Skandfer
Eigar | 1912 Karl Hansen m.fl., Skånland 1916 Harald Hansen m.fl 1918 Søren Ditlefsen, Langsund, Karlsøy 1923 Oluf Olsen og Ole Willumsen, Balsfjord 1935 Oskar Holtan, Tromsø, Helge og Øystein Jakobsen, Tromsdalen 1956 Elias Trætten, Maursund, Skjervøy |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | T 4 K T 33 B T 140 TD |
Heimehamn | Karlsøy - Balsfjord - Tromsdalen |
Byggeverft | Skandfer, Kulstadsjøen, Vefsn |
Byggeår | 1912 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 52 fot |
Mål i breidde, byggeår | 17,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 7,6 fot |
Tonnasje | 36 brt 38 brt |
Maskin, ny | 1920 Bolinder 40 hk 1941 Wichmann 100 hk |
Skipperar | Bersvensen (1940) Alfon Sebakk Øystein Jakobsen Hilmar Henriksen Elias Trætten |
Ombyggingar Verft | 1941 utvida dekkshus |
Kondemnert | Kondemnert 1962 |
Utfyllande opplysningar | Erstatningshurtigrute september 1941 til oktober 1944. Hadde sertifikat for 15 passasjerar. Sysselmannsbåt i 1949. Slutt på ishavsdrifta i 1956, og dreiv no med fiske og fraktfart. Søkkt ved Maurneset i Nordreisa. (utdrag av artikkel av Magnus Sefland i Isflaket nr. 4-2009) MS Skandfer vart bygt i 1912 og overlevert til tingarane Karl Hansen m.fl., Tovikstrand i Skånland, i januar 1913. Skuta målte då 56 fot og hadde ein Bolinder på 40 hk. Skuta var tiltenkt namnet Ulabrand, men av ukjend grunn fekk ho namn etter båtbyggjaren sjølv: Skandfer. Det siste var ikkje heilt eineståande. Skandfer vart brukt til fiske ved Lofoten, Finnmark og på felta ved Bjørnøya. I ishavsfangst veksla skuta mellom Kvitsjøen, Austisen, Nordisen og Vestisen. Dei første åra hadde skuta fleire skiftande eigarar. Då systemet for fiskeriregistrering vart innført i 1920 høyrde skuta heime i Karlsøy og fekk merket T 4 K. Etter tvangsauksjon i 1921 høyrde skuta heime i Balsfjord med registreringa T 33 B. I 1936 tok Øistein Jakobsen, Helge Jakobsen og Oscar Holtan i Tromsø/Tromsdalen over skuta, og ho fekk registreringa T 140 TD. (Helge Jakobsen var også kjend som stortingsmann for Venstre i Troms i 1960-åra). I 1938 vart Skandfer ein del ombygt på Gibostad, og i 1940 fekk ho ny motor, ein tosylindra Wichmann diesel på 100 hk. I 1936 tok Øistein Jakobsen, Helge Jakobsen og Oscar Holtan i Tromsø/Tromsdalen over skuta, og ho fekk registreringa T 140 TD. (Helge Jakobsen var også kjend som stortingsmann for Venstre i Troms i 1960-åra). I 1938 vart Skandfer ein del ombygt på Gibostad, og i 1940 fekk ho ny motor, ein tosylindra Wichmann diesel på 100 hk. Sommaren 1945 vart Skandfer leigt av marinen til diverse oppdrag med opprydding og forsyning på Svalbard, Bjørnøya og norskekysten. I 1947 var skuta igjen på fangst i Austisen, og i 1948 vart ho forlengd frå 51 til 60 fot. Sommaren 1949 gjorde Skandfer teneste som sysselmannsbåt på Svalbard. Skandfer var ikkje den einaste av ishavsskutene frå erstatningsruta som gjorde teneste for sysselmannen. I 1947 var Maiblomsten i same tenesta. Håkon Balstad var sysselmann i perioden 1945-56. Første åra etter krigen arbeidde han hardt for å få eit høveleg tenestefartøy. Stadig leige av ledige fiskebåtar og ishavsskuter vart litt for tilfeldig. Leige av Skandfer i 1949 var ein overgang til permanent ordning med eigen båt. Den nye sysselmannsbåten vart bygt i Drammen og fekk namnet Sysla. Men på den tid fanst det eit norsk handelsfartøy som allereie bar namnet Sysla. Derfor vart namnet på sysselmannsbåten etter eit par år endra til Nordsyssel. Båten var i drift som tenestefartøy til 1978 (Nettstad). Skandfer og dei andre ishavsskutene heldt knapt mål som tenestefartøy for sysselmannen. Balstad sjølv treivst godt om bord i Skandfer. Han tilpassa seg vel dei heller spartanske forholda om bord. Men kona til sysselmannen, Liv Balstad, kjend forfattar, syntest ikkje noko særleg om ei trong ishavsskute med motordunk og sterk lukt av diesel, spekk og blod. Sysselmannen sine klede måtte luftast i dagevis etter at han hadde vore på tokt med Skandfer. I 1955 vart Skandfer seld til Elias Trætten i Skjervøy. Skuta fekk fiskerimerket T 20 S. Ho gjekk ut av teneste som ishavsfartøy og vart brukt mest i fiske og frakting. I dei åra Elias Trætten hadde skuta vart ho mykje brukt i frakting av kol frå kolkrana i Tromsø til distrikta i Troms. Elias Trætten døydde i 1962. Dødsfallet markerte også slutten for Skandfer. Året etter vart skuta kondemnert og søkkt ved Maurneset ved innseglinga til Reisafjorden. Karin Trætten Nyvoll er dotter til Elias Trætten. Ho og familien hennar har framleis skipsrattet frå Skandfer på veggen heime i stova i Maursund i Skjervøy |
Litteratur | Isflaket nr 4-2009 |