Polheim

Eigar1915 Fredrik Hessen, Lauritz L. Hessen og Severin L. Hessen, Ålesund
1919 Brødrene Hessen, Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 89 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftGunvald Ottesen, Sagvåg
Byggeår1914
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår89 fot
Mål i breidde, byggeår21,7 fot
Mål i djupne, byggeår9,6 fot
Tonnasje109,92 brt
Maskin, orginaltAalesunds MV 2 syl. comp 100 ihk
SkipperarSeverin Hessen (1915-1919)
Laurits Hessen (1920-1922)
ForlistForliste i Stretet 1923
Utfyllande opplysningar

«Polheim» var ferdig frå skipsbyggeriet i november 1914 og vart slept til Ålesund for å få sett inn maskin. Prøveturen gjekk i mars 1915.

I 1918 ligg «Polheim» ved Stokksund i Trøndelag og starta å gå inn Nunfjorden for å fylle vatn og halde kjelsjau. På veg dit går «Polheim» seg på grunn med full fart. «Draugen» vart tilkalla og etter at mannskept på «Polheim» hadde kasta overbord kring 80 tonn med barlast lukkast det å få drage skuta av.

Under selfangst i Stredet i 1923 får «Polheim» bøygd propellakslingen , det var 28. juni. Skuta byrja å leke, men lekkasjen var ikkje større enn at dei med god margin heldt skuta lens med donkeypumpa. Dei heldt difor fram fangsten. Men 1. juli vert lekkasjen brått verre og skipper Severin Hessen finn det tryggast å kurse for Island. Skuta var då langt inne i isen og det tok ei tid for å kome ut i ope vatn. Det var kuling i området, og om kvelden 2. juli hadde lekkasjen auka på så pass mykje at dei også måtte gjere seg nytte av naudlensa ei tid. 3. juli vart veret enno verre. Maskina måtte brukast for fullt, og dermed auka også lekkasjen. «Polheim» tok så fast i eit isflak i lag med «Ishavet». No sprang også stimkjelen lekk og fyren måtte sløkkjast for å finne årsaka til denne lekkasjen. Då ser dei også at hylsa hadde arbeida seg innover i skuta og at hylsestokken var kløyvd. Det var såleis ikkje mogleg å bruke maskina lenger, og vatnet steig no raskare enn dei klarte å lense.

Folk frå «Ishavet» vart henta ombord for å sjå på skaden. Folket frå «Polheim» ville no ha «Ishavet» til å slepe dei, men skipperen på «Ishavet» såg det som vonlaust. Det viste seg også at rorstilken var vridd og laus. Når så også eit rør til kjelen viste seg vanskeleg å reparere, minka det på stimen og dermed også lensepumpe. På ettermiddagen 3. juli er skuta halvfull av vatn, og kl. 16 måtte mannskapet forlate skuta. 15 minutt etter sokk den i posisjon 67.40 nord og 28.20 vest. Ombord var det 494 klappmyss og ein isbjørn.

Mannskapet frå «Polheim» vert fordelt med 8 mann på «Gjallarhorn», 3 på «Ishavet» og 3 på «Vesterisen».