Sæl

Andre namnVeidemann 1942
Eigar1917 Olaf Thorsen Nedrelid, Hjørungavåg
1923 DS Sæl AS, Vartdal (Elias Nærve, Elling Aarseth, Peder E. Aarseth og Olaf Th. Nedrelid). Kjøpt for kr. 65.000,-
1942 Statens krigsforsikring
1942 P/R Veidemann (Per Kvien og Rasmus Bjerknes, Vartdal) kjøpt for kr. 10.500,-
Reg. merkeM-35-HD
M-9-VD
HeimehamnHjørungavåg - Vartdal
ByggeverftGunvald Ottesens skipsbyggeri, Sagvåg på Stord
Byggpris150.000,-
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår94,4 fot
Mål i lengde etter ombygging104,3 fot 1939 - 111,8 fot 1942
Mål i breidde, byggeår21,6 fot
Mål i breidde etter ombygging22 fot 1939
Mål i djupne, byggeår9,85 fot
Mål i djupne etter ombygging10 fot 1939 - 10,3 fot 1942
Tonnasje124,26 brt 1917
138,85 brt 1939
151,71 brt 1942
Maskin, orginaltBrunholmens 130 hk
Maskin, ny1948 Crossley 300 hk
SkipperarPer Kvien (1942-)
Ombyggingar Verft1939 Reperasjon, forlengd og ombygd
1942 Grøtvågen verft, Kyrksæterøra, gjenoppbygging etter krigsforlis
1948 Nytt rorhus og skifte av maskin ved Hjørungavåg verksted
ForlistForliste i Vesterisen 27.mars 1951
Utfyllande opplysningar

 

I mai 1922 ble “Sæl” arrestert av russerne i Kvitsjøen, og låg i arrest i Arkangelsk i 2 månader, saman med fleire andre skuter.

I 1930 var “Sæl” på kombinert sel – og håkjerringsfiske i Stretet. Fangstresultatet vart 70 sel og heile 300 fat håtran.

I september 1940 gjekk “Sæl” på ei mine under seglas frå Namsos til Ålesund med trelast. Før dei gjekk nordover hadde dei fått ombord oversikt over minefelt langs kysten, men dei hadde ikkje fått oppdatert desse før dei kursar sørover igjen. Difor la dei seg etter lastebåten “O.C.” på veg sørover då dei rekna med at denne lastebåten, som kom ut Trondheimsfjorden, hadde oppdatert informasjon. Det var berre lov å segle når det var lys, og då det byrja å mørkne 5. september gjekk “Sæl” opp Blåskjerråsa for å ankre. Midt mellom Blåskjeret og Flatholmen gjekk “Sæl” på ei mine. Trelasten flaug over dei, men dei 5 i mannskapet var uskadde. Det vart store skadar på skuta, men den heldt seg flytande på trelasten. Folk i land såg kva som hende og kom fossroande ut i færingar og bergar mannskapet i land. M/S “O.C” av Oslo ville først  ta ombord havaristane, men heldigvis blei dei med færingen. Kort tid etter ble M/S “O.C” også minesprengt og kun 2 av eit mannskap på 7 blei redda.

Vraket av “Sæl” flaut i land i Storvika, og vart seinare slept til innsida av Aunøya.

I 1942 har partsreiarlaget Veidemann kjøpt vraket av “Sæl” og sleper det til Kyrksæterøra for oppbygging ved Grøtvågen verft. Skuta skiftar no namn til “Veidemann”, og vert heilt ny, det er nærast berre spanta att av det gamle.

6. mai 1944 går “Veidemann” i kjølvatnet av ein tysk konvoy sørover. “Veidemann” hadde akkurat starta på Hustadvika då engelske fly angreip konvoyen. Det eine flyet sende også ei salve mot “Veidemann”. Fleire av dei som var ombord vart trefte. Petter Buset, Vartdal og henning Røyset, Hareid, døydde av skadane, medan skipper Kvien vart skadd i ein fot.

I 1947 får “Veidemann” knust rorhuset i storm. Dette vert provisorisk reparert fram til skuta går gjennom ein del reperasjonar ved Hjørungavåg verkstad i 1948.

Under Strete-turen i 1950 får “Veidemann” øydelagt propellen. “Kvitungen” sleper “Veidemann” ut av isen der “Flemsøy” sleper dei til Island.

I Vesterisen 1951 slår propellen til “Veidemann” bort i ein isfot og maskina stoppa umiddelbart. Dei prøvar å starte att, og reknar med dei kan bruke den med sakte gange, men ei tid etter losna propellhylsa og skuta får kraftig lekkasje. “Kvitungen” som er i nærleiken vert varsla, men vil ikkje ta på seg slepeoppdrag ut av isen sidan dei ligg i god fangst. Det kjem heller ikkje positive svar på slepehjelp frå Noreg, så etter kvart må mannskapet forlate “Veidemann” og gå over på “Kvitungen”. “Veidemann” sokk ut på foremiddagen den 27. mars 1951.

 

 

LitteraturHareid Historielag, Hefte 6, 1980- Trygve Nordanger: "Lang Kyst"