Polara

Eigar1907 Sigvald S. Remø, Ole S. Remø og Johan S. Remø
1920 P/R Fugleberg & Tøsse (Sigvald S. Remø og Johan S. Remø)
1950 Charles Remø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 65 HØ
HeimehamnHerøy
ByggeverftBrunchorst & Dekke, Bergen
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår62 fot
Mål i lengde etter ombygging72,7 fot 1912
Mål i breidde, byggeår18 fot
Mål i djupne, byggeår8,3 fot
Tonnasje37,31 brt 1907
47,30 brt 1912
55 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1912 Alpha 28 hk - 1934 Laval 80 hk
SkipperarSigvald Remø (1907-1916)
Kristoffer Voldsund
Johan S. Remø (1917-1929)
I.S Remø (1919)
Charles Remø
Ombyggingar VerftCa 1912 forlengd og påbygd styrehus
KondemnertKondemnert og senka mellom Remøy og Runde 1962
Utfyllande opplysningar

I 1907 kom «Polara» heim med 150 ungsel, 129 vaksne sel, 6 isbjørn og 45 tønner spekk.

I 1919, etter fangst i Veserisen gjekk «Polara» til Nordaust-Grønland ved 73,5°n.br. Fylte her vatn ved Hvalrossøya. mannskapet var her på land og samla mykje ærfugelegg. Fangsta og kom heim til Ålesund 4. juli medein fangst av 1000 grønnlandsel og storkobbe, 8 døde og 2 levande isbjørn, 3 døde moskus og 5 kvalross.

1925 avgikk «Polara» 2. mai for fangst i Vesterisen. Gjekk etterpå til Grønland. Ankomst 4. juli ved 69,5° n. br. Her følgde dei landet nordover for fangst etter storkobbe. Skodda var så tjukk at dei ofte måtte snu etter kobben, då dei først fekk auge på den idet dei paserte den. Fortsatte heilt til 72° 15′ n. br. der dei samla egg.
Fangstresultat: 700 sel, 40 storkobbe og 8 døde isbjørnar.

1929 var «Polara» på siste fangstur til Grønland, 71°13′ n. br.

Nedrigga som selfangar i 1929. Slutt pga. dårlege tider. Seinare fiskebåt, snurpehjelpar i 1950-åra. Utkikstønna frå «Polara» står i dag på Ishavsmuseet.