Melshorn (II)

Andre namnKvitungen (1970) Skår Senior (1994) Møgsterøy (1999) Arctic Star (2000) Kvitbjørn (2005)Northeastern
Eigar1970 G.C Rieber & Co. A/S, Tromsdalen / Ålesund
1984 K/S A/S Melshorn & Co. Brandal
1994 Skår Senior AS, Ragnar Skår m.fl Nerlandsøy, Herøy
1999 Lafjord Rederi A/S (Ole Rasmus Møgster, Storbø, Austvoll
2000 Arctic Fish, Ilulissat, Grønland
2004 Sparebank1
2005 Kvitbjørn A/S, Skjervøy (Bengt Are Korneliussen)
FartytypeSelfanagr - ringnot
Reg. merkeM 25 A (1970)
M 26 HD (1984)
M 260 HØ (1994)
H 260 AV (1999)
T 53 S (2005)
H 27 AV
HeimehamnHareid - Ålesund - Herøy
ByggeverftSmedvik MV, Tjørvåg bygg nr. 27
Byggeår1970
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår123,9 fot
Mål i lengde etter ombygging49,48 meter 1984 - 53,69 meter 1985
Mål i breidde, byggeår27,9 fot
Mål i breidde etter ombygging8,5 meter 1984
Mål i djupne, byggeår11,6 fot
Mål i djupne etter ombygging4,95 meter 1984 - 6,85 meter 1985
Tonnasje360,25 brt 1970
689,00 brt 1984
714,00 brt 1985
Maskin, orginaltAtlas MaK 1650 hk
SkipperarBjarne Liavåg
Per Bøe
Nils Pilskog
Atle Brudevik
Tømmerstøl
Ombyggingar Verft1980 Shelterdekk
1983 Forlengd, montert sidepropell i baugen ved Fosen mek. Verksted
1985 Hjørungavåg: Ombygd hekk-større notbinge
2000 Fitjar Mek. Verksted ombyggingar for produksjonsskip for krabbefiske
2004 Ombygd for å drive kongekrabbe fiske, rigga for selfangst på nytt ved West Contractors AS
Utfyllande opplysningar

«Kvitungen» var bygd i 1970 og gjekk på første fangsttur til Newfoundland same året. Dei kom heim med 7599 sel. «Kvitungen» var bygd for kombinert selfangst og ringnotfiske, lasteromet var inndelt i tankar som kunne nyttast til både skinn, spekk og sild og makrell.

  1. november 1970 kjem «Kvitungen» inn frå fiske ved Shetland då dei gjekk seg på land ved Torvikholmen i Flåværleia i full fart. Dei måtte ha hjelp frå bergingsbåten «Mammut» som drog dei av ved neste flo. Kjølen var vridd mot babord, men skuta var tett og dei kunne gå vidare til Hareid.

I 1971, 24. januar, gjekk «Kvitungen» på sjølvstyring med full fart på grunn på Hilbåren og vert ståande fast. Redningskryssarane «Skomvær II» og G. Unger Vetlesen» greidde i fellesskap å drag den av igjen. Dei gjekk for eiga maskin til Kristiansund der dei kunne kontatere skader på kjølen og lekkasje i asdicromet.

Hausten 1972 skulle «Kvitungen» prøve seg på eit noko uvanleg fangstfelt. I naturreservatet ved Fareøyane i Skottland hadde selbestanden vorte vel stor, der var for mykje sel i høve til tilgangen på mat. Fangsten drog ut i tid. Forseinkinga hadde sin grunn både i dårleg ver, men ikkje minst nyskjerrige tilskodarar og mediafolk som ville følgje fangsten.

På hausten i 1978 fekk skuta eit liknande oppdrag då skotske styresmakter ville redusere den sterkt veksande bestanden av sel ved Orknøyane og North Rona. Men denne gongen støtte dei på andre problem då selfangstmotstandarar frå Greenpeace mobiliserte skuta «Rainbow Warrior», og demonstrantane gjekk i land der «Kvitungen» skulle fange. Dei stilte seg mellom selen og fangstfolka. Men fangstfolka la ned hakapiken, verken dei eller styresmaktene orka å ta konflikten. «Kvitungen» gjorde vendereis i midten av oktober og selen møtte ei meir grufull skjebne enn fangstfolk då mykje sel svalt i hel på dei overfylte strendene.

Skipper Per Bøe kunne fortelje til lokalavisa etter heimkomsten: «For oss resulterte turen i at det gjekk uhorveleg mykje kaffi. Det var ikkje anna å gjere enn å drikke kaffi, spele kort å sjå på dei mange merkelege personane som var komne der til øyane for å redde selen og verda frå undergangen.»

Under fangst i Vesterisen i april 1976 bergar «Kvitungen» mannskapet på ishavsskuta «Fortuna» som forliste 13. april. Etter om lag 30 timar på isen kjem «Kvitungen» fram til dei og plukkar dei opp. Dei vert om bord i «Kvitungen» til «Polarsirkel» som er på veg heim frå Newfoundland «svingar innom» og tek dei med heim.

I 1983 blir KS AS Melshorn & Co., Brandal ny eigar av skuta. «Kvitungen» som framleis vert disponert av Riebers innkjøpskontor i Ålesund, skifta i januar 1984 namn til «Melshorn». Den nye «Melshorn» vert ombygd vinteren 1983/84, den vert forlengd og det vert sett inn sidepropellar. Ombygginga auka lasteevna frå 4000 til 9300 hektolilter.

I 1985 vert hekken på «Melshorn» lengd for å gje plass til ny notbinge.

I 1994 vert båten seld og får nytt namn «Skår Senior».

I 1999 vert den seld igjen, og endrar namn til «Møgsterøy».

I 2000 vert båten overførd til Grønland og får namnet «Arctic Star». Den tidlegare selfangar vert ny ombygd til produksjonsskip for krabbefiske.

I 2004 kjem båten attende til Noreg og vert ombygd til teinedrift etter krabbe. Den vert også utstyrt for å kunne gå på selfangst på nytt. Ny eigar er Kvitbjørn AS på Skjervøy og den endrar namn til «Kvitbjørn». «Kvitbjørn» var på selfangst i Austisen i 2005. Der vert skuta arrestert og teken inn til Murmansk. Skuldingane gjekk ut på at dei ikkje hadde rapportert inn fangsten. Dagen etter slepte det den arresterte skuta fri, og den var tilbake på selfangst i 2006 og 2007. Skuta driv framleis krabbefiske (2020) og har hatt oppdrag som hjelpefarty for seismikkbåtar ved Grønland. Namnet i dag er «Northeastern».

 

LitteraturIsflaket Johannes Alme: Ishavsfolk si erfaring - https://www.ishavsmuseet.no/produkt/ishavsfolk-si-erfaring/ Johan Ottesen: Skuter på Selfangst