Polarquest

Eigar1949 A/S Selis, Tromsø (Thomas Schjelderup, Ludolf Schjelderup og Ivar Austad)
1953 A/S Quest, Bodø/Tromsø (Ivar, Arne og Thor Austad, Ludolf og Thomas Schjelderup)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT-91-T
HeimehamnTromsø
ByggeverftSøviknes Verft, bygg nr. 20
Byggeår1949
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår128,1
Mål i breidde, byggeår28,6 fot
Mål i djupne, byggeår14,1 fot
Tonnasje312,44 brt 1949
330 brt
Maskin, orginaltCrossley 600 hk
SkipperarLudolf Schjelderup
ForlistForliste ved Island 23. februar 1957 på veg til Newfoundland
Utfyllande opplysningar

«Polarquest»

Skuta vart sjøsett i februar 1949 og var då den største selfangar bygd i tre. 13. april 1949 gjekk skuta til Newfoundland. Då sesongen der var ferdig gjekk skuta rett til Baffinbukta og Davidstredet. Etter ein tur på over 5 månadar kom dei heim 17. september med 5150 gammelsel, 61 storkobb, 623 kvalross og 10 klappmyss. Dei hadde 180 tonn spekk og fangstverdien var på kr. 323.553,-

I februar 1957 er «Polarquest» på veg til Newfoundland. Utanfor Medalland på sørkysten av Island går den på ein sandbanke ved Flotafjara 23. februar. Grunnstøytinga skjedde i dårleg sikt og kompassen var ikkje heilt å lite på. Den lokale redningstenesta vert varsla og kjem til staden i bilar. Før dei kom fram var havaristen blitt førd av sandbanken og dreiv nærare land. Ei redningsline vert skoten ut til skuta og stramma opp i land med hjelp av bilane. Overføringa av mannskapet til land gjekk svært fint, og mannskapet vart fordelte utover gardane. Dagen etter var dei tilbake til havaristen, men ser at ei berging vil vere vanskeleg. Neste dag er den dreven enda lenger inn på land og var så øydelagd at det var lite håp om berging. Seinare vert all oljen pumpa i fat og drege på land, og ein del proviant og utstyr vert berga. Det vart prøvd å pumpe den tom, men skadane var for store. Oljetankar og delar av maskina vert demontert, men skrovet vert overlete til bøndene i området.

LitteraturIsflaket fleire utgåver