105 hk |
Skipperar | A. Riste (1919-1920) Peder Andresen (1922) |
Tidlegare namn | "Skumur" |
Forlist | Forliste i Danskestredet 12. juli 1922 |
Utfyllande opplysningar | 10. juli 1922 hadde «Kap Nora» fangsta 300 sel i Danskestredet. Dei hadde også 140 tønner spekk ombord. Men så måtte dei bryte av fangsten då vinden auka på frå austleg retning utover dagen. Dei prøvar å kome seg lenger inn i isen, men greier ikkje dette då isen set saman og pressakraftig på. Vinden aukar på til storm, og dønningen kjem att i veia. Skuta får no hard medfart av isen som kjem deisande på dønningen, og mannskapet finn det best å ta med utstyr og proviant og gjere klare fangstbåtane. Ein is vrir rorstamma 45 grader til babord. I skodda kunne dei skimte iskanten og dei vel å gå i båtane for å prøve ta seg ut der sidan dei er sikre på at «Kap Nora» ikkje kan bergast. Dei dreg båtane over isen, men når kvelden kjem må dei forlate båtane og springe unna iskanten som nærmar seg frå ei anna retning. Då dønningen minkar av satsa mannskapet på å kome seg ombord i «Kap Nora» igjen. Skuta låg i le av ein isodde. Skuta hadde fått slege inn styrbord side og roret var vridd kraftig til styrbord.
I middagstida var dei nokså utmatta, men dei hadde greidd å få lensa så mykje at vatnet no var under maskinrista. Dei gjekk i gong med å fyre opp under kjelen, og etter å ha fått opp stimen kunne også donkeypumpa settast i gang. Roret vert også ordna og forsiktig sette dei kursen mot ope hav natt til 12. juli. Medan dei på morgonen gjekk austover langs iskanten møtte dei på «Sælbarden» og «Kap Flora». I den tilstanden som skuta deira var i, ville ikkje mannskapet på «Kap Nora» gå åleine til Island. Dei to andre skutene ville ikkje bryte av for å assistere dei over. Det var ikkje anna råd enn å forlate skuta. Mannskapet på «Kap Nora» hadde no gått omlag 60 timar utan søvn, og dei fekk no gå til køys på bergingsbåtane, medan mannskpa på «Sælbarden» og «Kap Flora» prøvde å berge mest mogleg av utstyr og last frå «Kap Nora». «Kap Nora» sokk 13. juli kl. 02. Mannskapet som var komne ombord i «Sælbarden» og «Kap Flora» vart sette på land på Island og kom heim via København. |
Litteratur | Odd Vollan: Ishavsfart Johan Ottesen: Ishavsskuter II Ishavsmuseets arkiv |