Raud

Eigar1907 ukjend
1915 A/S Sild og Sæl, (kjøpmann O.S. Solberg, Lavangen)
1920 Ibestad Sparebank
1923 A/S Sild & Sæl
Reg. merkeT 34 H (1920)
T 142 I (1923)
HeimehamnHarstad - Ibestad
ByggeverftStord
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår65,7 fot
Mål i breidde, byggeår18 fot
Mål i djupne, byggeår7,3 fot
Tonnasje45 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, nyBolinder 80 hk
SkipperarJ. Bendigsen (1918)
Ole Bendigsen (1916-1923)
Ombyggingar Verft1915 utrusta for selfangst
ForlistForliste i Nordisen 23. juni 1923
Utfyllande opplysningar

1915 ombygd for selfangst

Forliste ved Moffen 1923, mannskapet teke opp av «Fredrikke».

Før dei gjekk til Nordisen hadde skuta vore på fangst i Kvitesjøen. Men etter å ha lege fast her i 8 dagar i skruis fann dei det best å ikkje gå inn i isen igjen der, men heller prøve kobbefangst i Nordisen. Dei kursa for vestsida av Spitsbergen og nordover gjennom Forlandssundet. Nord for Spitsbergen vart dei innestengd av isen, og same kor dei stanga i råka nytta det ikkje, isen sette meir og meir saman kring om skuta. Til slutt var det berre kjølen igjen som var under isen, og dei sette plank på sidene så den ikkje skulle velte. Mannskapet ville prøve å få den lenger fram mot ei opa råk, og med hakker og spade kjempa dei lenge med å lage ei slags renne i isen. Dette fungerte og skuta glei ut i sjøen igjen. Dei rekna no med å vere fri frå isen, men isen kunne vere lunefull og isskruinga heldt fram og brått var råka borte.

Skuta stod no bom fast i isen, og denne gong hadde den fått skader av isen. Ein isklump hadde kome under skuta og heile propellsystemet var skada. Propellen stod på tvers!

Ein av dei som var med fortel: «Vi tok med oss dei to fangstbåtane og provianten vi hadde igjen. Skuta låg no høgt over isen, 3-4 kvartmil vest av Moffen.

Vi kunne ikkje gjere anna enn å vente på at isen skulle lage ei råk, men då isen løyste opp gikk «Raud» under og forliste.

Vi pakka det vi hadde berga av utstyr og proviant og begynte å drage fangstbåtane etter oss i retning til land. Av og til kom vi fram på ei råk så vi måtte ro over, og det tok vel 8 dagar før vi nådde land på Røde Bay og flytta inn i ei fangsthytte som stod der. Berre ein time seinare kom ei skute som var på egg- og dunfangst forbi, og vi bad om skyss til Green Harbourg. Dette fikk vi, og omlag eit døgn seinare kom vi fram. Her vart vi nokre dagar til Geofysisk Institutt sin båt «Fredrikke» kom innom og tok oss med attende til Harstad.»

«Raud»’s mannskap ved forliset i ishavet 1923

Skipper           Ole Kristian Hartvik Bendiksen

1.harpuner       Karl Jensen, Tromsø

  1. harpuner Jørgen Jensen, Tromsø

Maskinist        Ragnar Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn

Maskinass.      Arthur Johansen, Tennevold, Lavangen

Kok                 Odd Olsen, hamvik

Matros             Seberg Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn

                        Thoralf Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn

                        Andor Olsen, Seljestad, Harstad

                        Hans Olsen, Godfjord i Kvæfjord

                        Svend Bendiksen, Godfjord i Kvæfjord

 

LitteraturKristiansen: Ishavsfart frå Gratangen og Ibestad