Polargutten

Eigar1919 A/S Ishavsfangst, Bodø (Julius Jensen, Ludvig K. Næstby, Johan A. Drage og Johan Iversen, Rognan)
1923 Sparebanken Bodø
1923 Ludvig K. Næstby og Lars Johnsen
1925 Carl Sæther, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeN-1-SL (1920)
N-36-B (1923)
N-1-SL (1923)
HeimehamnSaltdal
ByggeverftRognan Patentslip, verft og Båtbyggeri AS, Rognan
Byggeår1919
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår81,7 fot
Mål i lengde etter ombygging92,5 fot
Mål i breidde, byggeår21,7 fot
Mål i djupne, byggeår9,9 fot
Tonnasje98,9 brt 1919
99,67 brt 1925
Maskin, orginaltAvance 2 syl. 100 hk
SkipperarLars Johnsen (1923)
Jens Øien (1924)
ForlistForliste 9. mars 1927 i Kvitsjøen under fangst
Utfyllande opplysningar

1921 oppbrakt i Kvitsjøen av “Rusanow” og halden tilbake i Arkhangelsk til hausten. Mannskapet vart slepte fri, men skipperane vart att ombord. Lasten vart konfiskert og skuta fekk ei bot på 10 000 gullrublar. Mannskapet fekk henta skuta i Arkhangelsk i desember 1921.

I 1924 var “Polargutten” chartra av to tyske grevar og ein baron for “lysttur til ishavet”. Turen varte i vel ein månad og starta med å skyte ørn og alker på Nord-Fugløy. Ekspedisjonen besøkte samojedar på Korttyn-skjera og var nordom nordspissen på Novaja Zemlja og fangsta isbjørn i Karahavet. I eit forsøk på å kome lengst nord, måtte dei snu på 79.25 grader nord. Under lystturen skaut dei 15 isbjørn og ein del sel, og dei var på land og fiska aure på Bjørnøya.

Konsul Carl Sæther leigde skuta sommaren 1925 for å frakte zinkblende frå Northern Exploration Company si prøve drift i Bellsund på Svalbard til Tromsø, før den vart send vidare til Belgia.

“Polargutten” forliste i Kvitsjøen under fansgt 9. mars 1927. Dei hadde då ein fangst på 1424 sel ombord. Dei vart liggande faste i skruis den 8. mars. Ut på morgenkvisten kom to store isflak og tørna saman rett fram om riggen på skuta, og mannskap som var i lugaren kom springande opp og fortalte at det var slege hol i skutesida. Skuta tok inn for mykje vatn til at pumpene klarte å halde den, og skipperen såg ikkje von om å tette lekasjen. 7 spant var avslegne og hud og garnering var knust. Skipperen sende melding over radio ognaudflagget vart heist. Oslo-skuta “Seløy” vart den første som nådde fram til havaristen. Men dei hadde ikkje plass til heile mannskapet, og hadde dessutan ingen plan om å avbryte fangsten no. Dei venta dermed til “QUest” og “Storsælen” kom. Dei tre skutene prøvde å berge ein del av fangsten, men vatnet steig for fort til at dette lukkast noko særleg. Etter ei tid sokk skuta 14 minutt A.T.N av Gorodetsky. Mannskapet kom heim med “Quest”.