Søndmøringen

Eigar1912 Hans Koppernæs, Ålesund
1918 A/S H. Koppernæs & Sønner, Ålesund
1939 Andreas Klungsør m.fl., Tjørvåg
1940 A/S Skåreholmen (Einar M. Gaard) Haugesund
1941 Johs Skjold, Haugesund
1946 Statens krigsforsikring
1946 P/R Andreas Klungsør og Andreas Moltu, Tjørvåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 122 A
M 73 HØ
R 53 SE
M 349 HØ
HeimehamnTjørvåg - Ålesund - haugesund
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår93,7 fot
Mål i lengde etter ombygging1946 93,7 - 1956 96,2 fot
Mål i breidde, byggeår21,3 fot
Mål i breidde etter ombygging1946 21,5 fot - 1956 22,5 fot
Mål i djupne, byggeår9,9 fot
Mål i djupne etter ombygging10,5
Tonnasje122,82 brt
135 brt
Maskin, orginaltRoenborg MV 105 ihk damp
Maskin, ny1947 Wichmann 175 hk (1938 mod) - 1952 240 hk Hjelset
SkipperarJohan Sandvik (1912-1916 og 1919-1929)
Peder Andresen (1917-1918)
Martin Berg
Arnulf Sandvik (1948-1962)
Ombyggingar Verft1945 Stord mek reperasjon av maskin
1947 Grøtvågen verft, Kyrksæterøra, nyoppbygd etter krigsforlis, maskin montert på Smedvik i Tjørvåg.
1952 skifte av motor
1954 oppbygd akterut ved Kirksæterøra skipsverft
1956 ny baug ved Hellandsjøens slipp, Hemnskjel
ForlistForliste i Vestisen 24. mars 1962
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1912. Omtala som det største skip i selfangstflåten då den var ny.

21, februar 1945 ligg “Søndmøringen” ved kai på Stord mek verksted for reparasjon av maskin og kjel. Medan dette arbeidet pågjekk kom allierte fly frå 235 skvadronen i Skottland på tokt langs norskekysten. 12 fly gjekk til åtak på båtane ved Stord. “Søndmøringen” fekk fleire treff akter og i maskinrom. Skuta sokk på 6-7 favner djup. I 1946 vart båten seld slik den låg på botnen, heva og sett i stand.

Tilbake på selfangst i 1947. Frå 1948 til 1952 hadde den mange oppdrag på Aust-Grønland for NANOK.

23. mars 1962 under fangst i Vesterisen vert “Søndmøringen” liggande fast i isen. Dagen etter får dei laus skuta og dei starta med å gå ut av isen for å gå lenger aust. Under arbeid med å kome ut av isen om kvelden 24. mars vert dei atter faste i eit større isbelte. Det viste seg uråd å få ho tilbake og eit stort flak kjem drivande å råkar skuta i framkant av båtdekk på styrbord side. På babord igg det is heile vegen med eit stort flak om akterenden. Skruinga i isen hadde ikkje stått på lenge før maskinisten kjem fykande på dekk å melder om lekkasje så kraftig at maskinlensene ikkje tek unna. Det vart straks gitt ordre om å sette fangstbåtane på isen, saman med redningsflåtar og proviant. Vatnet steig hurtig, og ikkje lenge etter stogga både hovudmaskin og hjelpemotor. Det gjekk under 20 minutt frå lekkasjen vart oppdaga til skuta gjekk ned. Det vart teke kontakt med hjelpeskipet “Salvator” som straks sette kursen mot havaristen. “Rundøy” var i nærleiken og vart også kontakta. Skipperen der sende folk i retning “Søndmøringen”. Skipper Sandvik var siste man som forlet “Søndmøringen” og han rakk ikkje å avklare om havaristane ville ta seg fram til “Rundøy” eller til “Polaric” som viste seg å ligge enno nærare. Men “Polaric” vart varsla av “Rundøy” om kva som stod på. Mannskapet på “Søndmøringen” sette kurs mot “Polaric” der dei kom fram kl. 22.00. Her vert dei i omlag eit døgn til “Salvator” når iskanten og hentar det forliste mannskapet ut med helikopter.

Sprang lekk under gange i isen og forliste. Mannskapet tatt opp av bergingsbåten Salvator” og bragt til Island.

 

LitteraturBerg: Ein gong ei ishavsbygd