Polarstrøm

Eigar | 1915 Jan Hess og Lyder Larsen Strømmen P/R (Buskøy/Bergen) 1917 Vestlanske Sælfanger Co., Ålesund (Jan Hess og Lyder Strømmen 1923 Henriksen & Strømmen A/S, Ålesund 1935 A/S Polarstrøm, Hjørungavåg (Bjørn Øvrelid, Edv. Leira og Norvald Liavåg) |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 158 A (1920) M 35 HD (1935) |
Heimehamn | Ålesund - Hjørungavåg |
Byggeverft | Skaaluren skipsbyggeri, Rosendal i Hardanger, bygg nr. 117 |
Byggeår | 1915 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 87,3 fot |
Mål i breidde, byggeår | 20,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,3 fot |
Tonnasje | 96,4 brt |
Maskin, orginalt | Aalesunds MV 2 syl. comp 150 ihk |
Skipperar | Osvald Lillenes (1926) |
Forlist | Forliste ved Jan Mayen 20. april 1938 |
Utfyllande opplysningar | Under fangst i Vesterisen får «Polarstrøm» skade den 17. april då dei gjekk gennom ein isstrimmel. Eit isflak slo mot propellen og benda eine vengen. Dei hadde inne ein fangst av 1536 sel, og bestemte seg for å gå heim. Dei byrja å gå ut av isen med sakte fart på grunn av den benda vengen, og kursa mot Norge. Men ut på kvelden stogga plutselig maskinisten maskina og sa frå at skuta hadde sprunge lekk i propellhylsa. For å halde skuta lens vart alle pumper sette i gong. Dei våga ikkje bruke maskina, og segla vart heiste og kursen lagt mot Jan Mayen der dei venta å kunne kome i kontakt med andre skuter for hjelp. Ut på dagen 19. april nådde dei fram til Jan Mayen og ankra i Kvalrossbukta. 3 av mannskapet, Peter Andreas Pederson Brandal, Olgar Rise og Knut Aurvoll, gjekk i land for å gå over til stasjonen for å kunne telegrafere etter assistanse. Ut på natta dreia vinden og auka til sterk kuling. «Polarstrøm» må no ta i bruk maskina for å ikkje drive på land for så å sløre vidare på segla til le aust for øya. Lekkasjen aukar på og dei får problem med å halde skuta lens. Dei prøvar å maure skuta, men det hjelp ikkje. Vindrettninga endrar seg, og dei må på nytt starte maskinen og dermed aukar faren for meir lekkasje. I sakte fart prøvar dei å nå fram til stasjonen. Vatnet stig i maskinromet, trass i at alle pumper går. Ut på ettermiddagen den 20. april hadde vatnet stige så pass mykje at det var fare for at kjelen kunne eksplodere. Maskinisten raka no ut fyren og opna botnkrana. Det attverande mannskapet forlet skuta omlag 5 kvartmil aust for stasjonen. Etter to og ein halv times rotur nådde dei land i 18- tida. I 19.30 tida såg dei at «Polarstøm» gjekk ned. «Kvitungen» låg inne i isen vest for Jan Mayen fekk melding om tilstanden til «Polarstrøm» om føremiddagen 20. april. Skuta gjekk mot havaristen med full stim for å assistere, men hadde ikkje sjanse for å rekke fram i tide. Dei kom fram 21. april om morgonen og tok det forliste mannskapet ombord. |