Lance (I)

Andre namnAvance I
Eigar?? Gamvik, Lavangen
1906 Mikal Nilssen, Laberg
1915 P/R Arnt Nilssen og Mikal Nilssen, Foldvik
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 36 I
T 36 G
HeimehamnSaltdal -Ibestad/Gratangen
ByggeverftSalten
Byggeårca 1900
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår48,1 fot
Mål i lengde etter ombygging52 fot - 59 fot
Mål i breidde, byggeår16,6 fot
Mål i djupne, byggeår7,1 fot
Tonnasje29 brt
Maskin, orginaltsegl
Maskin, ny1910 Gideon 12-13 hk - 1917 Wichmann 32 hk - 1925 Bolinder 60 hk
SkipperarAnton Heggås (1917)
Lovin Larsen (1918)
Joakim Martinsen
Arnt Nilssen (1919 - 1932)
Ombyggingar Verft1916 E. M. Hansen, Grovfjord ombygd til kutter, klavert, forsterka, pålagd ishud for å drive selfangst
1925 forlengd til 59 fot
Tidlegare namnAvance 1
ForlistForliste i Kvitsjøen 3. april 1932
Utfyllande opplysningar

Ombygd til ishavsskute i 1916, ved E. M. Hansen, Grov, Ibestad og omdøypt til «Lance».

Første gong på selfangst i 1917, og gjekk sidan 22 turar på selfangst til den forliste i 1932. Utanom selfangstturane var den også mykje brukt på sildefiske.

I 1917 leverte dei 210 sel.

I 1918 vart det to turar i isen og dei leverte 650 sel første tur, og 115 sel andre tur.

I 1920 vart det også to turar og dei fanga då 1000 sel på første og 650 sel på andre.

I 1924 var det eit stort forlis år i Kvitesjøen, og også «Lance» fekk merke isskruinga. Propellen vart bøygd, men mannskapet klarte å kutte  av ein av vingane ved hjelp av skjerfilblad på ei bambustrode. 

I 1928 var det nok eit stort forlisår i Kvitesjøen. «Lance» låg faste i 36 dagar.

I 1932 var turen komen til «Lance». Den hadde klart seg gjennom mange år med tung isskruing, 3. april 1932 forliste skuta. Den hadde då 224 dyr om bord ved forliset. Mannskapet teke opp av «Storis».

«Lance» vart faste i isen tidleg i april. Isskruinga var så voldsom at det knaka og braka i heile skuta. Mannskapet jobba iherdig og prøvde å kome seg lause ved å bruke dynamitt, men det hjelpte lite. Etter at skuta fekk knekken tok det berre 20 minutt før den var vekk. Då var det berre tre mann ombord, dei andre var i fangst på isen. Det var berre tid til å berge det mest nødvendige. Då mannskapet kom attende til skuta var den forlist.