Veslekari (I)

Eigar1919 A/S Freda, Oslo (disp. av Winge & Co., Oslo v/Halfdan og Peter Bugge)
1927 D/S Furenak A/S v/Elling Aarseth
1949 D/S Furenak A/S v/Paal Aarseth
FartytypeSelfangar
Reg. merkeK 5 K (1920)
O 5 O (1925)
M 20 VD (1927)
HeimehamnKristiania - Vartdal
ByggeverftChr. Jensen, Vollen i Asker
Byggpris996.000,-
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår125,1 fot
Mål i lengde etter ombygging134 fot
Mål i breidde, byggeår27 fot
Mål i djupne, byggeår14,5 fot
Mål i djupne etter ombygging17,2 fot
Tonnasje282 brt
310 brt
Maskin, orginaltSkiens Verksteder 357 hk (kolfyrt til 1945, olje 1946-49)
Maskin, ny1949 Crossley 600 hk
SkipperarJohan Olsen (1920)
Paul Lillenes
Hans Rekdal
Johan P. Brandal
Olaf Lillenes
Einar Liavåg
Alfred Barmen
Per Kvien (1952)
Arnleif Liaseth
Vebjørn Landmark
Anton Sulebakk
Peder A. Brandal (ved forliset)
ForlistForliste på Newfoundland 7. april 1961
Utfyllande opplysningar

«Veslekari» var ferdig og gjekk prøvetur den 8. mars 1919. Den var levert med kvalkanon forut og to botlenoskanoner akterut. I tillegg skulle skuta drive selfangst. Første turen på fangst gjekk i april 1919 til Vest-Grønland der dei skulle drive selfangst og vona på å kome fram på kval og bottlenose også. Fangst på denne turen vart 225 kvalross og 200 tønner spekk.

I 1920 på selfangst i Kvitsjøen og kom heim med 5000 sel.

”Veslekari” var truleg det mest sterkbygde ishavsfartøy av tre i Noreg, etter polarskutene ”Fram” og ”Maud”. Med sin spesielle, avrunda baug var ho ikkje så lite av ein isbrytar. Skuta var tenkt til både sel og kvalfangar då ho vart tinga under oppgangstider under første verdskrig. Som ein følgje av dårlege konjunkturar etter krigen avvikla Winge ishavsdrifta i 1927. Elling Aarseth i Ålesund overtok ”Veslekari” og registrerte henne i Vartdal med merket M 20 VD. Johan Olsen frå Ålesund vart etter kvart den skipperen som var nærast knytt til skuta.

Selfangst i Kvitsjøen og Vestisen var årlege oppgåver for ”Veslekari”. I tillegg kom ei rekkje ulike ekspedisjonsoppdrag for både norske og utanlandske oppdragsgivarar. Mest kjende er ekspedisjonsturane for den amerikanske polar og havforskaren Louise A. Boyd. ”Veslekari” vart også nytta ved ei rekkje ettersøkings og bergingsaksjonar, m.a. ved ettersøkinga av Roald Amundsen i 1928 og ved evakueringa av mannskapet på Jan Mayen etter jordskjelvet i 1936.

Tidleg under andre verdskrig var ”Veslekari” sentral i fleire viktige krigshendingar ved Grønland og Jan Mayen. Særlig ekspedisjonsturane frå Island til Jan Mayen vinterstid var krevjande oppdrag. Skipper på desse turane var Johan P. Brandal. Seinare under krigen var skuta bergingsfartøy i Reykjavik. Mot sutten av krigen tok britiske styresmakter over skuta.

Forliste ved Twillingate på Newfoundland med 5600 dyr ombord. Mannskapet på 25 tatt opp av «Polarbjørn». Måtte gå vel ei norsk mil over isen etter livbåtkompass, fem timars marsj i kuling og snødrev.

I 1930-åra ei rekke ekspedisjonar for Louise Boyd. Fekk i 1933 ekkolodd som ei av dei første skutene. I 1940-45 i ei rekke oppdrag for Royal Navy. Var truleg med på å legge ut oljeleidningar i samband med invasjonen i Normandie. Var også på oppdrag for britane i områda ved Falklandsøyane.

Sommaren 1946 låg ho forsarva i opplag i Buckie i Skottland. Der henta eigarane henne, og ho kom til Ålesund 17. juli 1946

1925: Veslekari var i eige hos Skips AS Freda og disponert av Winge i Oslo. Byen skifte namn frå Kristiania til Oslo – Veslekari skifte fiskeriregistrering frå K 5 K til O 5 O.

Veslekari var på fangst i Kvitsjøen. Gjekk til Vardø for bunkring og ny tur i Kvitsjøen. Skipper Johan Olsen. Thor Iversen med som forskar.

Resten av året hadde noko preg av at skuta velta og fekk stor skade under slippsetjing ved Stormøllen i Bergen. Strid om ansvaret gjekk til Høgsterett, som frifann verkstaden.

1926: Veslekari var på fangst i Kvitsjøen. Skipper Anton Sulebak.  (Johan Olsen gjorde teneste som skipper på fiskerimoderskipet Helder ved Vest-Grønland).

Skips AS Freda gjekk konkurs om hausten.

1927: Veslekari vart seld frå Skips AS Freda, Oslo, til DS Furenak AS, Vartdal, ved Elling Aarseth m. fl. Ny fiskeriregistrering: M 20 VD. Fangst i både Kvitsjøen og Vestisen. Skipper Anton Sulebak. Om sommaren på sildefiske ved Island.

1928: Veslekari på fangst i Kvitsjøen. Skipper Hans Rekdal. Seinare på året leiting etter Roald Amundsen i området Bjørnøya – Svalbard. Toktleiarar Johan Olsen og Oscar Wisting, skipper Hans Rekdal.

1929: Veslekari: Om sommaren på ekspedisjonstur til Nordaust-Grønland for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU) og Arktisk Næringsdrift AS (AN). Skipper Hans Rekdal. Kjentmann, islos og styrmann Vebjørn Landmark. Ekspedisjonsleiar Anders K. Orvin.

Hallvard Devold med på utreise for overvintring. Fem av dei seks frå Hird-ekspedisjonen 1927-29 kom heim med Veslekari.

(NSIU var det statlege forskingsinstituttet, AN var eit privat kommersielt foretak. Fleire ishavsreiarar på Sunnmøre hadde aksjar i AN. Både forskingsinstituttet og det private foretaket vart etablerte i 1928 og hadde same kontoradresse i Oslo. Ekspedisjonen til Nordaust-Grønland var instituttet sin første meir omfattande ekspedisjon).   

1930: Veslekari var på fangst i Kvitsjøen. Skipper Paul Lillenes.

Om sommaren på ekspedisjonstur til Nordaust-Grønland for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser og Arktisk Næringsdrift AS. Ekspedisjonsleiar Adolf Hoel.

1931:  Veslekari. Veslekari var om sommaren på den første av fire ekspedisjonsturar i Norskehavet og til Aust-Grønland med Louise Arner Boyd. Skipper Paul Lillenes.

1932:  Veslekari var på fangst i Kvitsjøen. Skipper Paul Lillenes. Lillenes arrestert ei kortare tid av russarane for å ha vore innanfor konsesjonsgrensa (Porga-affæren).

1933: Veslekari var på fangst i Kvitsjøen, leverte fangst i Tromsø og gjekk deretter i Vestisen. Skipper Johan Olsen.

Om sommaren på ekspedisjon med Louise A. Boyd til Jan Mayen og Nordaust-Grønland. Skipper Johan Olsen. Fekk til sommarekspedisjonen montert ekkolodd.

”Veslekari” er den einaste ishavsskuta som har fått sin eigen biografi. Journalistane Einar S. Ellefsen og Odd Berset gav i 1957 ut boka Veslekari – En forteljing om is og menn. I både Ålesund og Oslo har restaurantar fått namn etter denne kjende skuta.

LitteraturEllefsen & Berset: Veslekari Isflaket fleire utgåver Ottesen: Ishavsskuter III