Sylphide

Eigar1889 M. Wiig, Bergen
1904 H. Koppernæs, J.A.J. Øvre, Lars Bakke, Johan Frantsen, Ålesund
1916 Harald Landmark Henriksen, Johannes Leborg og Trygve Mollestad, Ålesund
Fartytypegaleas
HeimehamnÅlesund
ByggeverftRosendal
Byggeår1889
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår80,3 fot
Mål i lengde etter ombygging80,9 fot
Mål i breidde, byggeår21,8 fot
Mål i breidde etter ombygging22,2 fot
Mål i djupne, byggeår8 fot
Mål i djupne etter ombygging8,3 fot
Tonnasje81,64 brt 1889
77,85 brt 1903
95,08 brt 1913
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1913 Haugesund MV 2 syl. comp. 80 ihk
SkipperarJohan Frantsen (1903-1906-1913-1914)
Johan K. Kvitnes (1917)
Ivar Wartdal
Ole J. Sætre (1920)
Ombyggingar Verft1903 ombygd frå jakt til galeas
1912 Florvågs skipsverft, Ålesund, ombygd med mellom anna ny akterende.
1913 Risøens verksted, Haugesund, ny dampmaskin
ForlistForliste i isen 13. juli 1920
Utfyllande opplysningar

Frå ca. 1890 var skuta eit fast innslag på bottlenosefangst. Frå 1913 er den også registrert med selfangst, men det er truleg ikkje før i 1917 det vert meir fast at den går på rein selfangst. I 1917 kom dei heim med 1800 sel.

2. juli 1920 kjem dei i fangst i Stretet då det bles opp til storm frå nordaust, og «Sylphide» går austover. 3. juli legg dei fast i eit flak og vert liggjande der då det natt til 4. juli kjem eit stort isflak og pressar i skutesida aktanfor maskinromet. Begge sidene av «Sylphide» vert no inntrykte med omlag 20 cm. Men det var ikkje verre enn at då skruinga gav seg så seig skuta på plass att og tetna. Noko seinare på dag prøver dei å bauge seg ut av isen. Isen er tett, og det går trått. Men natt til 5. juli slaknar isen ein del og det vert meir framdrift før isen set saman på nytt ut på morgonen. Ut på dagen er dei komne så langt at dei ser kanten. Lekkasjen er no ikkje verre enn at dei fortset å fangste både 5. og 6. juli. 7. juli går skuta ut for iskanten for å gå til Island for å tette lekkasjen. Men i sjøgang auka lekkasjen på, og 9. juli finn dei det tryggast å gå innatt i isen. Dei held fram med fangsten, men ut på kvelden 11. juli aukar brått lekkasjen på. Dei har problem med å halde skuta lens med dekkspumpene.

12. juli legg dei fast i eit isflak og fyller ferskvatn på kjelen, før dei går vidare, no i lag med «Veidemann». Natt til 13. juli stoggar maskina då propellen har slått i ein isfot. Akslingen som hadde vorte bøygd tidligare på turen er no så benda at dei ikkje får maskina rundt lenger. Då dei prøvar å rette den så går han rett av. Isen tetna til og «Veidemann» byrjar få hastverk med å kome seg ut og vekk i frå nokre svære isfjell. Dei vurderar situasjonen slik at dei ikkje kan ta på seg å slepe «Sylphide» i dei vanskelege isforholda. mannskapet på «Sylphide» nekta å vere att åleine dersom «Veidemann» gjekk frå dei, då dei var langt inne i isen og skuta lak kraftig. Det var ikkje anna å gjere enn å forlate skuta og berge seg ombord i «Veidemann».