Ragnvald Jarl

EigarLars Haastad m.fl., Ålesund
1888 Brødrene Kraasby
1894 Walter Wellmann, amerikansk journalist og polforskar
Fartytypeskonnertbrigg
HeimehamnÅlesund
Byggeverftskipsbyggmeister Carl Joachim Haasted sitt Skudvigens Skibsværft på Aspøya i Ålesund
Byggeår1873
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår75,6 fot
Mål i lengde etter ombygging98,2 fot
Mål i breidde, byggeår23,6 fot
Mål i djupne, byggeår11,2 fot
Tonnasje186 brt
Maskin, ny1889 damp 22 hk
SkipperarEmil Pedersen (1888)
Ombyggingar Verft1889 forlengd, påsett ishud og innsett motor
ForlistForliste ved Svalbard 1894
Utfyllande opplysningar

Eit namnebrett frå båten vart funne igjen ved Julianehaap på Grønland 1921.

Walter Wellman og «Ragnvald Jarl»

(Utdrag frå artikkel av Gunnar Ellingsen i Isflaket nr 4-2012)

Den amerikanske journalisten Walter Wellman (1858-1934) gjorde fire mislukka forsøk på å kome seg til Nordpolen, først to gonger ”til lands” over polisen og deretter to med luftskip. Den første av desse ekspedisjonane hans starta frå Ålesund 24. april 1894 med skuta ”Ragnvald Jarl”. Opphavleg var 16 personar med i Wellman sitt følgje – derav fem amerikanarar, ein brite og ein svenske. Dessutan var sjølvsagt skutemannskapet under kommando av skipsførar Johannes Bottolfsen om bord. Mellom dei sistnemnde var to brør frå Enokgarden i Indre-Hovden, 36 år gamle Johan Nikolai og den fem år yngre Enok Olai Hovde. Truleg hadde i alle fall Johan vore med mannskapet på ”Ragnvald Jarl” tidlegare også, for denne skuta hadde tidlegare vore på bottlenosefangst (jf. nedanfor), og Johan og Enok sin yngre bror Knut Petter skreiv i eit slektsnotat i 1942 at ”Johan reiste meget som bestman, smed og skytter på Buttlenosfangst og hadde elles egen motorbåt for torskefiske.”

”Ragnvald Jarl” var opphavleg ein skonnertbrigg som vart bygd i 1873 ved skipsbyggmeister Carl Joachim Haasted sitt Skudvigens Skibsværft på Aspøya i Ålesund for eit partsreiarlag på åtte ålesundarar. Mellom desse var den utflytta ørstingen Johannes Amundson Aarflot som var bokhandlar – og no altså ein åttandedels skipsreiar. Til vanleg hadde skuta eit mannskap på åtte personar.

I 1888 vart båten seld til Brødr. Kraasbye som også heldt til i Ålesund og vart utrusta til bottlenosefangst i Nord-Atlantaren som det første fartøyet frå byen. Året etter vart ”Ragnvald Jarl” forlenga, fekk sett på ishud og vart ombygd til dampskip. Det vart prøvd med meir kvalfangst, men etter kvart vart båten dyr i drift og vart difor seld til Walter Wellman i 1894.

Til vanleg vart ho ført av Emil Borch Pedersen, men på Wellmannekspedisjonen var han med i ekspedisjonsfølget som islos.

Søndmørsposten hadde fleire notiser kring ”den amerikanske nordpolsekspedisjon” som avisa kalla det måndag 19. mars 1894. Då fekk lesarane vite at ”Rangvald Jarl”, ei nemning som avisa brukte nokså konsekvent seinare også – altså ikkje ”Ragnvald Jarl, vart sjøsett denne dagen etter å ha vore omhyggjeleg reparert og pussa.

            Måndag 2. april fortalde avisa at det førstkomande fredag skulle kome 50 hundar som skulle vere med det som no vart kalla ”Den Wellmannske ekspedition”. Utrustinga til ferda skjedde no i Ålesund, der også Wellman var, men dei fleste ekspedisjonsdeltakarane skulle kome om bord i Tromsø.

            I ein notis torsdag 12. april stod det at fleire av dei som skulle vere med Wellman, var i Ålesund no. Det stod også at dei førnemnde hundane, 53 i talet, no var komne og var plasserte på Flatholmen ”hvor de faar bevæge sig i frihed, saavidt pladsen tillader.” Mange nyfikne ålesundarar var der for å sjå desse dyra: ”De saa dog lidet ekstraordinære ud.”

Søndag 22. april vart ein einaste lang fest for ”Den Wellmanske ekspedition”. Først var det dampskipstur til Hjørundfjord i strålande vêr, og særleg amerikanarane var svært oppglødde over den sunnmørske naturen.

Seinare var det fest på hotell Scandinavie i byen, ”hvor stemningen hele tiden var særdeles belivet.” Det var ei rad med talar, og under festen modellerte bilethoggar Jakob Fjelde ei vellukka byste av Wellman: ”Stemningen naaede ved dens fremvisning sit høidepunkt, og hr. Fjelde blev til belønning baaret paa guldstol.” Festen varte til 4-5 tida om natta, og mesteparten av festreferatet kom difor ikkje med i måndagsavisa, men til gjengjeld desto fyldigare i torsdagsavisa.

”Byen var flagsmykket”

”Ragnvald Jarl”, eller ”Rangvald Jarl” som Søndmørsposten framleis konsekvent kalla båten, forlet Ålesund klokka 16 tysdag 24. april: ”En mængde mennesker havde for anledningen samlet sig paa kaien, hvor et musikkorps spillede. Ved afgangen udbragtes hurraer og salutteredes. Byen var flagsmykket. – Alle var enige om, at ”Rangvald Jarl” tog sig udmerket du, da den i solskinnet dampede afsted. Ekspeditionens deltagere saa ud til at gå reisen imøde med godt mod.”

 Forlis ved Waldenøya

Etter å ha vore innom Tromsø, der fleire ekspedisjonsmedlemer kom om bord, kom ”Ragnvald Jarl” til Virgohamna på Danskøya på nordvestkysten av Svalbard 7. mai. Der vart det lagt proviant i fall det vart nødvendig med overvintring, og så gjekk skuta vidare nordover til Sjuøyane. Lenger var det ikkje råd å kome med båt, så 12. mai vart ”Ragnvald Jarl” fortøyd ved Waldenøya som er ei av dei sju øyane. To dagar seinare drog Wellman vidare med hundesledar, eit mislukka hjelpemiddel fordi han hadde med seg hundar frå Belgia som var så godt som ubrukelege i polare strok, og fleire av desse døydde eller måtte avlivast.

  1. mai vart mannskapet om bord i ”Ragnvald Jarl” overrumpla om natta av store mengder med is som ein kraftig storm hadde ført med seg, og i løpet av mindre enn ein time vart heile babord side på skuta pressa inn og fylt med vatn og isklumpar.

Utruleg nok fekk dei kontakt med Wellman og følgjet hans som hadde slite seg nordover i om lag to veker – rett nok utan å ha kome seg særleg langt. Følgjet slo leir der medan Wellman drog tilbake til Waldenøya for å sjå på dei triste tilhøva. Mannskapet hadde likevel så pass mykje proviant og utstyr elles, at Wellman valde å dra tilbake til ekspedisjonsdeltakarane sine og prøve å kome seg vidare i retning Nordpolen.

 

 

«

LitteraturIsflaket nr 4-2012