Minna (II)

Andre namnM&L. Coaster II (1937)
Eigar1943 P/R Arktos, Brandal (Karl Karlsen og Bernt Marø)
1947 Martin Karlsen
1956 Martin Karlsen AS (Dina Karlsen, Karl Karlsen, Peter Karlsen, Josefine Karlsen og Borgny Karlsen Lunde)
1960 Karl Karlsen, Halifax
FartytypeSkonnert
Reg. merkeM 47 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftSmith & Rhuland, Lunenburg, Nova Scotia
Byggeår1937
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår96 fot
Mål i lengde etter ombygging105,5 fot
Mål i breidde, byggeår23,6 fot
Mål i djupne, byggeår8,6 fot
Tonnasje132 brt
Maskin, nyFairbanks-Morse 5 syl. diesel 150 hk- 1952 Crossley 250/300 hk
SkipperarIngolf Røren (1946-1962)
Ole Helland (1955)
Ombyggingar Verft1960 Ombygd, forlengd og forsterka, til ishavsskute ved Rolf Rekdal i Tomrefjorden
AnnaBrannherja og oppgjeva ved Grønland 1971
Utfyllande opplysningar

Herja av brann under ein ekspedisjon til Grønland i 1971. Vraket vart liggande i ein fjord i nærleiken av Færingehavn.

Karl Karlsen og Bernt Marø kjøpte fartøyet i Canada /NFLD under andre verdskrig som erstatning for Arktos» som forliste hausten 1940. Dei flagga fartøyet til Norge med ein gong. Fartøyet gjekk fraktfart i Mellom-Amerika under krigen.

«Minna» kom til Norge i 1945 med ein last mjøl. Skipper Bernt Marø. Styrmann var Kristoffer Marø sen.

Første tida etter krigen var «Minna» i teneste for Finnmarks-kontoret. Skipper var Ingolf Røren, og styrmann Bernt R. Brandal.

I tida 1946-1959 var «Minna» kvar sommar i teneste for Norsk Polarinstitutt på Svalbard og Jan Mayen. Skipper var Ingolf Røren. Bernt A. Brandal heldt fram som styrmann nokre år. Dei bygde m.a. opp stasjonen på Kapp Linnè første tida etter krigen. «Minna» fekk montert radar i 1951 av fabrikatet RCA.

Frå 1954 deltok «Minna» i snurping etter storsild om vintrane, med Ingolf Røren som skipper og Sverre Moldskred som bas. (Moldskred eigde bruket).

Frå 1960 brukte Karl Karlsen i Halifax skuta til seismikk, skjellskraping, kvalfangst, selfangst og ekspedisjonar.

På ein ekspedisjon til Vest-Grønland vart «Minna» totalskadd av brann og oppgjeva som forlist.

Brannen skal ha starta ved kai i Færingehavn. Fartøyet vart slept ut på fjorden. Eit marinefartøy, muligens fransk, som tilfeldig var til stades, deltok i sløkkinga. Vraket vart seinare slept inn i ein liten fjordarm vest for Færingehavn og vart liggande der. (siste kjende observasjon på 1990-talet).

 

FØRSTE SELFANGSTTUR  FOR MINNA I 1961

Av Ole Christen Røren

Minna var ein Nova Scotia-skonnert bygd i 1937 i Lunenburg,  Nova Scotia,  i Canada. Og  skuta kom til Norge  sommaren 1945. Minna vart brukt som fraktfartøy på kysten og vart også rigga som snurpar.  Men mest kjend er  vel skuta  som ekspedisjonsfartøy på Svalbard der ho starta sommaren 1946. Minna gjorde sin siste Svalbard-tur til Ny Ålesund i juni 1960, få dagar før ho sette kurs tilbake til Canada.
Minna var gjennom fleire store ombyggingar på 50-talet; forlenging, to motorskifte og nytt styrehus. Og  i Tomrefjord i mars/april 1960  vart det lagt på ishud av grenhart og jarnklavar i baugen. Det blei og montert winch for tråling.

Søndag 19. juni 1960  forlet Minna Brandal med kurs vestover, til nye utfordringar. Skuta ankom Halifax, Nova Scotia,  4. juli kl.2100 og allereie 5. juli kl.0300 var ho i charter for Mobil Oil of Canada som seismikkfartøy ved Sable Island i lag med ein annan Karlsen-båt, nemleg Titus. Titus slepte kabelen og Minna kom etter og sleppte dynamitten.

Under eit verkstadsopphald i Lunenburg i oktober  1960 blei det montert ny rigg og topptønne. Dette var nødvendig for ishavstur. Så 1. mars 1961 bar det i veg til fangstfeltet i Gulfen. Dei heldt følgje med kompanibåten Beater der  Laurits Brandal (Smotte Lall) var skipper. Det var vanskelege forhold dette året og mykje dårlig vêr og Beater fekk rorskade allereie 3. mars. Og Minna tok dei på slep for å gå inn til Channel-Port aux Basques på Newfoundland. I det pjuskete været stubba dei sleparen 3 gonger og då rigga dei til 30 famner med ankerkjetting og trålwaier og dette heldt. Den 4. mars i middagstida var dei komne oppunder land og sleparen skulle takast inn, det var myke sjø og slingring. Ei kasteblokk vart lagd rundt masta nede på dekket og dei heiv inn sleparen slik at berre kjettingen var att. Då fekk dei ein sjø som Beater jaga på og kjettingen blei stramma. Og vips der låg masta til Minna i tre deler på dekket. Til alt hell var der ingen som blei skada.
Dei kom inn til Channel-Port aux Basques på ettermiddagen.

Søndag 5. mars fekk dei tak i ein telefonstolpe som var 40 fot og ved hjelp av kran fekk dei rigga denne opp og montert tønna, og måndag ettermiddag var dei klar igjen. Dei blei imidlertid liggande til Beater var ferdig reparert, og de gikk begge ut på feltet igjen  tysdag 7. mars om kvelden. Det var imidlertid dårlege forhold dette året og dei blei liggande mykje faste, og isbryteren Labrador var fleire gonger og tok båtane lause. Den 12. april var det slutt på provianten ombord i Minna.
Og 13. april gjekk 16 mann frå Minna 4 mil  til dei kom om bord i Polarstar der dei fekk proviant for ca 8 dagar. Alle skutene låg no fastfrosne, og der var anmoda om isbrytarhjelp. Den 19. april måtte dei på Minna sende i land ein sjuk mann med helikopter. Og med dette helikopteret fekk dei også meir proviant ut.

Den 25. april vart dei tatt laus av isbrytaren Labrador. Den  27. april var dei aust av Magelin Island. Og var der inn til Entri Harbor med en sjuk mann, samtidig som dei provianterte og tok med proviant til Beater og North Star. Fangstsesongen var over 5. mai og Minna var tilbake i New Harbour 7. mai. Den første ishavsturen vart ikkje den store suksessen. Det blei lossa 650 dyr, det var fin kvalitet på skinna står det å lese. Den provisoriske masta vart imidlertid ståande til ut i juli då det blei montert ny stålmast i Dartmouth, Nova Scotia. Byen ligg like nord for Halifax. Sesongen 1962 vart langt betre med 2425 dyr, men det er  ei anna historie.

 

LitteraturIsflaket