Polaris (II)

Andre namnPolaris V (1981) - Aurora (1986) - Geo Boy (1992) - Polarboy (1998)
Eigar1951 A/S Selfangeren Polaris (Peter P. Brandal og Albert Hovland)
19?? A/S Selfangeren Polaris (Peter Karlsen)
1975 G.C. Rieber & Co. AS, Bergen/Ålesund
1976 P/R Polaris (AS Polarbjørn), Ålesund
1979 Carino Company Ltd, St.Johns (Rieber)
1986 Monica Kristensen, Oslo
1990 A/S Aurora, Bømlo
1992 Eidesvik Supply A/S, Bømlo
1997 Eidesvik Holding, Bømlo
1998 Polarboy A/S, Tromsø, Paul Stark
FartytypeSelfangar - ekspedisjon - forsking
Reg. merkeM-10-HD (1951)
M-10-A (1975)
T-52-T (1998)
HeimehamnBrandal - Bømlo - Tromsø
ByggeverftA. M. Liaaen MV - bygg nr. 86
Byggeår1950/51
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår137,8 fot
Mål i lengde etter ombygging160,5 fot 1956 - 161,65 fot 1976
Mål i breidde, byggeår28,1 fot
Mål i breidde etter ombygging28 fot 1976
Mål i djupne, byggeår10,9 fot
Mål i djupne etter ombygging11,9 fot 1956
Tonnasje434,99 brt 1951
499,90 brt 1956
585,27 brt 1976
942 brt etter ombyggingar
Maskin, orginaltMAN 6 syl. 4T enkv 1200 hk
Maskin, ny1964 MaK 6 syl. 2T enkv 1500 hk - 1976 Wichmann 6 syl 2T enkv. 1800 hk
SkipperarPeter P. Brandal
Arnljot Brandal
Jan Skrede
Arne Røbekk
Peter Josvald Brandal
Angell Brandal
Bernt Steinsland
Paul Stark
Ombyggingar Verft1956 Brødrene Lohte, Haugesund, forlengd med 9 fot
1964 Liaaen, ny motor, innsett kraftblokk
1976 Karmøy MV stor ombygging, shelterdekk, ny maskin
Kondemnertkondemnert, opphoggen i Fredrikshavn 2004
Utfyllande opplysningar

“Polaris” (II) skulle verte den første nybygde selfangar i stål i Noreg. Det var også den største Liaaen hadde bygd så langt. Det var også den første som var bygd med innebygd utkikstønne i mastetoppen, med manøvrering. “Polaris” gjekk prøvetur i januar 1951, og berre ein månad seinare sette den kurs for sin første selfangsttur til Newfoundland. Dei kom heim etter første tur med ein fangst av 12700 sel til ein verdi av omlag 600.000,- kroner.

I 1956 vert skuta forlengd ved Brødrene Lohte, Haugesund. “Polaris” går også fleire sommarsesongar på Aust-Grønland innleigd av danske interessantar.

“Polaris” var også fleire turar på kveitefiske på Vest-Grønland midt på 1950-talet.

I 1961 var det vanskelege isforhold på Newfoundland og mange skuter låg lenge faste. 19. mars vert “Polaris” skrudd fast saman med “Polarhav” og “Harmoni”. Då isen slakna att oppdaga dei på “Polaris” at stilken hadde blitt benda nær ein halv meter til babord og rorstamma hadde brotna. Dei berga roret med ei wirestropp, og seinare vart det tatt inn på dekk. Det skulle gå over to månadar før “Polaris” om seg ut av isen dette året. Dei lukkast ikkje med å skaffe isbrytarhjelp, og ein slepebåt frå Island måtte snu. 18. mai greidde “Polarhav” å kome seg inn til “Polaris”, og slepinga heim kunne starte.

I 1967 måtte også “Polarhav” slepe “Polaris” heim då den hadde fått maskinhavari.

Før Newfoundlandssesongen 1964 fekk “Polaris” ny maskin, og midt på 1960-talet fekk den kraftblokk.

I 1975 overtek G.C. Rieber i Ålesund skuta.

I 1976 får skuta shelterdekk ved Karmøy mek. verkstad og ny maskin.

I 1979 vert “Polaris” verførd til Canada, der den etter eit par år endra namn til “Polaris v”. Då var skuta overført til Carino Company Ltd, St. Johns, Newfoundland. Dette eigarselskapet er ein del av Rieber. I Canada har skuta også andre oppdrag som kartlegging av havbotnen.

I 1986 kjem skuta heim til Noreg med nytt namn: “Aurora”. Ny eigar no var Monica Kristensen, og i august 1986 sette skuta kursen mot Antarktis med ein ekspedisjon der Kristensen var ekspedisjonsleiar og føremålet var å følgje Roald Amundsen si rute inn til Sørpolen. Det var også forskarar frå Norsk Polarinstitutt med som skulle til peter 1s øy for kartlegging.

I 1990 vert “Aurora” overført til KS Aurora (Eidesvik & Co. AS) og i 1992 skifte skuta namn til “Geo Boy”. Skuta vert no i all hovudsak brukt til å ta botnprøver i samband med oljeleiting. Skuta opererte både i Barentshavet, Skagerak, ved Irland, Orknøyane og Færøyane.

I 1998 kjøper ishavsveteran Paul Stark skuta og den får namnet “Polarboy”. Skuta vert sendt til Svalbard i turistfart, men den vert også på nytt sendt på selfangst. I 2002 får den juling i Vesterisen og må til Island og reparere hol i skutesida. Nærare undersøkingar etter heimkomst visste større skader enn først antatt, og det skulle vise seg for omfattande å sette skuta i stand att.

I september 2004 vert skuta så seld til Danmark for opphogging. Tønne og øvste del av masta står ved Ishavsmuseet på Brandal.

LitteraturIsflaket Johan Ottesen: Skuter på selfangst Monica Kristensen: Mot 90 grader syd