Trygve

EigarHåkon Jensen, Gratangen
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 64 I
HeimehamnIbestad - Gratangen
ByggeverftSaltdal
Byggeår1913
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår50,6 fot
Mål i lengde etter ombygging54 fot
Mål i breidde, byggeår17,7 fot
Mål i djupne, byggeår7,6 fot
Tonnasje32 brt
Maskin, orginaltBolinder 40 hk
SkipperarL. Johansen (1917)
Ingv. Johannessen (1918)
Håkon Jensen (1922-1923)
ForlistForliste ved Edgeøya 22. august 1923
Utfyllande opplysningar

I 1922 oppbrakt og fråteken fangst av russerane i Kvitsjøen.

I 1923 gjorde skuta først ein tur til Kvitesjøen, og deretter sette den kurs for isen aust for Svalbard. Dei hadde med eit ungt mannskap på denne turen, skipperen var sjølv berre 26 år, skyttarane 30, men blant resten av mannskapet var 18 år gamle Peder Bergstad eldstemann. Dei fanga først litt storkobb ved Hopen før dei la kursen nordover til austsida av Svalbard. Her jakta dei sel og kvalross og skaut to store isbjørn. Åtte isbjørnungar hadde dei fanga levande. Sist i august var dei komne til Kvitøya. Derifrå gjekk dei mot Kong Karls Land og vidare mot Blåfjorden på Edgeøya. Men her fekk dei problem med isen og skuta vart skrudd opp på isen. Dette var ikkje uvanleg, men verre var det at dei hadde mista halve propellen i skruinga. Etter ei tid kom dei til at det beste nok var å forlate skuta, og dei to 16 fots store fangstbåtane vart klargjort. Proviant og utstyr vart tatt med ombord. Dei måtte snart gje opp forsøket på å berge begge båtane, og utstyret vart lasta over til den eine. Å drage med seg båten over skrugardar var tungt, men dei måtte prøve å kome ut i ope vatn. Etter eit blodslit på tre døgn kom dei til ei landråk der dei kunne kvile ei tid. Tre mann gjekk opp på ein fjelltopp der for å sjå seg rundt , men dei såg berre is så langt dei kunne sjå. Skipper og skyttarane hadde ein liten konferanse, og vart einige om at:

«om det ikke fantes nogen anden utvei, så måtte de selfølgelig bli enige om at skyte hverandre! Det var siste løsning»

Men karane var heldige, landråka vart så brei at dei kunne starte å ro sørover. Dei stoppa først på Ryke Yse-øyane då dei såg ei overvintringshytte der. Men hytta var ikkje brukbar då alt av inventar var knust. Det bar så vidare sørover til Negerpynten, men hytta der var også ubrukeleg. Dei ror vidare mot Tusenøyane, men undervegs ryk det opp til SW sterk kuling og dei må i land på ei av øyane. Her kvelva dei fangstbåten og murar stein rundt han så pass at dei har eit lite krypinn. Dei er no utslitne og svoltne og treng noko å spise. Ein av karane går ut på fuglejakt, men kjem attende med ein isbjørnunge. Kjøtet gjekk rett i gryta, og dette kom vel med etter åtte døgns blodslit. Neste morgon bar det vidare til Kvalpynten. Her finn dei noko matrestar, og siste del av isbjørnen vert spist i stor fart, det hastar med å kome vidare før neste storm kjem.

Dei starta å ro over Storfjorden, eit strekk på 10 mil, og sjølv om det var blikkstille var det eit vågestykke for dei ni mennene, då fangstbåten var lasta til ripa. Straks dei nådde land på andre sida av fjorden rauk det opp til SW kuling.

No stod den verste etappa att. Planen deira var å ta seg over fjellet til dei svenske gruvene i Van Mijenfjorden. Etter omlag 10 timars mars var dei framme etter eit slit på skaresnø som ikkje bar dei. Dei kom ned til fjorden, og etter ei stund såg dei ein lastebåt på veg inn fjorden. Dei skaut varselskot, men til inga nytte. Dei tok så til å gå innover fjorden, dei hadde stor tru på at redninga var nær. Etter nokre timars marsj såg dei gruvebyen, og kort tid etter møtte dei på nokre svenskar som var ute på jakt. Det forliste mannskapet måtte no overbevise svenskane om at dei verkeleg hadde forlist. Då dette var klarlagt fekk dei god behandling av svenskane og etter to dagar fekk dei skyss med ein kolbåt til Harstad.

Kort tid etter at «Trygve» forliste ved Edgeøya vart den funnen drivane av ei anna skute frå Tranøy. Dei sette slepar på den og to mann ombord då skuta såg heil ut. Men etter nokre få timar slep tok ho inn så mykje vatn at slepet måtte avbrytast og skuta sokk halvvegs mellom Svalbard og Norge. Isskruinga hadde likevel tatt knekken på «Trygve».

LitteraturKristiansen: Ishavsfart frå Gratangen og Gamle Ibestad