Onward

Eigar1866 ukjend
1906 Ingebrigt Voldstad, Vardø
1922 O. Voldstad, Vardø
Fartytypeseglkutter
Reg. merkeF 8 V
HeimehamnVardø
ByggeverftGrimsby
Byggeår1866
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår69,9 fot
Mål i breidde, byggeår18,9 fot
Mål i djupne, byggeår10,1 fot
Tonnasje68,38 brt
Maskin, orginaltsegl
Maskin, ny1916 Bolinder RM 2 syl. 96 bhk
SkipperarTh. Iversen (1899)
Ombyggingar Verft1916 ombygd og innsett motor
ForlistForliste i Kvitsjøen 23. mars 1928
Utfyllande opplysningar

Kom til Harstad frå Grimsby i 1899.

I 1905 fangsta «Onward» 206 vaksne og 175 ungsel, 51 kvalross, 22 levande og 1 død isbjørn, og hadde 260 tønner spekk.

I 1906 fangsta «Onward» med sitt mannskap på 8 mann i Vesterisen og kom attende til Vardø med 270 sel, 5 isbjørn og 70 tønner spekk.

I 1909  «Onward» med eit mannskap på 11 mann leverar 550 sel, dei fleste små, 70 tønner spekk og 1 isbjørn. 

Forliste i Kvitsjøen 23. mars 1928 etter 5 døgn med isskruing.

18. mars hadde dei fått mange mindre isskruingar. Mannskapet hadde fått beskjed om å pakke tinga sine i tillfelle det skulle verte verre. Skuta låg då ca 3 mil frå land ved Kanin Nos, og har så langt berre 2 sel ombord, og det bles storm av vest-sørvest.

19. mars, rett etter midnatt fekk dei på ny skruing som løfta babords-låring med ca 3 fot. Men slik vart lekkasjen også noko mindre. Mannskapet anar håp om å kome seg ut, iskanten er no berre 1000 meter frå dei. Denne dagen fanga dei to sel.

20. mars. Kl. 3 på natta begynte det å blåse av nordvest, og utpå formiddagen var vinden komen opp i orkan styrke. Kl. 11 fm vart heile mannskapet kommandert å gå på isen då dønningen vart så sterk at dei venta å bli knuste. Men dei held seg førebels ved skuta som utetter dagen driv 4-5 mil nord av Kanin Nos.

21. mars. Denne morgen har vinden løya noko og mannskapet gått ombord i skuta igjen. Men ut på kvelden og gjennom natt til 22. mars aukar vinden på igjen, og lekkasjen vert stadig verre. Men denne natta greier dei å kome seg ut av isen, men støyter på eit nytt uhell. Under isskruinga hadde heile stilken og ein del beslag blitt slått laus og lagt seg for propellen. Det vart då umogleg å bruke maskin, men mannskapet fekk satt forseil og mesan ved iskanten. Lekkasjen har ikkje minka og pumpa går heile tida. Mannskapet jobbar på spreng og har inga frivakt. Dei får tynga den ned på baugen og fekk så laust det som låg for propellen. Kl. 11 fm er maskinen i gang.

Men lekkasjen vert stadig verre, og dei får problem med å halde vassstanden. Kl. 8 efm har dei kurs for Svit Nos, men snur for å gå inn i issørpa då dei håpar lekkasjen skal minke. Det vil også vere lettare å berge seg på isen.

23. mars. Heile mannskapet har stått ved pumpene i 21 timar, og får eit etterlengta avbrekk då dei kjem eit stykke inn i issørpa. Men dramatikken er slett ikkje over. Issørpa er for tett til at skuta kjem seg lenger inn, men for ope til å gå på. Dei ser ei skute eit godt stykke unna og er snare til å heise naudflagga, og har von om at skuta skal sjå dei, og det gjer den. Den andre skuta gjer forsøk på å kome fram til «Onward» men vert etter kvart liggande stille. Vatnet er no kome så høgt  «Onward» at maskina stoppar. Den andre skuta viste seg å vere «Susan» og dei kom etter kvart så nære kvarandre at mannskapet frå «Onward» fekk med seg både proviant, klede og litt anna utstyr over til «Susan». Det forliste mannskap vart så sette i land ved Jokansky, Russland, dit dei kom 25. mars. Her vart det telegrafert til Noreg om forliset og dei bad Norsk Regjering om å verte henta.

I 1928 forliste det tilsaman 19 norske ishavsskuter i Kvitsjøen utan at liv gjekk tapt.