Veslemari (II)

Eigar1968 D/S Furenak A/S
1985 Inmacodoc Ltd, Isle of Man
Siste kjende eigar er Namibian Sea Products Ltd. Group of Companies
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 3 VD
HeimehamnVartdal
ByggeverftAteliers & Chantiers de Dunkerque et Bordeaux, Frankrike
Byggeår1968
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår119,85 fot
Mål i lengde etter ombygging137,9 fot 1977
Mål i breidde, byggeår26,8 fot
Mål i djupne, byggeår12,9 fot
Tonnasje323,62 brt 1968
382,13 brt 1977
Maskin, orginaltMaK 1500 hk 6 syl.
SkipperarJarle Sandvik
Ombyggingar Verft1977 forlengd ved Volda mek. Verksted, Volda
Utfyllande opplysningar

Ikkje mange ishavsskuter har vore bygde i Frankrike. Det vart «Veslemari». Den kom til Sunnmøre i mars 1968. Den vart straks gjort klar for selfangst i Vesterisen, då dei var forseinka frå verftet og ikkje rakk Newfoundland. «Veslemari» var bygd for fleire ulike fiskeri, den hadde kraftblokk og var bygd for linefiske ved Grønland med eignarhus rundt keisinga. I 1977 vert «Veslemari» forlenga i Volda der det vart sett inn kjøletankar i ein seksjon på 6 meter.

Skuta dreiv også fiske med ringnot utfor Afrika. Manglande konsesjon for ringnot i Norske farvatn, og stopp for selfangsten ved Newfoundland, gjorde at «Veslemari» låg mykje i opplag.

I 1985 vert det søkt om å selje skuta til Sør-Afrika, men dette var ikkje lett grunna dei pågåande handelsboikotten av Sør-Afrika. I staden vert det så søkt om å få selje båten til Isle of Man, dette går i orden, og kjøpar er Inmacodoc Ltd. Men då skuta vart levert gjekk den rett til Afrika, der den framleis, snart 30 år seinare, driv ringnotfiske og har same namnet på skutesida. Eigar er Namibian Sea Products Ltd. Group. (2012)

1982 saman med «Melshorn» og «Polarstar» siste norske skute som fangsta ved Newfoundland

Driv framleis (2021) ringnotfiske frå Namibia.

LitteraturIs, skuter og folk, Ottesen: Skuter på selfangst Isflaket