Polarulv (II)
Eigar | 1945 Torstein Paulsen, Langhamn, Dyrøy 1957 A/S Polarulv, Tromsø v/Olaf Jakobsen, Thorstein Paulsen og Mayvor Hansen |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | T-75-D (1945) T-5-TD (1957) T-100-T (1964) |
Heimehamn | Dyrøy - Tromsø |
Byggeverft | K. Christoffersen båtbyggeri, Moen, Risør. Bygg nr. 181 |
Byggeår | 1945 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 77,9 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 82 fot |
Mål i breidde, byggeår | 20,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,2 fot |
Tonnasje | 91,14 brt 1945 |
Maskin, orginalt | Hjelset 120 hk |
Maskin, ny | 1949 Crossley 300 hk - 1968 Rolls-Royce 580 hk |
Skipperar | Torstein Paulsen (1952) Birger Sørensen Harry Kvande |
Ombyggingar Verft | 1947/1948 ombygd til ishavsskute ved Løvertsens slip, Vollen i Asker 1967 Nytt framskip, ny kjøl, ny propellstamn, ny lugar innreiing framme. Ny maskin. Arbeidet vart utført ved Tromsø skipsverft og Tøllefsens skipsverft. 1973 nytt styrehus og dekk ved E. M. Hansen i Grovfjord |
Kondemnert | Kondemnert og senka i Veggefjorden 1980 |
Utfyllande opplysningar | «Polarulv» vert ombygd til selfangst vinteren 1947/1948, og får sin første tur på selfangst til Vesterisen 1948. Dei får problem med mast og tønne, slakk rigg og masta vert ustødig. Dei måtte returnere til Tromsø rett utanfor iskanten. Tilbake i Vesterisen etter reperasjon får dei problem med hylsa og ein stor lekkasje, men dei stoppa noko av lekkasjen med å sette inn nye skruar og kilar. Men dei sette kursen mot Jan Mayen. Men då dei nærma seg vulkanøya losna kilane og skruane datt ut. Lekkasjen aukar på att, men minskar av når dei reduserer farta. dei ankra i Nordlaguna for nærare ettersøking av problemet og fann at propellhylsa var avbroten utvendig på stilken. Ved vibrasjon kunne dette falle av og lekkasjen verte kraftig. Dei kunne difor ikkje våge å bruke propellen meir. «Myregga» vert kontakta for å kome til assistanse å slepe dei bort frå øya. 13. april starta slepet, men då dei er nesten komne til Noreg losnar kilane på nytt og propellen byrjar gå rundt sidan skuta er i sig frametter. Dei greier ikkje å stoppe propellen utan å stoppe maskinen. Men så sviktar lysmotoren og kan ikkje brukast til lensing. Vasstanden stig fort og maskinen kan ikkje startast. Ein riggar til byssepumpe og fleire pøsar. Dei er nær land og ser Håja, og kursar på Løkvik, seinare på Botnhamn dit redningsskøyta «Christian Bugge» kjem til å tek over slepet. I Botnhamn vert «Polarulv» pumpa tom i fellesskap av redningsskøyta og «Myregga». «Polarulv» greier likevel 3 turar på selfangst i 1948 med ein samla fangstverdi på om lag 200.000,- I 1949 får skuta ny maskin. Dei går to turar på selfangst og har til saman 3590 sel. «Polarulv» driv no med tråling i tillegg til selfangsten. Seinare driv dei også loddefiske. I 1981 er det slutt for «Polarulv», den vert kondemnert og søkkt ved Ringvassøya.
|
Litteratur | (sjøforklaring 22.04.1948) |