Lance (IIII)

Eigar1978 Enok Martinsen, Årstein, Gratangen
1979 Statens Fiskarbank
1980 Enok Martinsen (kjøpt for kr. 24 200 100 på 3. gongs tvangsauksjon)
1981 Statens Kartverk, Sjøkartverket, Stavanger
1994 Norsk Polarinstitutt
2018 Lance AS, Tromsø, (Bengt Are Korneliussen
2021 Seld til Tristan da Cunha,
FartytypeSelfangar - ekspedisjon - forsking
Reg. merkeT 95 G
HeimehamnGratangen - Tromsø
ByggeverftSterkoder mek. Verksted, Kristiansund - bygg nr. 64
Byggprisca 40 000 000
Byggeår1978
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår55,11 meter
Mål i breidde, byggeår12,63 meter
Mål i djupne, byggeår4,19 meter
Tonnasje960,01 brt 1978
Maskin, orginaltMaK 3200 bhk
SkipperarJan Olsen
Jan Jensen
Sverre N. Angelsen (2020)
Ombyggingar Verft1981 ombygd frå fansgt og fiske til forsking og kartlegging ved Kaarbø mek. Verksted, Harstad
1992 gjenbygd trålslipp
Utfyllande opplysningar

«Lance» vart sjøsett i 1978, og var opprinneleg bygd som selfangst- og fiskefartøy med base i Gratangen. I avisene kunne ein lese at den nye skuta «var Noregs dyraste fiskebåt», og «kanskje verdas  mest avanserte fiskefarty». Som ny selfangstskute fekk ”Lance” berre éin sesong på Newfoundlandsfeltet, der den tok full kvote i 1979. Skuta fekk dermed ikkje synt seg særleg fram; skrogmessig er ho sterkbygd, men særskild lita og snerten er ho nok ikkje i forhold til skutene som var bygde med ei totallengd på omkring 40 meter.

Etter fleire tvangsauksjonar vedtok Stortinget og kjøpe skuta i mai 1980, og Statens sjøkartverk vart formell eigar.

Sidan har båten blitt brukt i Sjøkartverket, og forsknings- og ekspedisjonsfartøy for Norsk Polarinstitutt i mange år. For det meste opererte den i nordlege farvatn ved Grønland, Svalbard og Franz Josefs Land, men som forskingsskip var den også to turar til Antarktis. Den første i 1992-1993 og den andre i 2000-2001. Etter at Polarinstituttet overtok som eigar i 1994 har den også vore utleigd til Kystvakta, utanom sommarmånadane, i tidsromet 1995-2000.

Då Lance AS overtok båten i 2018, og igjen utrusta for selfangst, vart dette sett på som eit nytt håp for selfangstnæringa. Men det vart ikkje langvarig selfangst denne gongen heller. «Lance» var jula 2019 med på å hente ut dei to polfarerne Børge Ousland og Mike Horn på 82 grader nord ved Spitsbergen. I 2020 var båten i Hinlopenstredet då reketrålaren «Northguider» vart fjerna. Då husa selfangstbåten eit filmcrew. «Lance» vart igjen seld i juni 2021 og båten skal no gå mellom Tristan da Cunha og Cape Town.

LitteraturAlme Johannes Bjarne; Ishavsfolk si erfaring. https://www.ishavsmuseet.no/produkt/ishavsfolk-si-erfaring/