Øst

Eigar1913 O. M. Karlsen, Florvåg
1917 A/S Aalesunds Fangst & Fiske Co., Ålesund (Christian Olsen)
1918 Det Norske Sæloljeraffineri A/S, Borgund (Harald Henriksen)
1923 Henriksen & Strømmen A/S, Ålesund
1935 A/S Selfangst og Havfiske, Ålesund (Elling Aarseth, Edvard Leira og Peder Andresen)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 112 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftSkaaluren, Rosendal
Byggeår1913
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår118,5 fot
Mål i breidde, byggeår25,5 fot
Mål i djupne, byggeår10,8 fot
Tonnasje230 brt
Maskin, orginaltBergens MV triple 214 ihk
SkipperarHans Furland (1914-1916 og 1918)
Johan Olsen (1917)
Lyder Strømmen (1919 og 1923-1936)
ForlistForliste i Kvitsjøen 17. mars 1936
Utfyllande opplysningar

Under fangst i Stredet i 1929 med forskarane Trygve Baarud og Johan T. Ruud ombord påviste dei «The Kangerdlugsuak Deep». Dette djupet går ut frå Kangerdluguak eller Storfjorden som den også vert kalla. Dermed fekk dei stadfesta ein teori som også Fridtjof Nansen hadde hatt, om at det måtte vere ein undersjøisk fjord utanford Storfjorden. På same turen fann «Øst» også ein grunn banke som fekk namnet Østbanken.

I 1933 hadde «Øst» rekordfangst i Kvitsjøen med 11.000 skinn og 80 tonn spekk.

Under fangst i Kvitesjøen den 17. mars 1933 sette det til med voldsam isskruing. Eit hjørne av eit stort isflak pressar inn skutesida på «Øst» midtskips under vasslinja. Skuta vart nesten delt i to, men isen heldt seg i press og skuta hang på isen. Vatnet fossa inn og skipperen gav ordre om å få proviant og anna naudsynt utstyr på isen. Attåt proviant og utstyr begynte dei også å ta ein del av fangsten inn på isen. Dei hadde omlag 1700 dyr ombord og av desse berga dei 600.

Mannskapet på 24 og dei berga skinna teke opp av «Hanseat», og seinare fordelt også på «Storis» og «Espenesvaag».