Teddy

Fartytypeskonnert
HeimehamnDanmark
ByggeverftBrevik
Byggeår1918
ByggematerialTre
Tonnasje155 brt
Maskin, orginaltLysekil/Skandia
SkipperarF. Hansen (1922)
Bistrup (1923)
ForlistForliste Søraust-Grønland 1923
Utfyllande opplysningar

Mannskapet var sakna på Aust-Grønland 1923-1924. Funne av Quest» i 1924, 21 mann i god behold ved Angmagssalik.

Dramaet i storisen.

 (Av Webjørn Landmark utdrag av artikkel i Isflaket 2009)

Ishavsmuseet har i sine samlingar eit gammalt brev frå Aust-Grønland. Brevet er over 80 gammalt og har noko å gjere med boka  «Dramaet i storisen» av Peter Tutein som kom ut på Nasjonalforlaget i 1947.

Peter Tutein var ein dansk ungdom på 21 år som hadde fått plass som fangstmann i Østgrønlands Handelskompani med kontrakt på to år. Dei reiste med ”Teddy” for overvintring i 1921. Dei budde i området på rundt 75 graders nordleg breidde på Kapp Borlase Warren i den nordlege delen av Gael Hamkesbukt. Tre kameratar tett i lag i to år. Dei hadde to ”naboar” 50 km nord for seg og tre 50 km sør om seg. Åtte mann på seks breiddegrader. Tutein fortel knakande godt om miljøet i fangsthytta, kameratskap og krangling. Eg ser så levande for meg frustrasjonen når leiarbikkja har ete opp desserten av potetmjøljamning og raud fruktfarge på julaftan.

 

  1. juli 1923 kjem skuta ”Teddy” dampande for å hente dei med ”den hostende astmatiske motoren”. – Den burde hatt invalidepensjon, den hadde talefeil, dårlig gang og både haltet og hikket. På tomgang hørtes den ut som kåtheten selv, men så snart propellen ble koblet til ristet den hysterisk. Da ville den tas fra hverandre og kjæles med, helst i 24 timer.

 

Den 9. august 1923 forlet dei kysten, og etter berre to timar stoppa motoren. Det skulle bli mange stopp ut gjennom isen, og når motoren først ville gå, så var isen så tett at dei hadde lite framdrift. Heile veka mens dei låg faste gjekk forresten motoren som ei klokke. Men så snart isen slakna, ville den ikkje meir. Dei vart faste igjen. 21 mann på ei lita skute. Faste og åleine i isaudet på Aust-Grønland. Dei såg lita berging med å gå i båtane, dei var i så dårleg stand at dei ville trakke gjennom dei om dei freista å prøve. Det vart isen som vart deira berging. Eit stort isflak ved sida av skuta. Håpet er å la seg drive nedover mot Angmagssalik og gå over isen inn til land der. Dei budde på flaket ei tid. Når dei endeleg får take solobservasjonar, viser det seg at dei har drive for langt, og ein hard kamp startar med å gå mot straumen igjen nordover og inn til land. Det skulle bli ei ferd på 1000 km før dei igjen skulle sjå andre folk. Komne nesten inn til kysten, kjem dei ut i ei sterk isskruing.

Når 21 mann står så nær døden, er der 21 ulike måtar å sjå den i augene på. Flak som var fleire meter tjukke reiste seg på høgkant å tok ryggtak med kvarandre. Dei kjempa ein kamp på liv og død med å kome seg unna. Dei drog på tunge sjølvsnikra sledar med det nødvendige av utstyr og proviant. Dei tek seg inn på eit lite skjer, og dei   jublar. Sør for dei låg den breie Sermiligak-fjorden, så kom Angmagssalik-fjorden og først på den andre sida der igjen kunne dei regne med å finne folk. Ein ny hard og lang marsj venta dei. Stormane herja, og provianten minka. Tilslutt slår 18 mann leir på ein liten holme, og tre mann blir sende av garde etter hjelp. I mange døgn slit dei, går gjennom is og forfrys beina. Primusen vert tom og det vert provianten og. Dei er i ferd med å gi opp og grave si eiga grav i snøen då dei brått ser ein mann langt framme. Omsider greier dei å nå han igjen og tek seg inn til ein eskimobuplass. Dei 18 andre på skjeret var også blitt redda. Ein isbjørnjeger hadde tilfeldig kome over dei og kort tid etter var alle igjen samla.

Her vert dei buande med eskimoane i 7 månader. Dei fekk vere med på eskimoisk bursdagsfeiring og etargilde så dei heldt på å sprekke. Å få lese om Justus-Nikolaj sin bursdagsfest skildra av Tutein er fantastisk lesnad. Dei fekk treffe Fredrik, ein eskimo som hadde fått seg ei skjorte frå ei norsk ishavsskute, denne var det kjæraste han eigde, skjønt det no var berre kragen og nokre få knapphol igjen. Men den vart omhyggeleg avlusa kvar kveld. Fleire av besetninga rakk også eit par romansar med dei søte eskimojentene. ”Teddy”s besetning var i følgje Tutein populære mellom både unge og gamle.

Så ein dag får dei auge på eit skip langt ute i isen. Dei kunne sjå det i fleire timar før det snudde og forsvann før dei. Om kvelden kom ein av eskimofangarane heim til kolonien. Han hadde hatt kontakt med skipet og levert dei eit brev om dei 21 forliste som hadde budd vinteren over i kolonien. Dei hadde skrive mange slike brev og fordelt dei mellom fangarane nettopp med tanke på slike hendingar.

Denne fangaren hadde så med brev tilbake frå det som viste seg å vere skuta ”Hvitefjell” med skipper Bertel Chr. Landmark. I brevet stod å lese at han ikkje kunne avbryte og gå til unnsetning no, men kome inn å hente dei når fangsten var over. Om han hadde kontakt med andre skuter som var ferdige før han, skulle han sende inn den.

Det vart ”Quest” med skipper Ludolf Schjelderup som kom inn å henta dei. Eit år etter at ”Teddy” kom inn til kysten for å hente dei som hadde overvintra kjem dei seg endeleg ut av isen og kursar mot Island. Du føler gleda i lag med Tutein når han beskriv opplevinga med å kome på hotell på Island å få vaska seg og få nye klede, sjølv om han var svært så bekymra når dei fekk beskjed om å stille seg i kø framfor karet og såg ho som kom med skurebørste i eine handa og ei skål grønsåpe i den andre.                                     

Dette brevet som landfangaren gav til ”Hvitefjell” og skipper Bertel Chr. Landmark finst i dag i original stand på Ishavsmuseet. I brevet står å lese; Der befinder sig 21 danske forliste søfolk Teddys’s besetning i kolonien Angmagssalik. Hvis det er mulig, da søg snarest Forbindelse med Kolonien. Der vil med Kajakmand blive forsøgt forbindelse med Dem for at medgive Dem Post til Danmark.

«

LitteraturPeter Tutein: Dramaet i storisen