Løftingen

Eigar1914 Peter S. Brandal, Brandal
1925 Peter S. Brandal A/S, Brandal
1925 A/S Søndmøre Selfangere (Brandal/Ålesund med Peter S. Brandal som disponent) overdrege for kr. 500.000,-
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 11 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftHans Gravdal skipsbyggeri, Opsanger
Byggeår1913/14
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88,4 fot
Mål i breidde, byggeår21,4 fot
Mål i djupne, byggeår10,2 fot
Tonnasje118,42 brt
Maskin, orginaltAalesunds MV 2 syl. comp. 74 ihk
SkipperarPeder Hjelle (1914-1918)
Ole O. Eiken (1919-1924)
Mikal Marø (1925 -1926 ved forliset)
ForlistForliste 6. juli 1925 i Stretet
Utfyllande opplysningar

Namn etter ein stor stein ved Kvitneset på Brandal. Første tur på selfangst i 1914. Om den nye skuta skriv Søndmørsposten mellom anna: “Den nye sælfanger er en verdifull tilvekst til vor fangstflåte. Skibet ligger vakkert på vandet. Alt ombord er pent og solid utført og vidner om at det er den erfarne ishavsmand som har latt skuten bygge og indrede”.

Alt på første tur i Danskestredet i 1914 miste “Løftingen” roret. Eit isflak slo inn i rorstilken og braut den rett av, men mannskapet greidde å redde roret med stropper og fekk det inn på dekk. Andre skuter kom til å fekk hjelpt “Løftingen” ut av isen men derifrå måtte dei berge seg sjølve. Propellakslingen fekk dei bøgd på plass igjen ved hjelp av spett, slik at dei kunne nytte maskinkraft i tillegg til segla. Ved hjelp av plankar på kvar side og taljar om styrde desse, greidde mannskapet å manøvrere skuta heim.

I 1918 er det “Brandal” sin tur å få skade på propellakslingen, og “Løftingen” berga dei ut av isen. Det var treg is og mannskapet på “Løftingen” fanga undervegs ut. “Løftingen” gjekk innatt i isen og fortsette fangsten etter dei hadde berga “Brandal” ut, og “Brandal” segla til Island.

I 1925 er “Løftingen” på selfangst i Danskestredet då dei laurdag 20. juni vert skrua faste i isen. Natt til mandag vert situasjonen kritisk då skuta har fått skade på roret og det oppstod lekkasjar. Det enda med at dei misste roret og mannskapet kjempa med å halde skuta flytande. I dagane fram mot 1. juli var det skiftande isskruing og framleis lekkasjar, så mannskapet hadde si fulle hyre med å halde skuta lens. Fredag 3. juli vert isen slakkare, og “Vesterhavet”, som heile tida hadde vore i nærleiken, fekk slepar ombord og freista å slepe “Løftingen” ut av isen. Søndag 5. juli kom også “Lysningen” til, og skipperen på “Løftingen” forhandla med dei to skutene om slep til Island. Han meinte det ville vere for farleg å gå over havet åleine, og å reparere skuta der ho låg let seg ikkje gjere. Skipperane på “Vesterhavet” og “Lysningen” meinte på si side at det ville vere umogleg å halde “Løftingen” lens på det opne havet med dei skadane ho hadde, og var ikkje villige til å prøve. Det vart så halde skipsråd ombord i “Løftingen”, der dei alle vart samde om å forlate skuta. Mannskapet gjekk så over til “Lysningen”. “Løftingen” sokk mandag 6. juli 1925.

LitteraturOdd Vollan: Ishavsfart Isflaket Johan Ottesen: Ishavsskuter