Polstjerna

Utfyllande opplysningar

«Polstjerna» vart levert frå verftet i februar 1949 og går straks etter på sin første selfangsttur. Fangsten gjekk svært bra, og dei kom heim med ein fangst på 3610 sel. Etter dette var skuta på selfangst kvart år fram til 1981. På denne første ishavsturen bergar «Polstjerna» mannskapet på «Ægir» som forliste i Vesterisen 23. april.

  1. desember 1952 går «Polstjerna» seg på grunn ved Vestervåggrunnen. Dei var på veg tilHonningsvåg for å levere sild. Ved å lette skuta med å flytte nota over på «Harmoni» greidde lokalrutebåten «Hornøy» å drage dei av igjen.

I 1971 vert gangane på «Polstjerna» bygde igjen og nytt rorhus kjem på plass i 1974.

I 1980 plukka «Polstjerna» opp mannskapet på «Polarfangst» då denne gjekk ned i Vesterisen.

Siste turen på selfangst vart i 1981.

I 1982 er «Polarfangst» i teneste som bruksvakt. Arktisk Foreining tok over skuta i 1981. Dei komande åra var skuta i bruksvakta og i turistsamanheng.

I 2003 vert «Polstjerna» sett på land i tørrdokk ved Polaria i Tromsø og det vart bygd permanent hus kring skuta.

Litteraturhttps://www.ishavsmuseet.no/produkt/torstein-arisholm-vi-sku-prove-nakka-nytt/