Sjøblomsten

Andre namnSøblomsten
Eigar1905 Johan Sandvik og Paul Lillenes, Tjørvåg, og Hans Koppernæs, Ålesund
1915 A/S H. Koppernæs & Sønner, Ålesund
1919 P/R Sjøblomsten, Kristiansund (Gustav Nicolaisen, Jørgen Jørgensen, Jack Aass og Krohn Jarl Aass)
FartytypeKravellbygd Seglslupp
Reg. merkeM 106 K
HeimehamnTjørvåg - Ålesund - Kristiansund
ByggeverftHans Gravdal skipsbyggeri, Opsanger
Byggeår1905
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår73 fot
Mål i lengde etter ombygging88,7 fot 1912 - 95 fot
Mål i breidde, byggeår19,3 fot
Mål i breidde etter ombygging20,2 fot
Mål i djupne, byggeår8,3 fot
Mål i djupne etter ombygging8,8 fot
Tonnasje62,78 brt 1905
89,04 brt 1912
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1912 Aalesunds MV 75 ihk 2 syl. comp
SkipperarJohan Sandvik (1905-1908)
Paul Lillenes (1908-1915)
R. Otnes (1916)
Johan P. Brandal (1917-1918)
Remø (1919)
Ombyggingar Verft1912 forlengd og ombygd, sett inn maskin
1920 ombygd
ForlistForliste ved Kapp Kanin 30. mars 1927
Utfyllande opplysningar

“Sjøblomsten” var den første sunnmørsskuta som var spesialbygd med tanke på selfangst. Tidlegare var det isforsterka fiskeskøyter som var brukte. Første turen på selfangst var i 1905.

I 1906 Ålesund “Søblomsten” med eit mannskap på 10, retunerte til Ålesund med ein fangst på 1100 ungsel, 300 vaksne, 1 kvalross, 2 døde og1 levende isbjørn. Dette var beste fangsten som kom til Ålesund dette året.

Var saman med “Vesterisen” første skute som fangsta i Stretet 1908

Ingen hadde høyrt noko frå Danmark-ekspedisjonen etter at dei gjekk ut for to år sidan. “Sjøblomsten” “Havfruen” og “Vesterisen” får i oppdrag og prøve i lag og leverer post til Danmark-ekspedisjonen i 1908. Men kvar var dei? Fram til 2. juli hadde dei ikkje sett spor etter dei. Men denne dagen var skipper Peder Trandal og nokre av mannskapet på “Vesterisen” på land på Shannonøya. Her på eit depot for ein amerikansk ekspedisjon, finn dei ei melding om kvar danskane antakelig var å finne, og vidare ei melding som skulle sendast til Danmark, slik at omverda skulle få vite kva som hadde hendt så langt.

Først prøvde “Vesterisen” å gå nordover åleine for å levere posten, men måtte gje opp. Deretter prøvde dei på nytt i lag med “Havfruen” og “Sjøblomsten”. Dei var heilt nord til Kap Bismarcks odde på vel 77 grader nord. Leiren til Danmark-ekspedisjonen låg slik til at den var vanskeleg å oppdage frå sjøen, men frå tønna på “Sjøblomsten” oppdaga dei den 10. juli noko som kunne likne ei utkikstønne. Dei andre skutene vart varsla, og ein småbåt frå kvart farty rodde då i land og kunne konstatere at “Danmark” låg i ei bukt lenger inne. Skipperane på dei tre fartya, Peder Trandal, Paul Lillenes og Laurits Brandal tok deretter medposten og gjekk til leiren til fots. Komne fram fekk dei greie på at ekspedisjonsleiaren og to andre medlemar var døde. Dei hadde ikkje greidd å ta seg attende til hovudkvarteret etter ei utflukt. Danskane hadde leita og funne liket av Jørgen Brønlund, men ikkje av Mylius-Erichsen og Niels Peter Høeg Hagen. Resten av deltakarane var i grei form, og isen hadde begynt å gå opp kring “Danmark”. Såleis ville nok mest truleg danskane ha kome seg ut på eiga hand noko seinare. “Havfruen” var den første heim som kunne fortelje om Danmark-ekspedisjonen, til stor interesse frå både inn og utland. “Vesterisen” kom noko seinare med post frå ekspedisjonen, og i slutten av august kjem også “Danmark” heim til København. “Sjøblomsten” hadde med heim 1 levande moskuskalv, som vart seld til zoologisk have i København.

Den danske stat gav påskjøningar til både mannskap og skipperane på dei tre skutene.

Danskane sende ut ein ny ekspedisjon i 1909 med skuta “Alabama” for å finne ut kva som hadde skjedd med Mylius-Erichsen og dagbøkene hans. To av deltakarane drog ut på ein lenger leitetur våren 1910. Medan dei var borte sokk skuta “Alabama” i opplag. Mannskapet bygdå så ei hytte av vrakrestane. I von om hjelp etterlet danskane seg ei melding på eit depot om situasjonen for folket på “Alabama”. “7de Juni”-ekspedisjonen som i 1909-1910 overvintra 10 mil lenger sør fann denne meldinga i mai 1910. Dagen etter at “7de Juni” hadde forlate vinterkvarteret, møtte dei skuta “Laura”. Dei vart samde om å prøve å berge ut danskane. “Laura” greidde ikkje å kome seg gjennom isen, men skipper Vebjørn Landmark på “7de Juni” nådde inn til dei 5 danskane. Dei to danskane som hadde vore ute på leiteaksjon hadde etter mykje strev kome attende til Alabama-kvarteret i november 1910 og fann leiren tom. Då hadde kameratane drege derifrå med “7de Juni”. Dei var her i heile 1911 utan at nokon fann dei. Dei flytta då til Bass Rock litt lenger sør. Her budde danskane heilt til “Sjøblomsten” fann dei 17. juli 1912.

31. desember 1918 på veg inn frå sildefeltet på Trøndelagskysten går “Sjøblomsten” seg på grunn ved Melsteinen fyr. “Hugin” kom til og tok opp folket, men etter ei stund sokk “Sjøblomsten”. I mai 1919 vart skuta heva og ført inn til Kristiansund. Her vart skuta reparert ved Kristiansunds Baadbyggeri.

I 1927 gjekk “Sjøblomsten” frå Kristiansund den 17. februar, og var komne i isen 1. mars. Skuta var nesten fullasta då isen byrja å skru seg saman 28. mars. Dei låg ikkje så langt frå Kapp Kanin då dei vart skrudde opp på isen, og skuta byrja å ta inn vatn akterut. Alle pumper vart sette i gang, men vatnet steig. Isen pressa meir på, og vatnet steig raskt. Det var ikkje anna å gjere enn å pakke med seg proviant å forlate skuta. Naudsignalet vart heist, og “Driftig” som låg i nærleiken sende folk over for å hjelpe. Men det var ikkje råd å berge “Sjøblomsten”. Ein time etter at skruinga starta var skukta halv full av vatn. “Driftig” tok ombord folket, og då det lysna av dag den 30. april hadde skuta sokke med ein last på 2925 sel.

 

LitteraturJohan Ottesen: Ishavsskuter Richard Bergh: Ein gong ei ishavsbygd