Malula

Andre namnSelis (1932)
Eigar1918 (Russisk eigar, men bygd for rekning av Harald Nilsen, Kristiania)
1919 Espevær Fangst- og Fiskeriselskap, Espevær (B. Garrvik)
1921 D/S A/S Solvang (Christian Haaland), Haugesund
1923 Fridtjof Nagell Nordbø, Haugesund
1932 P/R Selis, Bodin, Tromsø (Ivar Austad, Oscar Holtan, Olav Eskeland, Thomas Schjelderup, Ludolf Schjelderup)
1939 Skips A/S Selis, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeR 61 H (1921)
T 91 T (1932)
HeimehamnHaugesund - Tromsø
ByggeverftKnut K. Skaala, Rosendal
Byggeår1917/18
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår103,8 fot
Mål i breidde, byggeår23,4 fot
Mål i djupne, byggeår11,7 fot
Tonnasje166 brt
172 brt
Maskin, orginaltBergens MV 2 syl. comp. 110ihk
Maskin, ny1939 Wichmann semidiesel 300/350 hk
SkipperarBertel Landmark (1925)
Hans Nøtvik (1930)
Ingvardt Johannessen (1935) (ved forliset)
AnnaSenka i kamp i Grønfjorden på Svalbard 14. mai 1942
Utfyllande opplysningar

ISHAVSSKUTA “MALULA” / “SELIS”

Av Magnus Sefland

ROSENDAL.

Under første verdskrig kom eit oppsving i selfangsten. Nettopp på grunn av krigen var det fettmangel, og det var god avsetnad på ishavsprodukta. Dette auka igjen bygginga av ishavsfartøy. I tidsrommet 1910-20 vart den viktigaste byggjeperioden for ishavsskuter. Av skutene som vart bygde i dette tidsrommet var fleire i bruk i ishavsdrifta til 1970-åra, eit par av dei til tidleg på 1980-talet (“Furenak” og “Aarvak”) – rett nok i sterkt ombygd og modernisert stand. Visse delar av landet merkte seg ut med omsyn til bygging av ishavsfartøy. Det viktigaste området for bygging av ishavsfartøy var  Sunnhordland. Sjølve båtbyggjarbygda var Rosendal.

Av skipsbyggeria i Rosendal er Skaalurens Skibsbyggeri truleg det mest kjende. Dette skipsbyggeriet bygde si første ishavsskute i 1908. Det var “Hercules” (Skute nr 1 med det namnet, som med tida vart seld til Russland). Mange fleire velkjende ishavstravarar kom til i åra som følgde. Ishavsskuta “Malula” vart bygd i 1917 ved Knut Skaalas Værft i Rosendal. Dette skipsbyggeriet må ikkje forvekslast med Skaaluren. Det var Knut Skaalas Værft som under namnet Knut J. Næs bygde Roald Amundsens “Gjøa” i 1872. “Malula” var på 174 brt og målte 103.8 x 23.4 x 11.4 fot. Ho hadde dampkjel og ein to-sylindra compoundmaskin på 110 hk frå Bergens Mek. Verksted.

TIL RUSSLAND  –  OG TILBAKE TIL NOREG IGJEN

Tingar av skuta var ein russisk ishavsreiar i Arkhangelsk. Han kalla skuta opp etter ei dotter. “Malula” vart altså bygd i revolusjonsåret 1917. Ein kjenner ikkje til noko anna enn at skuta vart levert etter avtalen til tingaren i Arkhangelsk, sjølv om tilhøva i Russland var svært så urolege.

Det er ikkje mykje ein veit om “Malula” si tid i Russland. I “Register over Norges handelsflåte 1920” er skuta oppført, så opphaldet i Russland kan ikkje ha vart meir enn rundt eit par år. I boka “Dramaet i Nord-Atlanteren. Februar 1939” fortel forfattaren Trygve Nordanger om “Malula” at reiaren måtte dra frå Russland til Amerika, underforstått på grunn av dei politiske omveltningane. Reiaren kom til Tromsø med familien og skuta. Medan reiaren og familien drog vidare, vart “Malula” verande igjen i Noreg og hadde same namnet i mange år.

Frå rundt 1920 tilhøyrde “Malula” Espevær Fangst- & Fiskeriselskap v/ B. Garvik i Espevær i Sunnhordland. Bygd i Rosendal var “Malula” koma mykje godt tilbake til utgangspunktet. Reiarlaget i Espevær skal visstnok ha måtta avvikle drifta ein gong rundt 1922-1924. Frå denne tid tilhøyrde “Malula” reiarlaget Fridtjof Nagell Nordbø i Haugesund. Ho hadde registreringsmerket R 61 H. I tillegg til “Malula” hadde Nordbø også fartøya “Arktos”, “Falkeid” og “Hareid” – alle dampskip. Nordbø dreiv reiarlag og eksport av sild og selolje. Islandssild vart rekna som føretaket sin fremste spesialitet. “Arktos” var først ein lastebåt, men vart utrusta til ishavsskute og var på selfangst for første gong i Kvitsjøen i 1929. Så rundt 1930 hadde Nordbø to solide ishavsskuter.

I 1932 selde Nordbø “Malula” til A/S Schjelderups Selfangstrederi v/ brørne Ludolf og Thomas Schjelderup i Skånland/Bodø. Då fekk skuta det namnet som ho kanskje er best kjend under: “Selis”. Ein gong i siste halvdelen 1930-talet gjekk Schjelderup-brørne i kompaniskap med Ivar Austad i Tromsø. Det hadde truleg samanheng med planar om å installere dieselmotorar i både “Selis” og søsterskuta “Quest”, slik at skutene skulle bli betre rusta til å delta i fangst ved Newfoundland. Begge skutene vart då registrerte i Tromsø. “Selis” fekk merket T 91 T. Kva merke skuta kan ha hatt i tida på Skånland er ikkje kjent, men det må ha vore bokstavane N ?? BN (dvs Bodin herad). Skuta var ikkje på noko tidspunkt registrert på Sunnmøre. Men i Haugesundstida var det sterke innslag av sunnmøringar i mannskapa som stod om bord. Spørsmålet om konsesjon til “Malula” for selfangst i Kvitsjøen vart handtert for Nordbø av Aalesunds Rederiforenings Sælfangergruppe.

I 1930-åra fangsta “Selis” i både Kvitsjøen og Vestisen. Sommaren 1936 var “Selis” til Søraust-Grønland på oppdrag for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser. Skipper var Ingvardt Johannessen. Oppdraget var å skifte mannskap på Torgilsbu meteorologiske stasjon og radio og å hente ein engelsk ekspedisjon som hadde overvintra i Storfjorden. Det påtroppande mannskapet på Torgilsbu var telegrafist Ragnar Eggesvik, altmoglegmann Severin S. Brandal og stuert Arne Dobloug. Mannskapet som vart henta heim etter ei overvintring var telegrafist Sverre Aaseth, altmoglegmann Sigvald S. Brandal og stuert Leif Hals. Då “Selis” hadde utført mannskapsskiftet på Torgilsbu og var på veg norover til Storfjorden, møtte dei ishavsskuta “Hvalrossen” av Ålesund. “Hvalrossen” skulle direkte heimover, og derfor gjekk Brandal og Hals om bord i “Hvalrossen”. “Selis” heldt fram nordover til Storfjorden. Det viste seg at engelskmennene trong rundt tre veker ekstra til avvikling. I ventetida fiska “Selis” håkjerring utanfor Storfjorden. Då tida var inne, henta “Selis” den engelske ekspedisjonen og frakta den til Isafjord på Island.

NEWFOUNDLAND

Mot slutten av 1930-åra vart fangsttilhøva i Kvitsjøen stadig vanskelegare av fleire grunnar, m.a. vart det eit stadig meir spent tilhøve til sovjetiske styresmakter. I 1938 gjorde Brandal-skutene “Polarbjørn” og “Polaris” den første vellykka norske fangstturen til feltet ved Newfoundland og Labrador. Det lokka fleire norske skuter over Atlanterhavet i 1939. På overseglinga det året kom skutene ut i orkan sørvest av Island. Tre skuter frå Troms gjekk ned i orkanen, ei av dei, “Nyken” av Gratangen, med heile mannskapet på 18 mann.

Blant dei skutene som drog til feltet ved Newfoundland for første gong i 1939 var “Selis” og søsterskuta “Quest”. Til denne turen fekk begge skutene nye framdriftsanlegg. Dampmaskinane vart for begge skutene sitt vedkomande erstatta av Wichmann dieselmotorar. “Selis”fekk ein motor på 300 hk. Begge skutene fekk motorane monterte ved Wichmann Motorfabrikk på Rubbestadneset.

Utanom skifte av motor var det ingen større ombyggingar av skrog eller overbygg på “Selis” ved dette høvet. Men begge skutene fekk fekk nye radioanlegg. Det skjedde ved at “Quest” fekk nytt og sterkare anlegg og at det gamle anlegget frå “Quest” vart flytt over til “Selis”. Det skulle normalt innebere ei forbetring for begge skutene. Men montering og kontroll var så dårleg at begge anlegga fall ut av drift under overseglinga til Newfoundland. Det gjorde at begge skutene var melde sakna ei tid. Dei to skutene valde i samsegling ei anna rute enn dei andre skutene. Dei la ruta nord om Island og var også ein tur innom Isafjord på Island. På den måten heldt dei seg utanom det vanlegvis verste uversområdet sørvest av Island. Til gjengjeld auka sjansen for vanskar med isfjell, særleg etter som dei gjekk så langt mot nord og vest at dei passerte Kapp Farvel innan synsvidde. Også “Selis” og “Quest” fekk rikeleg med juling på overseglinga, men situasjonen var ikkje kritisk for dei på same måten som for skutene som valde å gå sør om Island.

ANDRE VERDSKRIG

I april 1940 var “Selis” saman med fire andre norske skuter på fangst ved Newfoundland. Etter at Tyskland hadde okkupert Noreg var det ikkje aktuelt å gå tilbake til Noreg etter fangstsesongen. Skutene vart verande i Canada/USA og vart i stor grad brukt til ekspedisjonar og fraktoppdrag i arktiske farvatn.

I 1941 vart heile befolkninga på Svalbard evakuert. Det var ein alliert ekspedisjonsstyrke med troppetransportskipet “Empress of Canada” på 22 000 tonn og ei rekkje eskortefartøy som utførte evakueringa. Først var “Empress of Canada” med eskorte ein tur til Arkhangelsk med den russiske del av befolkninga. Deretter gjekk konvoien tilbake til Svalbard og tok den norske del av befolkninga til Skottland.

Året etter vart det lagd ein plan for ein norsk/alliert ekspedisjon til Svalbard. Føremålet med ekspedisjonen var å gjennomføre tiltak for å ta vare på gruvene og tilhøyrande anlegg. Dette var viktig for å kunne få i gang normal produksjon i gruvene igjen så snart som mogleg etter at krigen var slutt. Drivkreftene for å få sendt ekspedisjonen var direktør Einar Sverdrup og skipsreiar Hilmar Reksten. Dei var høvesvis direktør og styreformann i Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S (SNSK). Ekspedisjonen fekk namnet Operasjon “Fritham”. Den fekk full militær status. Personellet var for det meste røynde folk frå SNSK. Tidleg i mai skulle isbrytaren “Isbjørn” (frå Kjødes reiarlag) som leiarfartøy og ishavsskuta “Selis” som eskortefartøy frakte den første puljen i ekspedisjonsstyrken til Svalbard. Den neste puljen skulle kome rundt ein månad seinare, i juni 1942. Til denne framstøyten var ishavsskutene “Polarbjørn” og “Quest” plukka ut som ekspedisjonsfartøy.

“Isbjørn” og “Selis”gjekk  frå Greenock i Skottland 30.april 1942 med Operasjon “Fritham” om bord. Dei gjekk utan nokon form for eskorte. Leiar for ekspedisjonen var direktør Einar Sverdrup. Så lenge Operasjon “Fritham” varte, hadde han midlertidig grad av oberstløytnant. Han var om bord i “Isbjørn”. Løytnant Helge Øi var sjømilitær leiar under overseglinga og skipssjef på “Isbjørn”. Han hadde ansvar for navigasjon for heile ekspedisjonen. Nestkommanderande for ekspedisjonen var tidlegare direktør for Sveagruva, løytnant Ove Roll Lund. Han hadde den militære kommando over troppene som var om bord i “Selis” og var ansvarleg for forsvaret av “Selis” under eventuelt angrep. Førar av “Selis” var skuta sin faste skipper frå lenge før krigen, Ingvardt Johannessen. Det bør nemnast at det på leiande militært hald vart reist tvil om opplegget for ekspedisjonen var fagmilitært tilrådeleg.

Ekspedisjonen gjekk til Island. Fartøya kom seg heldig måte gjennom eit minebelte mellom Færøyane og Island. Dei stoppa vel eit døgn i Akureyri. Der tok dei om bord kol, olje, diverse utstyr og 24 hundar. To britiske offiserar og ein norsk hundekøyrar kom om bord i Akureyri. Ved avgang frå Akureyri var ekspedisjonsstyrken på 82 mann, medrekna mannskapa på “Isbjørn” og “Selis”. På vegen vidare passerte ekspedisjonen Jan Mayen og følgde iskanten vidare i retning Svalbard. Ekspedisjonen kom til Isfjorden 13.mai og tok til å bryte råk gjennom isen inn til Barentsburg, der heile ekspedisjonen skulle setjast i land. “Isbjørn” gjekk fremst i råka.

Medan “Isbjørn” og “Selis” var på veg frå Island til Svalbard, vart det gjennomført rekognosering på Svalbard med eit Catalinafly frå Shetland. Frå rekognoseringsflyet kunne dei konstatere at tyskarar var på plass i Longyearbyen. Der var ein landingsplass for fly på isen på Adventfjorden. Då rekognoseringsflyet kom tilbake til Shetland, vart det send melding om at tyskarar var stasjonerte i Isfjordområdet. Denne meldinga nådde ikkje fram til “Isbjørn” og “Selis”. Begge fartøya hadde for dårleg radioutstyr til å kunne ta imot meldinga. Derimot fekk den tyske flystasjonen på Banak i Finnmark melding frå eit av sine rekognoseringsfly om at fartøy var på veg inn til Barentsburg. Den 14. mai dukka fire tyske fly frå Banak opp og gjekk til angrep på fartøya då dei var komne nesten inn til Barentsburg. “Isbjørn” og “Selis” forsvarte seg så godt dei kunne. Til det bruk hadde “Selis” ein oerlikonkanon og ei Lewis mitraljøse. “Isbjørn” vart treft av to bomber og sokk med ein gong med 11 mann om bord. Blant dei var Einar Sverdrup og den britiske sambandsoffiseren oberstløytnant Arthur Godfrey. “Selis” vart treft av ei bombe og kom i brann. Med dei store mengdene bunkersolje som “Selis” hadde om bord, tiltok brannen fort. “Selis” brann heilt ut og sokk. Brannen på “Selis” starta på forskipet, og det lukkast å berge ein del utstyr frå akterskipet og ut på isen før brannen nådde akterskipet.

Av dei overlevande var rundt 15 mann såra. Dei overlevande tok seg over isen inn til Barentsburg. Ein av dei såra døydde under transporten inn til land, og ein annan døydde i land. I Barentsburg fann dei overlevande husly. Der fann dei ein del matvarer, sengklede og medisin. Det gjorde at ekspedisjonen sin lege kunne gje dei såra etter måten bra førstehjelp. Trass i det døydde ein mann til av skadane to dagar etter angrepet. Dei tre som døydde på veg til land eller i land vart senka i sjøen under militær honnør.

Av tryggingsgrunnar vart den gjenverande ekspedisjonsstyrken delt i fleire grupper. Ei gruppe på 20 mann vart send til fots dei 90 kilometrane frå Barentsburg til Sveagruva. Dei rekna med at der fanst det forsyningar. Det vart ein svært slitsam marsj på 35 timar. Under marsjen miste dei ein mann ved at han fall ned i ein bresprekk og omkom. Då var talet på omkomne kome opp i 15. Dei såra og dei som trongst til stell av dei såra utgjorde den andre gruppa. Den vart verande igjen i Barentsburg. Den tredje gruppa prøvde å gjere framstøyt mot Longyearbyen for å hente mat og medisin. På den tid visste dei ikkje at det var tyskarar i Longyearbyen.

 

Dei som fall for Noreg ved bombinga av “Isbjørn” og “Selis” i Grønfjorden 14.mai 1942 var:

Tore Andersen, utskriven maskinmann, knytt til SNSK

Arnold Conradi Bjørnsvik, utskriven dekksmann, knytt til SNSK

Ingvald Elias Bøen, soldat, knytt til SNSK

Arthur Godfrey, oberstløytnant, britisk statsborgar

Sigvald Kristian Høiland, soldat, knytt til SNSK

William Charles Johannessen, soldat

John Bersvend Lund, soldat, formann i SNSK (Hardt såra 14.mai, døydde 16.mai).

Olav Lund, utskriven dekksmann, knytt til SNSK (son til J.B. Lund)

Ole Nesvold, sersjant, formann i SNSK

Erik Michael Nilsen, kvartermeister, islos, knytt til SNSK

Ole Larssen Nymo, utskriven dekksmann, knytt til SNSK

Johannes Rønnestad, utskriven dekksmann

Einar Sverdrup, oberstløytnant, direktør i SNSK

Birger Kristian Jentoft Tørgersen, kvartermeister, knytt til SNSK

Soldat Odd Syvertsen, knytt til SNSK, var hundekøyraren som slutta seg til ekspedisjonen i Akureyri. Han omkom då han fall ned i ein bresprekk 15.mai under marsjen frå Barentsburg til Sveagruva.

Den einaste av ekspedisjonsdeltakarane som ein veit sikkert hadde nær tilknyting til Nordvestlandet, var Sigvald Kristian Høiland. Han var frå Davik i Nordfjord. Han var ein av dei som gjekk ned med “Isbjørn”.

Ein veit om tre namngjevne ekspedisjonsdeltakarar som oppheldt seg om bord i “Selis”. Dei var ekspedisjonen sin nestleiar Ove Roll Lund, skipper Ingvardt Johannessen og kanonkommandøren, leiande dekksmann N. Langbakk.

LitteraturIsflaket