Svalbard

Andre namnSvalen 1920 - Lyn 1926 - Blåis 1948
Eigar1921 A. Andreassen, Larvik
1926 Kristian Roth, Sandefjord
1927 Sysselmannen på Svalbard
1939 Johs. Olsen, Tromsøya
1953 Gunnar Johnsen, Tromsdalen
Reg. merkeT-82-TD (1948)
HeimehamnTromsøysund
ByggeverftBrødrene Markussen AS, Lyngør
Byggeår1920
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår47,45 fot
Mål i lengde etter ombygging48,4 fot 1948
Mål i breidde, byggeår16,25 fot
Mål i breidde etter ombygging16,4 fot 1948
Mål i djupne, byggeår6,85 fot
Mål i djupne etter ombygging7,6 fot 1948
Tonnasje20,37 brt 1920
20,48 brt 1941
27,66 brt 1948
Maskin, orginaltmotor 30 hk
Maskin, ny1926 27 hk Rap
Utfyllande opplysningar

«Svalbard» var første gang på selfangst i Nordisen i 1947. Fangsten vart på 40 snadd. I åra framover er skuta å finne i områda rundt Nordisen og Austisen.

Men skuta hadde alt lang fartstid på Svalbard. Den hadde vore sysselmannsskute for Sysselmannen på Svalbard sidan 1927. Det var Sysselmannen som gav den namnet «Svalbard». Før dette gjekk den under namnet «Lyn» i transport rute mellom Gøteborg og Oslo, hovudsakleg med blomsterpotter. Men under ein slik tur fatta tollvesenet mistanke, og ved kontroll i Oslo fann dei to hemmelege sprittankar brukt til smugling. Båten vart inndregen og overført til Sysselmannen.

Johannes Olsen skiftar i 1948 namnet på skuta til «Blåis», og fangar 85 kobb, 2 levande og 3 døde isbjørn i Nordisen. Under dette namnet går Gunnar Johansen, som vert ny eigar av skuta i 1953, på selfangst kvart år til 1958. Siste turen har han 20 storkobb og 17 døde isbjørn.

Skuta vert kondemnert i 1963.