Pil

Andre namnHorgefjord - Ungsel
Eigar1918 Båtbyggeriet Brødrene Moen
1919 Hans Myrvågnes, Gurskøy
1923 Aalesunds Kreditbank
1925 Johan Pilskog
1931 Aalesunds Kreditbank
1931 A/S Ungsel, Tjørvåg kr. 44.000 (Ole Røtseth, Anton Bentzen og Peter Jarnes)
Reg. merkeM 75 HD
M 258 HØ
HeimehamnHjørungavåg - Tjørvåg
ByggeverftMoens skipsverft, Moen ved Risør, bygg nr. 7
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår76,5 fot
Mål i lengde etter ombygging90,4 fot
Mål i breidde, byggeår21,6 fot
Mål i breidde etter ombygging22 fot
Mål i djupne, byggeår9,1 fot
Mål i djupne etter ombygging8,9
Tonnasje82,74 brt
81,47 brt etter ombygg i 1919
105,09 brt etter ombygg 1930 (?)
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1919 55 hk damp 1914 mod. - 1925 Bolinder 120 hk
SkipperarMonrad Pilskog
B. H. Olsvik
Ole Røtseth
Ombyggingar Verft1919 Holmens verft i Risør, innsett motor, påsett ishud og endra for å gå i ishavet.
1925 Hatløs mek verksted, Ulsteinvik, oppatt bygging etter at skuta sokk i opplag, ny maskin
1930 Hatløs mek verksted, Ulsteinvik, oppatt bygging etter forlis, forlenging
Tidlegare namnHorgefjord
ForlistForliste i Danskestredet 25. juli 1934
Utfyllande opplysningar

Etter at Ålesunds kreditbank måtte overta skuta i 1923 vart den lagt i opplag i Hjørungavåg. Her vart den liggande i to år, og etter kvart sokk den. Johan Pilskog kjøpte den som ho låg på botnen for kr. 9.000,- Han fekk den heva sjølv ved hjelp av taljar, handspel og rikeleg med tome oljefat til flottørar. Ved å utnytte flo og fjøre fekk han til slutt skuta flòt. Skuta vart sett i stand att hausten 1925 ved Hatlø mek.

God ishavstur – til slutt                                                                                                   

På sin første selfangsttur i Kvitesjøen 1926 var dei kraftig forseinka ved avgang. Komne inn i isen får dei maskinproblem, og vert liggande faste. Ungselfangsten går tapt, og skal dei få fangst no må dei satse på gammelsel. Men så vert “Pil” ståande fast på ein sandbanke. Men dei kom seg av ved flo sjø. Ei nordlandsskute som var i området greidde seg ikkje, og vart broten ned. “Pil” gjekk straks til assistanse og plukka opp det forliste mannskap. No hadde “Pil” dobbelt mannskap, og det skulle kome godt med då dei kort tid etter fann gammelselen. Dei fanga skuta full på berre nokre få dagar. Etter ein tur med mykje vanskar og dramatikk gjorde det godt for mannskapet. I Danskestredet same år fekk dei også full last, så det vart eit bra første år for reiar.

Forlis i Måløysundet                                                                                                      

Natt til 2. februar 1930 kolliderer “Pil” med lastebåten “Askild” i Måløysundet. “Pil” hadde vore på sildefiske og var på heimveg, “Askild” var fullasta med jernmalm frå Meløyvær med kurs for Danzig. “Pil” vart treft fram om spenna på styrbord side og fekk store skadar. Det vart gitt ordre om å låre babord notbåt som hang i davitane. Men med det same notbåten tok vatnet med tre menn ombord kjem m/k “Levi” og rende inn i notbåten. Notbåten vert knust samstundes med at “Pil” vert hengande fast i stemnrullen på “Levi”. “Pil” vert så slept inn i Måløysundet der den kort etter sokk på 16 famners djupne. “Pil” vert etter ei tid heva av “Draugen” og “Ulabrand”. “Pil” vert slept til Hatløs mek verksted for reperasjon, og forlenging.

Laksefiske på Grønland                                                                                                 

Østgrønlandske Fiskekompani hyrte inn “Pil” i 1931 for ein ekspedisjon til Kapp Herchell for å undersøke moglegheita av å drive laksefiske. Ekspedisjonen var mislukka, dei fiska berre 8 tønner. Truleg kom dei fram alt for seint på året. Men “Pil” ville prøve å berge tur, så dei la om til å fangste moskus. Dei kom heim med omlag 50 døde og 10 levande moskuskalvar. Moskuskalvane vart sette i land ved Karl Røbekks eigendom på Åsestranda, men etter vinteren var det berre 7 att, og dei fekk problem med å få omsetting på dei. Kalvane enda med å verte utsette på Dovrefjell etter at Landbruksdepartementet hadde kjøpt dei. Dyra frå “Pil”, og nokre til, vart slepte fri på Hjerkinn i oktober 1932.

I 1931 endrar “Pil” namn til “Ungsel” då den vert seld til AS Ungsel i Tjørvåg.  Under ishavsturen i 1933 får “Ungsel” skade på propellen, propellakslingen vert så pass bøygd at propellen ikkje går rundt. Dei vurderar å bruke skjerfil for å kappe vekk den eine vengen. Men då propellen var så langt under vatn rekna dei med at dette ville ta minst fire døgn. Skipperen ville ikkje kaste vekk så mykje tid. Kanskje kunne det vere ei løysing å bruke dynamitt? Ei dynamittpatron vart surra på ei bambustrode og halden ned til propellbladet og skotet gjekk av. Jau, propellvengen retta seg litt. Forsøk nr. to hadde ingen verknad, så ved tredje forsøk vart mengda dynamitt dobla. Smellet var så svært at radioantenna datt ned. Men det viktigaste var – vengen var slegen av og maskina kunne settast i gang. “Ungsel” fekk full fangst av sel etter dette.

“Ungsel” forliser                                                                                                              

Under fangsten i Danskestredet 1934 har “Ungsel” halde lag med “Polartind”. Dei låg stille i tjukk skodde ved eit området som vart kalla Djevelgryta. Rett etter midnatt den 25. juli kjem eit stort isflak siglande i stor fart, treff skuta med stor kraft og slår hol i styrbord side like ved maskinromet. Skipper Ole Røtseth gjev ordre om å starte maskinen å få i gang pumpene. Men vanet stod då alt over maskindørken, og lekkasjen var stå stor at det ikkje ville ha vore hjelp i maskinpumpene. Vatnet steig så fort at mannskapet måtte forlate skuta snarast. Ein halv time etter at isflaket trefte så legg skuta seg over på sida å sekk på 67.25 grader nord og 28.10 vest. Heldigvis for mannskapet på 15 kunne dei berre spasere ein liten tur over til “Polartind” som låg ved same isflak.