Sjømøen

Andre namn | Anna 1888- Drivis (1928) |
Eigar | 1888 Hans Fugleberg, Ålesund 1912 Fugleberg & Tøsse, Ålesund og Hermann O. Sævik,Martin L. Sævik, Paul O. Sævik og Olai N. Sævik, Herøy 1909 Fugleberg & Tøsse, Ålesund og Hermann O. Sævik,Martin L. Sævik, Paul O. Sævik og Olai N. Sævik, og Kristoffer Voldsund, Herøy 1911Herman O. Sævik, Oskar O. Sævik, Paul O. Sævik, Kristoffer Voldsund, Thomas Voldsund og Fugleberg & Tøsse. 1916 Fugleberg & Tøsse, Ålesund 1916 P/R v/Bernhard Petersen, Stønesbotn 1917 Bernhard Petersen og Victor Corneliussen 1922 Disponering overtat av Hans Jensen, Tromsø 1923 Hans Jensen, Tromsø 1924 Sverre Strøm, Tromsø 1927 Alfred Moe, Tønsvik og Johan Lauvold, Movik |
Fartytype | seglkutter |
Reg. merke | T-70-T T-126-TD |
Heimehamn | Ålesund - Tromsø |
Byggeverft | Vestnes |
Byggeår | 1888 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 57,7 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 65,6 fot 1911 - 65,9 fot 1927 |
Mål i breidde, byggeår | 16,8 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 17,4 fot 1911 - 18,1 fot 1927 |
Mål i djupne, byggeår | 6,4 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 7,0 fot 1911 |
Tonnasje | 27,94 brt 1888 47,31 brt 1911 60,23 brt 1927 |
Maskin, orginalt | Segl |
Maskin, ny | 1911 Alpha 4 syl. 28 hk - Avance 60 hk 1924 (?) |
Skipperar | Kristoffer Voldsund (1910-1915 Viktor Korneliussen (1923) Sverre Strøm |
Ombyggingar Verft | 1910 ombygd til ishavsskute 1911 ombygd og innsett motor 1927 ombygd |
Forlist | Forliste i Kvitsjøen 18. mars 1928 |
Utfyllande opplysningar | Bygd for fiske i 1888. Ombygd for selfangst i 1909/10 og gjekk første turen på ishavet i 1910. Etter ishavsturen i 1911 vert den noko ombygd og får innsett motor. Den endrar no også namn til «Sjømøen». Med nye eigarar og ombyggingar i 1927 skiftar skuta igjen namn, no til «Drivis». I 1928 gjekk turen til Kvitsjøen på selfangst for «Drivis». 18. mars vert dei liggande faste i isen, fram til den dagen hadde dei fanga 112 sel. Utover dagen friskna vinden på til ein frisk kuling, og isen begynte straks å bevege på seg. Det vert brukt dynamitt på isen ved styrbord side for å «klippe vekk» stygge kantar langs skutesida. Skruinga aukar på, og isflaket dei hadde brukt dynamitt på pressa no inn styrbord side. Dei som hadde frivakt og var i lugaren, var så vidt dei kom seg opp, nokre av dei berre delvis påkledde. Isen gjekk no tvers over heile forskipet. Skuta krenga over til styrbord og vert hengande med akterenden oppe på isen. Dei greidde likevel og berge noko proviant frå eit rom under brua. Men dei i mannskapet som no stod på isen i tresko og utan trøye og vottar, måtte klare seg med det. Nokre hundre meter frå havaristen låg «Veiding» og «Håkon» som delte mannskapet. |