Norrøna

Andre namn"Endeavour"
EigarLauritz A. Devold, Mikal Landmark og Ragnvald Abrahamsen
Fartytypeskøyte
HeimehamnBrandal
Byggeår1895
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår62,3 fot
Mål i breidde, byggeår17,8 fot
Mål i djupne, byggeår9,5 fot
Tonnasje49 brt
Maskin, orginaltsegl
SkipperarMikal Landmark 1901
Ombyggingar Verft1901 ombygd frå fiskebåt til selfangar
Tidlegare eigarRasmus A. Rasmussen
Tidlegare namn"Endeavour"
ForlistForliste 19. juli 1901 ved Grønland
Utfyllande opplysningar

«Norrøna» var bygd for fiske, men vart ombygd for ishavsfangst i 1901.

«Norrøna» utklarerte frå Ålesund 15. april 1901 for sin første ishavstur. Dei nådde iskanten litt nordvest for Jan Mayen tidleg i mai. Dei ville inn til Grønland, og på tredje forsøket på å kome seg gjennom Grønlandsisen lukkast dei i å kome inn til Claveringsøya. 19. juli låg dei i le av ein grunnis og det var strålande ver denne morgonen. Alle tre fangstbåtane var ute. Ut på ettermiddagen byrja det blåse ein kald bris. Veret friskna på utover dagen, og ved 21-tida på kvelden var det full orkan. Med orkanen følgde høgvatn slik at landsien byrja å losne. Mannskapet på «Norrøna» forstod at her måtte dei prøve å halde seg klar av isen og dei heiste så mykje segl dei meinte skuta ville tole. Dei ville opp under land og ankre, men det greidde dei ikkje. I 14 timar sigla dei frå den eine isodde til den andre. Stormen var hard og skodda kom også sigande. Då den letna var dei omringa av is på alle kantar, og dei kom seg ikkje ut av isen. Dei la baugen mot isdrifta så baugen kunne ta mot isen. «Norrøna» fekk harde slag i baugen, men dette gjekk greitt heilt til der kom ein svær undervassis og skuta fekk stor skade. Vatnet fossa inn. Mannskapet hivde seg over pumpene, men det nytta lite. Det var ikkje lenger von om å berge skuta, så dei konsentrerte seg om å berge noko utstyr.

Etter at dei hadde fått gevær, ammunisjon, litt proviant og ein levande isbjørnunge opp på isen, sokk «Norrøna».

«Sleipner» låg også i nærleiken då «Norrøna» gjekk i djupet 19. juli. Dei hadde hatt sine eigne problem i stormen og var sterkt ramponert. Men dei hadde så vidt det var berga seg frå forlis. «Minna» og «Havfruen» kunne dei også sjå i kikkerten, og etter ei tid rodde dei ombord i «Havfruen».

kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901

(av ishavsskipper Vebjørn Landmark som denne turen var skyttar på «Norrøna»)

Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg «Sleipner» og «Norrøna» og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland.

I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren på «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross på eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad.

Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen.

Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Vi fekk no sjå at «Sleipner» sine to båtar og «Norrøna» sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også.

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog då båtane opp på isen. «Sleipner» sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten.

På turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda.         

-Eg kunne sjå at karane på «Sleipner» sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei.

No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  gå og då vi endeleg kom inntil dei så viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. «Norrøna» hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk så vidt berga opp på isen klærne våre og ein del proviant.

«Sleipner» også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk så kunne ho seile heim.

Då mannskapa på styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å få varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk.

Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom «Minna» og «Havfruen» seilande denne vegen. Då rodde karane ombord til dei. Men ombord i «Minna» og «Havfruen» kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar.

Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på «Minna», «Havfruen» og «Sleipner» og kom oss velberga heim igjen.

Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen:

Norrøna-visa

Harpen jeg stemmer og synger en sang,

hør på og syng med om du vil.

Men sangen kan kanskje bli eder for lang,

men jeg skal ei løgn legge til.

 

Anledningen kaller tilbake i sær,

den nittande april i år.

Vi måtte forlate den vi hadde kjær,

en reise for Grønland at gå.

 

Når befal og mannskap var tretten i tal,

da  falt ikke tiden oss lang.

Men avskjedens time, de dansendes sal,

i tankene kom mang en gang.

 

Sangen den kaller tilbake den stund,

vi slektninger og venner forlot.

Men korsets to farver i blodrød bund,

det gav oss et varmere blod.

 

Kommando blev given, i stillhet og ro

forlot vi den lystige havn.

Og skipet det seilte, i kjenner vel jo

«Norrøna», det prektige navn.

 

Nu seiler vi lystig, thi vinden var god,

mens vi over bølgene for.

Og manet vår tanke fra sommer og sol

alt opp til det iskolde nord.

 

Uhindret vi seilte ti dager- og tre,

den fjortende dagen opprant

i isen til like en seiler fikk se,

hans mål var det isfulle land.

 

Derefter blev veien besværlig at gå,

når stormen og sjøen brøt frem.

Innesperret i isen en uke vi lå

før vi fikk nu seile igjen.

 

Således rant tiden og ukene hen

til «Sleipner» i selskap vi fikk.

Da seilte vi gjennom ismassene frem

så stykker av baugen utgikk.

 

Ennu blev veien besværlig at gå:

Thi stormene rasende titt.

Og fare mot fare for øynene lå,

men tilykke vi alle ungikk.

 

Nu var det på tide vi landet fikk se.

Thi modet det tapte hver mann.

Vår kaptein han lod ei sit mod falle ned

det hadde han prøvet en gang.

 

Når landet vi hadde, og målet var endt

da vende og lykken sig om.

Thi selv om vår tanke til Grønland var vendt,

så skulde skjebnen ved målet bli bom.

 

Aldrig i verden av minne det går,

det var jo en sørgelig stund.

Oppskrive vår lidelse ei jeg formår

det forklarer jo bedre vår mund.

 

Ulykken oss ramte en halv mil fra land

der knustes «Norrøna» blant is.

Vår redning til «Sleipner» tilskrev jo hver mand

som var tilredt på ynkelig vis.

 

Således vår redning, et svigtende håp

til «Minna» og «Havfruen» kom.

De mottok oss vennlig, forsultne og våt’

og mettet vår hungrige munn.

 

Tilslutt vil jeg takke mannskap og befal

som førte oss skibbruddne hjem.

En takk til vå kaptein som er fra den dal

hvor hans lykke må blomstre igjen.

 

Enhver som vil vite hvem visen har gjort

og lyst til at høre hans navn.

Da visen blev skrevet jeg flyttede det bort

til versenes yderste rand.

 

LitteraturIsflaket