Polarbjørn (III)

Andre namnBrategg (1932) Jopeter (1949) Lady Johnson II (1975) Beotic Endeavour (1988) Arctic Trader (1993)
Eigar1932 A/S Storegga, Ålesund/Son (Peter Skarbøvig og Willy Gorrisen)
1938 A/S Havfiske, Trondheim (Kaare Bagøien m.fl.)
1949 Peter S. Brandal & Co. A/S (Martin Karlsen, Albert Hovland, Sverre Moldskred og Brandal Sildeoljefabrik)
1956 Peter S. Brandal & Co. A/S (A/S Polarbjørn, Martin Karlsen A/S, Peter Karlsen)
1958 A/S Polarbjørn (G.C. Rieber & Co. A/S Martin Karlsen A/S, Peter Karlsen)
1974 A/S Polarbjørn, Ålesund (Rieber)
1975 Johnson Combined Enterprises, St.Johns Newfoundland
1988 Beothic Fish Processors Ltd., Bruce Davis, St. Johns
Reg. merkeM 299 A (1932)
ST 12 T (1938)
M 31 HD (1949)
M 88 HD (1957)
HeimehamnBrandal
ByggeverftTrondhjems Mek. verksteder, Trondheim, bygg nr. 200
Byggpris500.000,-
Byggeår1932
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår165,6 fot
Mål i lengde etter ombygging177,9 fot
Mål i breidde, byggeår28,2 fot
Mål i djupne, byggeår11,8 fot
Tonnasje480,11 brt 1932
591 brt
Maskin, orginaltAtlas polar 500 bhk
Maskin, ny1952 Nohab polar 1080 bhk
SkipperarGottfred Hellevik (1939)
Nils Larsen (1947-1948)
Bernt Marø (1950)
Henry Brandal (1951)
Knut Nakken (1951-1955)
Johan Olsen (1960)
Henrik Marø (1956-1971)
Arne Røbekk (1972-1974)
Ombyggingar Verft1950 i Amsterdam, ombygd til ishavsskute, mellom anna innsett 120 ekstra spant
1950 Hatløs mek. Verksted montert utkikstønne
1950 Liaaens mek. Verksted ny propell
1951 Langesund, ein del nye plater
1952 Bergens mek. Verksted, ny maskin, Nohab 1080 hk
1956 Hjørungavåg MV og Bergen MV opp pussa etter overvintringa
1958 ombygd overbygg ved Liaaen
Utfyllande opplysningar

POLARBJØRN. Eksisterte 1932-1994, med namnet Polarbjørn 1958-1974: Kryssarskrog av stål. Dette var eit heller gammalt fartøy då det fekk Polarbjørn-namnet i 1958. Fartøyet hadde namnet Brategg i tidsrommet 1932-1949. I den tida var skuta brukt som fiskebåt og i fraktfart. Under andre verdskrig var skuta mykje stasjonert i Lofoten. Derifrå var ho fleire turar gjennom dei danske belt og Kielerkanalen til Hamburg med fiskelast.

I den sørlege sommaren 1947/48 var skuta på leiting etter nye kvalfangstfelt i stillehavssektoren av Antarktis. Skipper på ekspedisjonen var Nils Larsen frå Sandefjord. Han hadde mykje røynsle frå kvalfangst i Antarktis.

I 1949 vart Brategg innkjøpt av Peter S. Brandal & Co AS i Brandal, utrusta som ishavsskute og gitt namnet Jopeter og fiskerimerkinga M 31 HD. I 1952 utstyrt med sterkare motor, ein Nohab på 1080 hk. I 1955 var skuta på ekspedisjonsoppdrag for danske styresmakter ved Nordaust-Grønland. Der miste skuta propellen og måtte forlatast innestengd i isen og til slutt erklært som tapt. Eitt år seinare vart skuta sensasjonelt funnen igjen i ein fjord på Nordaust-Grønland, slept heim, overdrega frå forsikringsselskapet til sin tidlegare eigar og reparert. I 1957 var fartøyet igjen på selfangst ved Newfoundland, som Jopeter, med nytt fiskerimerke M 88 HD, og med Henrik Marø som skipper.

I 1958 vart fartøyet overført til AS Polarbjørn og overtok det ledige Polarbjørn-namnet. På ein grønlandsekspedisjon sommaren 1958 miste fire personar livet i samband med ein ulmebrann i kollasten. I sesongane 1958/59 og 1959/60 var Polarbjørn to ekspedisjonsturar til Antarktis i samband med det internasjonale geofysiske året. På den siste antarktisekspedisjonen miste to mann livet: ein ved fall over bord – og ein annan i ein dynamitteksplosjon om bord. Etter dynamitteksplosjonen vart den omkomne gravlagd ved senking i havet sør for Bouvetøya.
Etter alle dei ekstraordinære hendingane var det fleire som rekna Polarbjørn som ein ulykkesbåt.

Seinare var Polarbjørn – saman med MS Polarhav frå same reiarlag – mykje brukt i transport i samband med utbygging av stasjon og flyplass på Jan Mayen. Henrik Marø var skipper på skuta det meste av tida ho bar Polarbjørn-namnet.

I 1975 vart skuta seld til Canada og bar i kanadisk eige i tur og orden namna Lady Johnson II, Beothic Endeavour og Arctic Trader. I 1994 sokk fartøyet i hamna i Sheet Harbour, Nova Scotia, under opplag i påvente av opphogging.

LitteraturIsflaket fleire utgåver Is, skuter og folk, Isflaket 10 år Når storstormen rasar, Ishavsmuseet